• Blogg
  • Ny teikneseriebok på nynorsk

Ny teikneseriebok på nynorsk

04.11.2021

Arild Torvund Olsen til nettside

Arild Torvund Olsen arbeider til dagleg ved Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. No har han gjeve ut si første teikneseriebok. Om alt går etter planen, kjem det etter kvart ein oppfølgjar til Katten og kråka.

Kan ein katt og ei kråke stoppe ein drake? Katten og kråka er ei teikneseriebok som passar for barn i alle aldrar.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden
Illustrasjonar er henta frå boka Katten og kråka, utgjeven av Überpress

Boka Katten og kråka har vorte til gjennom eit tett og godt samarbeid mellom Arild som har skrive teksten, Trine Lise Normann som har teikna, og Are Edvardsen som har laga skissemanus. Hovudmålgruppa for teikneserien er barn i alderen 8 til 12 år, men dette eventyret passar for alle som er glade i teikneseriar.

– Det byrja med at eg hadde lyst til å skrive ein teikneserie som var slik som eg sjølv kunne ha tenkt meg å lese då eg var på den alderen, og som eg kunne tenkje meg å lese no også for så vidt, seier Arild Torvund Olsen.

– Kvifor synest du det er viktig å gje ut teikneseriar på nynorsk for denne målgruppa?
– Nynorskbrukarane fortener å kunne lese alle slags tekstar på språket sitt. Særleg tekstar som ein sjølv oppfattar som rein lystlesing, som ein vil lese fordi dette er artig og spennande, seier han.

Handlinga

I teksten har Arild blanda inn element både frå eventyrsjangeren, historie og ting som folk trudde på før i tida. Etter eit vulkanutbrot i høglandet som førte til at avlingane svikta, måtte menneska flykte og bu ved kysten i fleire år. No skal både menneska og husdyra deira vende tilbake til borga si som ligg i høglandet. Det menneska ikkje veit, men som katten og kråka har oppdaga, er at det har flytta ein drake inn i borga. Dyra må leggje ut på ei farefull ferd for å forsøke å redde menneska.

Eg likte konseptet med at dyra oppdaga noko som dei ikkje klarte å formidle til menneska, fordi menneska ikkje skjønte åtvaringa deira, fortel Arild.

Han har alltid vore glad i teikneseriar som har dyr i hovudrollene. At det er ein katt og ei kråke som må samarbeide, er ikkje tilfeldig.

– Før eg byrja å skrive, tenkte eg på kva dyr eg liker, og kva dyr som er sjølvstendige og smarte nok til dette her. Då fall valet på katt fordi det er eit dyr eg liker veldig godt, og kråke fordi dei er litt lure og kan ta i bruk reiskapar i naturen, seier Arild.

Presse1 nett
Boka Katten og kråka har vorte til gjennom eit tett og godt samarbeid mellom Arild som har skrive teksten, Trine Lise Normann som har teikna, og Are Edvardsen som har laga skissemanus.

Samarbeidsprosjekt

Arild byrja å skrive på teksten om katten og kråka tidleg i 2019.

– Eg har lært at sjølv om det kan ta litt tid, er det veldig gjevande å arbeide med folk som kan ting du ikkje kan, og sjå korleis ein kan gjere kvarandre gode, seier han.

Då han skreiv dei første utkasta til manuset, såg han veldig tydeleg føre seg korleis det skulle sjå ut.

– Eg hadde sett føre meg eit draumebilete av korleis det kunne bli, men teikningane til Trine Lise er 100 gongar finare enn det eg greidde å sjå føre meg i hovudet, seier Arild.

Han legg til at Are som er animatør, veit korleis ein kan fortelje ting effektivt og visuelt.

– Vi hadde ein veldig god prosess att og fram som historia tente veldig mykje på, seier Arild.

I byrjinga av november vart Katten og kråka lansert på nynorsk. No er det planar om å omsetje boka til sørsamisk, etter kvart kan det også verte aktuelt å omsetje til fleire språk.

– Om alt går etter planen, kjem det etter kvart ein oppfølgjar til Katten og Kråka, seier Arild Torvund Olsen som allereie har byrja på manuset til bok nummer to.

Les intervju med Trine Lise Normann som har teikna Katten og kråka.

På teikneseriesidene til Nynorsksenteret finn du fleire tips.

Cordelia Ikon
Teikneseriar

Ressurssidene om teikneseriar inneheld nynorske teikneseriar, lærarressursar, undervisningsopplegg og serieskapartips.