• Blogg
  • Håheim skriv gripande om eteforstyrringar

Håheim skriv gripande om eteforstyrringar

24.10.2024

Marianne Clementine Håheim til nettsidejpg

Marianne Clementine Håheim har skrive dikt sidan ho var lita. 

Ein knyttneve av ei lyrikkbok skaffa debutanten ei mengd bokmeldingar, og ho vart omtalt som landets rockepoet. Sidan gav Marianne Clementine Håheim ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, som lærer oss mykje om livet med eteforstyrringar. 

Tekst og foto: Heidi Fagna

kjærleiken er ingen leik 

for faen 

(Utdrag frå eit dikt i Bilydar

Håheim debuterte med lyrikkboka Bilydar i 2012, og diktsamlinga hausta mykje skryt. 25 år gamle Håheim vart omtalt som landets rockepoet, og ho fekk skryt for å vere både kul og talentfull. Dikta heng rytmisk og tett saman. Dei er gode. Og vonde. Her er eit «eg» og eit «du», og me er med gjennom forelsking og forhold og brot. Her er råskap og sinne og kjærleik og bråe kast. Her er rikeleg rom for tolking og refleksjon.  

Sjølvbiografisk om eteforstyrringar

I 2015 kom den første romanen til Håheim, Svart Belte. Boka gir oss innsikt i eit liv med eteforstyrringar, og ho viser både oppturane og nedturane. Den 13 år gamle hovudpersonen vert forelska i ein vaksen mann, og samstundes vert ho merksam på sine eigne feil og manglar. Allereie på side 10 kastar ho opp. 

 Første gong eg kastar opp, er det mest for å sjå om det går, fingrane i halsen er forslag til ei løysing. Eg er på jobb og brukar ti minutt på å brekke meg tørt og vondt over toalettet i gangen. Bitar av pasta og heile maiskorn beviser at eg kan få det til, den plutseleg mjuke kroppen ber lovnad om at det kan bli godt. Eg innser at det ikkje er vanskelegare enn dette: Viss eg tek tak og dreg av alle krefter, vil eg måtte sjå annleis ut etterpå. Ein annan kropp er noko nytt, og dermed verdifullt. 

Frå Svart belte 

Der Bilydar hentar mykje frå Håheim sitt eige liv, er dette endå tydelegare i Svart belte. Hovudpersonen heiter Marianne og kjem frå Håheim, og forfattaren kallar det ein sjølvbiografisk roman. 

 – Eg ville skrive veldig ærleg om korleis det kan opplevast å ha eteforstyrringar. Eg har hatt både anoreksi og bulimi, og eg ønskte å skrive det så levande som eg kunne, for å gjere det lettare å forstå. Eg ville vere heilt open, både om det fine, det vonde, det gode og det ekle. Det er mykje skam og tabu knytt til eteforstyrringar. Eg ville skrive det som er sant, seier Marianne Clementine Håheim i podkasten Bakom boka. 

Svart belte har allereie vorte analysert i fleire masteroppgåver. I 2019 leverte Ida Bakkejord Vinne oppgåva med tittelen «Forslag til ei løysing». En analyse av Marianne Clementine Håheims Svart belte i et didaktisk perspektiv.  Ho bruker 50 sider på å analysere boka og å tilrå ho i norskundervisinga på vidaregåande skule. 

Treffer ungdom med vakse tema

Marianne Clementine Håheim har sanka mykje skryt for bøkene sine. I 2017 fekk ho Bjørnsonstipendet på 25 000 kr, som kvart år går til ein ung forfattar som det vert knytt store forventingar til. Tidlegare døme på prismottakarar er Karl Ove Knausgård, Gunnhild Øyehaug og Carl Frode Tiller. 

I 2021 gav Håheim ut romanen Plikt, om ein ung mann som flyttar frå byen til heimbygda når faren døyr. Han tek over garden og sauene, og passar dei etter beste evne. Nok ein gong viser Håheim ei ny side av seg sjølv som forfattar. Dette er ei roleg bok, og stilen er udramatisk, sjølv om det som bivrar under, er dramatisk. Denne boka har meir ein vaksen tematikk, men også her har Håheim nådd ungdommar. Plikt vart nominert til elevprisen Gullkroken på Årstad videregående skole i Bergen. 

– Eg har fått tilbakemeldingar frå lærarar om elevar som identifiserte seg med hovudpersonen. Dei kjende seg att i presset som ligg i at ein skal lukkast, få gode karakterar og gjere foreldra stolte. Det synest eg er veldig kult. Ein treng jo ikkje å ha opplevd det konkrete i ein roman for å kjenne seg att i allmennmenneskelege problemstillingar, seier Håheim.