• Blogg
  • Hei, havet! – Å bruke ei bok som utgangspunkt for ei samling

Hei, havet! – Å bruke ei bok som utgangspunkt for ei samling

22.12.2022

Hovudbilete Hei havet sept 22 til nettside

Mange samlingsstunder er etter ein mal som barnehagen har nytta lenge. Ofte fungerer det godt, og borna likar godt det føreseielege og trygge. Likevel kan det vere inspirerande og fornyande å prøve noko nytt, også når det gjeld samlingsstunda i barnehagen. Til dømes kan det å ta utgangspunkt i ei bok og kople på andre element som passar til temaet, vere ein god start.

Tekst: Hildegunn Hovde & Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

I september 2022 vart Forskingsdagane markerte over heile Noreg, og ved Nynorsksenteret nytta dei fagansvarlege for barnehage høvet til å lage eit arrangement for barnehagebarn. Problemstillinga var korleis ein kan bygge ei samling i barnehagen, knytt til tema i årsplanen, med vekt på høgtlesing, song og visuell utforming av rommet som skriftspråkstimulering. Resultatet vart ei samling på ca. 25 minutt, med rom for medverknad og rørsle. Arrangementet vart køyrt tre gonger, for tre barnegrupper. Nynorsksenteret deler opplegget til fri bruk i barnehagen. Det kan også overførast til andre tema og bøker.

1. Målgruppe og tema

Målgruppa for arrangementet var barnehagebarn i alderen 3–6 år, og temaet var havet.

Krabbekrise omslag

2. Bok

Med hav som tema, er det fleire gode bøker å velje mellom. Vi valde Krabbekrise (Folkestad) til høgtlesing, og bilete frå Bokstavsommaren (Osland/Belsvik) som ein del av den visuelle utforminga. Parallelt med at boka vart vist på veggen frå ein prosjektor, las vi frå den fysiske boka. Vi las boka slik ho er skriven, fordi borna då får høyre setningsoppbygginga og orda i skriftspråket. Andre bøker som kunne passe til temaet hav, var Den vesle blå haien (Vågnes/Duzakin), Konrad Kråkebolle (Dreyer/Møkleby) og BØ og BÆ til sjøs (Landström).

3. Songar, rim og regler

Kva songar, rim og regler kan passe til boka? Her praktiserte vi fri assosiasjon og drøfta utvalet opp mot kvar i boka det ville vere naturleg med lesestopp under høgtlesinga.

Ro, ro til fiskeskjer

Historia om dei tre små fisk

Rock n’roll, fiskeboll

Ro, ro, ro din båt

Vi seglar i ein båt

Stor bølgje, lita bølgje

Eg og du og vi to

Hoppe, sa gåsa (regle)

Hei havet barn sept 22 til nettside

4. Den visuelle utforminga av rommet

Klasserommet vi nytta til arrangementet, var stort og ope med kvite veggar og tak. Dermed var det ei enkel oppgåve å utforme rommet på ein slik måte at ein set ei stemning og stimulerer til samtale og undring. Vi skreiv ut sider frå boka Bokstavsommaren på veggar, golv og tak, og skjel, krabber og blå teppe vi seinare nytta til songen «Stor bølgje, lita bølgje», vart nytta som scenografi. Vi nytta også fleire konkretar knytte til både hav og boka Krabbekrise, som fiskestong med raud klesklype, flaskepost og plakat. Desse vart brukte til dramatisering og ville i ein barnehage vore tilgjengelege for leik i etterkant av samlinga, saman med sjølve boka. Krabbekrise vart projisert på veggen, etter løyve frå forlaget sidan dette var eit offentleg arrangement. Den visuelle utforminga av rommet opna for medverknad frå barna til dikting av songtekst («kva ser vi no?»), og ho skapte rom for undring og samtale undervegs i samlinga, men også etter samlinga var ferdig.

IMG 2731

5. Praktisk gjennomføring og tips

På Nasjonalbiblioteket sine sider finn ein ei rekke nynorske barnebøker som egnar seg godt til projisering på vegg eller lerret, for dei barnehagane som nyttar det. Hugs å lese skriftnært, og bruk god tid på å sjå på illustrasjonane. Ved å sjå og høyre skriftspråket, vil barna få god kjennskap til nynorsk, og dette legg eit viktig grunnlag for den fyrste lese- og skriveopplæringa. Ved å vise boka på eit lerret eller vegg kan ein ha høgtlesing for heile avdelinga eller førskulegruppa. Men opplegget kan også nyttast med berre papirboka, og da kanskje med færre barn.

På nynorskbok.no finn du ei oversikt over biletbøker i nettutgåve.

Biletboker
Nynorske biletbøker på nett

Her finn du eit stort utval av nynorske biletbøker du kan lese gratis på nett.