Bok på 1-2-3: 10 ville ekspedisjonar

Tverrfagleg ressurs i samfunnsfag, norsk og engelsk
6. til 9. trinn

Dette undervisningsopplegget til boka 10 ville ekspedisjonar er 11 korte leksjonar fordelte på 11 dagar. Ressursen er inspirert av den svenske læraren Micke Hermansson sin læringsmetode «Grej of the day». Målet med metoden er å gjere kunnskap kjekt og kult. Elevane får høyre om ekspedisjonar til månen, verdas høgste fjell, verdas djupaste havdjup og verdas djupaste grotte. Måla med dette undervisningsopplegget er at elevane skal lære om spennande ekspedisjonar rundt i heile verda frå dei siste hundre åra. Dei skal lytte til nynorske tekstar om desse ekspedisjonane, og dei skal fortelje munnleg om det dei har lært, når dei kjem heim. For kvar tekst har vi lagt inn eit forslag til ein filmsnutt som kan «hekte elevane på» emnet. Fleire av desse filmane har engelsk tale. Her får elevane trening i å lytte og forstå engelsk.

Boka 10 ville ekspedisjonar er skriven av Pia Strømstad og illustrert av Trond Bredesen.

Læringsmetode: «Grej of the day»

Tre trinn: 1) Hint 2) Kort presentasjon 3) Attforteljing

Metoden går ut på at kvar dag startar med ein mikroleksjon om så å seie kva som helst. Dagen før får elevane eit hint om kva som er tema dagen etterpå, til dømes «He had a wonderful dream» dersom teamet er Martin Luther King.

Leksjonen startar med at elevane gjettar seg fram til kva som er temaet denne dagen. Læraren gir elevane ein kort presentasjon av temaet, og elevane får i oppgåve å fortelje om det dei har lært, til ein dei er glad i, når dei kjem heim. Når leksjonen er ferdig, får elevane hintet om temaet for neste dag.

Her kan de sjå Micke Hermansson sjølv fortelje om metoden:

  • Dag 1: Førebuing til prosjektet

    Fortel elevane at vi kvar skuledag i 10 dagar framover skal starte dagen med å bli kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra. Menn og kvinner som har målt krefter med naturen og med det ukjende. Det var ikkje alle som nådde målet. Heller ikkje alle kom heim.

    Bok paa 123 ti ville

    Heng opp verdskartet (og månen) i klasserommet

    Vedlagt finn de eit stort verdskart de kan skrive ut på fire A3-ark. Dette kartet kan de henge opp på oppslagstavla i klasserommet. Litt lenger borte kan de henge opp ei utskrift av månen. Kvar dag plasserer de dagens ekspedisjon på kartet.

    Når klassen har gjort klart kartet, månen og overskrifta for prosjektet på oppslagstavla, får dei hintet for den første ekspedisjonen dei skal få høyre om neste dag: Han reiste med noko som likna ein agurk.

  • Dag 2: James Cameron si reise 10 000 meter under havet

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 2:44)

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «10 000 meter under havet» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser James Cameron og ekspedisjonen hans på verdskartet.
    Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.
    Hint for neste dag: Dei såg ei blå klinkekule.

  • Dag 3: Den første månelandinga

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 2:15):

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «Førstemann på månen» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Neil Armstrong, Buzz Aldrin, Michael Collins og ekspedisjonen deira på verdskartet. Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: Send eit papirfly frå vest til aust langs verdskartet på veggen.

  • Dag 4: Amelia Earhart flaug jorda rundt

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 1:53):

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «Jorda rundt i eit fly» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Amelia Earhart og ekspedisjonen hennar på verdskartet.
    Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: ein heliumballong.

  • Dag 5: Alan Eustace og verdas høgste fallskjermhopp

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 4:40):

    Her er ein kortare versjon:

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «Ein dagstur til stratosfæren» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Alan Eustace og ekspedisjonen hans på verdskartet.
    Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: 8848 meter.

  • Dag 6: Apa Sherpa har vore 21 gonger på toppen av verdas høgste fjell

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 2:04):

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «På toppen av verdas høgste fjell» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Apa Sherpa og Mount Everest på verdskartet.
    Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: ein månad under jorda.

  • Dag 7: Gennadij Samokhin i verdas djupaste grotte

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du utdrag frå filmen. Filmen er 27 minutt lang, så det kan vere lurt å vise nokre korte utdrag. Filmen viser ikkje den aktuelle ekspedisjonen, men han er frå ein annan ekspedisjon Samokhin hadde til Krubera-grotta, og viser litt korleis det er å vere på ekspedisjon djupt inn i ei grotte

    Forslag til utdrag:
    4:45–5:45 (ein klatrar ned i grotta)
    15–16:30 (leirlivet i grotta)
    18:25–20:30 (Ein dykkar inn i grotta)

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «Verdas djupaste grotte» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Gennadij Samokhin og ekspedisjonen hans på verdskartet.
    Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: ni tjukke trestokkar, surra saman med tau.

  • Dag 8: Thor Heyerdahl reiste på ein open flåte over havet

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen:

    (tid: 2:28 Trailer frå filmen 2012)

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «På ein open flåte over havet» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Thor Heyerdahl og reisa med Kon-Tiki ekspedisjonen på verdskartet. Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: å leve med King Kong.

  • Dag 9: Dian Fossey og livet hennar med gorillaer i Rwanda

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 1:39):

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «Å leve med gorillaer» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Dian Fossey og nasjonalparken til fjellgorillaene i Rwanda på verdskartet. Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: nordover med Fram.

  • Dag 10: Fridtjof Nansen og draumen om Nordpolen

    Før lesing

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 05:00): Fridtjof Nansens Nordpolferd – NRK

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet «Draumen om Nordpolen» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Fridtjof Nansen og ekspedisjonen mot Nordpolen på verdskartet. Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

    Hint for neste dag: aleine i ein liten båt på stort hav.

  • Dag 11: Ellen MacArthur reiste jorda rundt aleine i ein seglbåt

    Start økta med å la elevane gjette seg fram til kva som er temaet, ut frå hintet dei fekk dagen før. Når dei har gjetta ei stund, viser du denne filmen (tid: 3:07):

    Under lesing

    Deretter les de saman kapittelet: «Jorda rundt aleine i ein seglbåt» frå boka 10 ville ekspedisjonar. Dersom du som lærar les for elevane, kan du la dei sjå boka på storskjerm medan du les.

    Etter lesing

    Plasser Ellen Mac Arthur og ekspedisjon hennar på verdskartet.
    Gje elevane i oppgåve å fortelje om ekspedisjonen til nokon dei er glade i, når dei kjem heim.

Læringsmål frå kjerneelement i læreplanar

Norsk

  • Elevane skal lese og lytte til tekstar på nynorsk og bokmål for å oppleve, bli engasjerte, undre seg og lære.
  • Elevane skal få positive opplevingar ved å uttrykke og utfalde seg munnleg. Dei skal presentere og fortelje, spontant og munnleg.

Samfunnsfag

  • Elevane skal kunne hente og bruke informasjon frå ulike typar historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege kjelder.
  • Elevane skal forstå korleis samanhengar mellom geografiske, historiske og notidige forhold har påverka og påverkar menneske og samfunn.
  • Elevane skal forstå ulike perspektiv på kva eit godt liv kan vere.

Engelsk

  • Språklæringa skjer i møte med engelskspråklege tekstar. Tekstbegrepet blir brukt i vid forstand og omfattar også engelskspråklege filmar.

Andre aktivitetar

Podkast
Elevane kan lage podkast om dei ulike ekspedisjonane.

Skriv oppsummerande setningar
Elevane kan skrive oppsummerande setningar om kvar ekspedisjon.

Lag ei kunnskapsrik utstilling for resten av skulen
Del elevane i grupper, og la kvar gruppe lage illustrerte læringsplakatar om kvar sin ekspedisjon. Bli einige på førehand om kva som bør vere med i læringsplakatane. Lag ei utstilling av læringsplakatane saman med kartet frå klasserommet. Heng utstillinga opp i fellesområdet på skulen.