Grammatikkopplæring med variasjon!
21.09.2022
Vi treng grammatikkunnskapar for å ha eit språk til å snakke saman om språk, og eit omgrepsapparat for å kunne diskutere grammatikk.
Tekst: Reidun Kydland
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden
Eit kjerneelement i norskfaget er at elevane skal kunne «leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar». Dette inneber at elevane skal få både kunnskapar og ferdigheiter, og det blir peika på nokre metodar for arbeidet. Her er nokre råd til arbeidet med grammatikk:
- Det er viktig å bruke varierte metodar i grammatikkopplæringa. Å fylle ut eit ferdig bøyingsskjema må ikkje vere den dominerande arbeidsmåten, det er heller ikkje så motiverande for elevar. For mykje «skjemaoppstillingar, utfyllingsoppgåver og drill» gjer at verken grammatikkundervisninga eller nynorskopplæringa blir relevant, spennande eller utviklande (Søfteland, 2021).
- Grammatikkopplæring må ikkje vere eit ansvar for sidemålsopplæringa aleine, det trengst meir grammatikkopplæring i heile skoleløpet. Grammatikk bør ein arbeide med også på hovudmålet, eller tverrfagleg med engelsk, andre framandspråk og andre morsmål. Sterke verb finst ikkje berre i nynorsk!
- Elevane har ein innebygd grammatikk, dei veit kva som er rett og gale, utan at dei nødvendigvis kan seie kvifor. Det er lurt å bruke elevane sitt eige talemål som utgangspunkt for å arbeide med grammatikk.
- Arbeid samanliknande med bokmål, nynorsk, talemål, engelsk – og alle andre språk. Kva er likt, og kva er ulikt?
- Trekk inn grammatikkspørsmål i samband med tekstarbeid, enten det gjeld skriving av eigne tekstar eller lesing. Vel engasjerande tekstar.
- La elevane få arbeide induktivt og undersøkande med grammatikk, og la dei forske på språk. All språkleg variasjon er ein ressurs, og språk er dynamiske. Det er eit mål at elevane skal bli meir medvitne om korleis dei sjølve og andre bruker språk på ulike vis.
Desse kompetansemåla i norsk etter 10. klasse er relevante:
- bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar
- utforske språkleg variasjon og mangfald i Noreg og reflektere over haldningar til ulike språk og talespråkvariantar
Vidare lesing:
Blikstad-Balas, M. og Roe, A. (2020). Hva foregår i norsktimene? Utfordringer og muligheter i norskfaget på ungdomstrinnet. Universitetsforlaget.
Søfteland, Å. (2021). Nynorskopplæring med utforskande tilnærming til grammatikk. I K. Kverndokken, J.O. Bakke og I.B. Budal (red.). 101 grep om grammatikk – om språket som system og språket i bruk. Fagbokforlaget.