• Blogg
  • Fyller biblioteket med humor og kreativitet

Fyller biblioteket med humor og kreativitet

05.04.2019

The Librarians

Fyller biblioteket med humor og kreativitet

Korleis kan ein skape ein sosial og kreativ møteplass for alle på biblioteket?
Bli med inn på Meieriet bibliotek på Vestvågøy.

Tekst: Kristin Beyer Granhus og Unni Kasteng-Jakobsen, Meieriet bibliotek
Foto: Meieriet bibliotek

Vi er samla rundt kaffikoppen ein måndag morgon på biblioteket. Helga gjekk forbi med to på jobb laurdag. Dei melder om kul på veggane under lunsjkonserten på biblioteket scene, ungdommar som spelte kort i eit hjørne og ikkje ville gå ved stengetid, og ei busslast amerikanske turistar som snakka heim over nettverket vårt. Dei melder om eit hus som aldri søv.

Kaffikoppen på måndag morgon er ei drivkraft. Det ligg superkrefter i kvar dråpe. Og mot. Praten rundt kaffien viskar ut grensene for kva vi kan fylle lokala med, kven vi kan invitere og korleis vi kan engasjere ein stadig aukande følgjarskare til å bruke oss aktivt. Leiaren sit midt i gruppa, ho er med på notane. Det har vist seg å vere nyttig – ein sjef som heiar på det vi gjer (så lenge vi ikkje grusar budsjettet). «Therese, eg må ut i eit ærend. Eg har ein avtale med ein hest», seier arrangementsansvarleg. «Så lenge du er tilbake til møtet vi har med DJ Runar, så er det greitt», svarer bibliotekleiaren. 

Img 0982
I 2017 flytta Meieriet bibliotek på Vestvågøy ut av mørke, avgrensa lokale i rådhuset og inn i eit renovert industribygg som ein gong i tida var meieriet i bygda.

Vegen fram til i dag

I 2017 flytta Meieriet bibliotek på Vestvågøy ut av mørke, avgrensa lokale i rådhuset og inn i eit renovert industribygg som ein gong i tida var meieriet i bygda. Vestvågøy kommune ligg midt i Lofoten, og har som den einaste kommunen i øyriket ei stigning i folketalet. Kommunesenteret Leknes haustar mykje kritikk for å være bondsk og harry, men unge gründerar samt politikarar med tru på utvikling har sakte snudd trua på at vi har eit godt kommunesenter. Midt i Leknes sentrum ligg Meieriet kultursenter. På den korte tida senteret har vore i bruk, har det blitt eit kulturelt kraftsenter. Det er høgt under taket på mange måtar i det gamle industribygget. 11 000 innbyggarar i kommunen har fått ein møteplass dei aldri har hatt før. Vi som til dagleg arbeider her yter vår skjerv til at Meieriet blir ein heilt unik, kreativ smeltedigel. Bygget rommar i dag kino, kulturskule, fritidsklubb, galleriutsal, kafé og ikkje minst biblioteket – som vi skamlaust kallar hjartet i huset.

Og nettopp her er vi ved kjernen av vår (sjølvutnemnde) suksess. For i tillegg til å drive bibliotek etter den utvida biblioteklova, der vi skal ha stor vekt på rolla som møteplass og arrangementsarena, driv vi biblioteket med hjartet på rette staden – med andre ord i den utstrekte handa. Meieriet bibliotek har seks faste tilsette som bur i kvar si lomme av dette hjartet, og vi fyller alle funksjonen vår som til slutt får hjartet til å slå høgt nok til å nå langt utover kommunegrensa. 

Img 0242
Frå eit arrangement med mellom andre psykolog Peder Kjøs, kjend frå den norske dokumentarserien Jeg mot meg.

Sosiale medium

Meieriet bibliotek var tidleg ute på sosiale medium. Der er vi rause, uhøgtidelege, morosame, inderlege og lette å kjenne att. Fylgjarane våre har lært seg til å vente det uventa, så då vi tok sjølvaste nordavindsblåsten i bruk og filma teppet ved inngangsdøra som letta frå golvet i trekken, blei det vår mest delte og likte sak på Facebook. Vi slang på ein tekst frå 1001 natt, om flygande teppe, for å knyte det opp mot litteratur. På den måten fekk vi merksemd både som formidlarar og humoristar. Vi har generelt låg impulskontroll når det gjeld innfall vi potensielt kan feste til kameralinsa og dele med verda. Trikset er å legge kjensler i det vi gjer og å vise fylgjarar at det står vanlege menneske ved roret på #verdensbestebibliotek.

Sommarles, Maker Space og Med andre ord

I dag er vi kanskje mest stolte av den enorme oppslutninga vi har fått omkring Sommarles, eit nasjonalt kjent tiltak for å auke leselyst for born. Saman med borna i kommunen sørga Meieriet bibliotek for at Vestvågøy fekk pallplassering i Nordland fylke som eit av 30 deltakande bibliotek. Det grøne Maker Space-rommet (eller på godt norsk: hobbyromet) vi har i emning, er fylt med all slags «godteri» for den kreative. Symaskiner, 3D-printer, tekstilplottar og mykje meir. Det viser allereie eit potensial til å bli eit rom som femnar breitt. Favorittbiten i twistposen for biblioteket er den årlege forfattarsamtalen Med andre ord, som har fått merksemd i fagmiljøa nasjonalt. 

Attende til kaffikoppen

Kaffikoppen denne måndagsmorgonen er tom og vi tar ideane med oss ned til kontorpulten. Nokre idear endar på harddisken og dei evige jaktmarker, andre blir berre tull, men dei beste blant ideane får vekse seg sterke og bli til gull. Frukta, eller gulleplet, fra denne måndagen blei spiren til ein idé om å sette tabu på dagsorden. Den tar vi med oss videre. Den skal få heidersplass våren 2019. Vi veit ikkje heilt kva han skal innehalde enno. Det einaste vi veit, er at tabu skal knusast. Og at vi kanskje skal skrive ei russelåt.