• Blogg
  • Hilde Myklebust er gjest i podkasten Bakom boka

Hilde Myklebust er gjest i podkasten Bakom boka

23.09.2022

Hilde Myklebust til nettside

Forfattar Hilde Myklebust saman med nokre av dei 60 sauene hennar. Alle har namn, og ho
kjenner igjen kvar einaste.

Ho er open for ulike sjangrar og aldersgrupper, men å gi ut ei bok utan dyr er heilt
utenkeleg for Hilde Myklebust.

I podkasten Bakom boka kan du høyre eit forfattarintervju med Hilde Myklebust. Her finn du også ein eigen podkast om romanen Splintra.

Tekst og foto: Heidi Fagna

– Eg er oppvaksen på gard og har alltid hatt eit nært og personleg forhold til dyra. Eg kan lata att auga og sjå for meg sauer me hadde då eg var 5–6 år. Eg hadde både søsken og vener, men likevel vart dyra nære leikekameratar. Det å kjenna ein annan art personleg, det gjer noko med ein, seier Hilde Myklebust i ein ny episode av podkasten Bakom boka frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret).

Elskar naturen

Hilde Myklebust frå Syltedalen i Vanylven har gitt ut ni bøker, fordelte på fleire sjangrar: romanar, bildebøker og hjartebarnet lyrikk. Halvparten av bøkene er for barn og ungdom. I sommar gav ho ut den første ungdomsromanen sin, Splintra.

Felles for barnebøkene til Hilde Myklebust er at dei inneheld eit barn, nokre dyr og nokre trygge vaksne. Hovudpersonane er stadbundne og naturelskande, som forfattaren sjølv.

– Eg er oppteken av krinsløpet i naturen, og eg synest det er trist at mange lever fjernare frå naturen no enn før. Nærleiken til det som lever rundt oss, kan berike liva våre, seier Hilde Myklebust.

Splintra 1 653x1024
På Nynorskbok.no kan du lese omtale av Splintra.

Splintra

På forsommaren 2022 kom boka Splintra i butikkane. Det er den niande boka til Hilde Myklebust. Tidlegare har ho gitt ut bøker både for barn og vaksne, fordelt på fleire sjangrar: lyrikk, biletbøker og romanar. Denne gongen vart det ein ungdomsroman. Splintra har Hilde Myklebust bore i seg lenge. Boka bygger på sorg og tap frå hennar eiga ungdomstid.

– Mottakinga har vore nydeleg. Tilbakemeldingane har kome både frå unge og eldre. Det er tydeleg at ho òg kan treffa godt opp i alder. Og det er vel kanskje ikkje så rart, for alle har jo vore ungdommar ein gong, seier Hilde Myklebust.

I Splintra møter vi 15 år gamle Mia og vennene hennar. Boka startar sommaren etter ungdomsskulen, der livet består av fridom og moglegheiter. Men så kjem alvoret med hybel, ny og større bygd, sakn og sjukdom.

Hilde Myklebust i solveggen Foto Heidi Fagna
Hilde Myklebust i solveggen i Syltedalen i Vanylven på Sunnmøre. Få minutt tidlegare var dette bordet eit utandørs lydstudio. Den som høyrer godt etter, kan høyre at hanen hennar ville vere med i podkasten.

Om Hilde Myklebust

  • Fødd 1979
  • I 2005 debuterte Hilde Myklebust som forfattar med diktsamlinga Berre dagar seinare.
  • Ho har gjeve ut til saman ni bøker. Fire av desse er skrivne for barn.

Du kan lese meir om desse bøkene på Nynorskbok.no: