• Blogg
  • Grej of the day i nynorskopplæringa

Grej of the day i nynorskopplæringa

10.05.2022

Bok paa 123 ti ville til nettside

Grej of the day (GOTD) er eit svensk fenomen som er funne opp av læraren Micael Hermansson, og som vert mykje nytta i undervisninga. Ein kan nytte GOTD i nynorskopplæringa uavhengig om det er sidemål, hovudmål eller om eleven lærer nynorsk som innvandrar.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal

Opplegget eignar seg frå 5.–7. trinnet til vaksenopplæringa og høgare utdanning/lærarutdanning.

Grej of the day-metoden har tre ulike delar: hint, kort presentasjon, undring og attforteljing. Grej of the day startar med ein minileksjon på maks ti minutt om eit tema. Denne leksjonen kan leggast fram gjennom ein lysbiletpresentasjon. Dagen før leksjonen vert elevane gjevne eit hint om kva dagens «grej» er, til dømes «personen er kjent for eit nei». Leksjonen startar med at elevane gjettar seg fram til kva temaet er. Læraren gjev så ein kort presentasjon av temaet, og elevane får i oppgåve å fortelje om denne «grejen» til ein annan person, som familie eller ein venn. Såleis høver GOTD også som ein del av heimearbeidet. Erfaring syner at GOTD engasjerer!

Ein kan velje at læraren gjev eit nytt hint, eller at klassen utarbeider eigne GOTD med hint, kort presentasjon, undring og attforteljing. Elevane kan skrive ned stikkord frå andre sine GOTD med handskrift i ei skrivebok eller digitalt. Her kan ein også integrere nynorskgrammatikk i skriveopplegget. Som lærar er du ein rollemodell også innanfor opplæring i nynorsk. Alt kjekt i undervisninga kan ein gjere på nynorsk!

Eit anna tips er å nytte eit geografisk kart som syner kor «grejen» finn stad. Ein kan skrive ut eit bilete av tingen, laminere det og bruke høge teiknestiftar og raud ulltråd til den geografiske staden på kartet frå biletet. Slik lærer ein også geografi.

Målet er at leksjonen skal vere engasjerande, kortfatta og lærerik. Det skal vere ein oppsiktsvekkande faktor over temaet og presentasjonen i leksjonen. Målet er god nynorskopplæring og læreglede! Vi ønsker ein skule fylt med god kunnskap og positive kjensler.

Aktuelle emne om og/eller på nynorsk som kan fungere i GOTD

Språk

  • Nynorsk
  • Ivar Aasen
  • Jamstillingsvedtaket
  • Norsk Målungdom
  • Ordbøkene.no

Forfattarar

  • Maria Parr
  • Erlend Skjetne
  • Lars Mæhle
  • Kari Stai
  • Ida Neverdahl
  • Jon Fosse
  • Olav H. Hauge
  • Aasmund Olavsson Vinje
  • Aslaug Vaa
  • Tarjei Vesaas
  • Halldis Moren Vesaas

Artistar

  • Odd Nordstoga
  • Ingebjørg Bratland
  • Synne Vo
  • Gåte

Speleliste med nynorske songar

Nynorske sakprosabøker

Bøker som kan presenterast som GOTD

  • Vaffelhjarte
  • Tonje Glimmerdal
  • Skammarens dotter
  • Grøss og gru-bøkene

På Nynorskbok.no finn du omtalar av barne-og ungdomsbøker

Tips til nynorske kjelder

Opplegg frå Nynorsksenteret med Grej of The Day som metode:

Bok paa 123 10 ville ekspedisjonar
Grej of the day: 10 ville ekspedisjonar

Tverrfagleg ressurs i samfunnsfag, norsk og engelsk for 6. til 9. trinn.