I balansepunktet

17.10.2024

Lærar ved Haramsøya skule til nettside

Byrjaropplæringa skal innehalde både leik og utforsking, med både papir og nettbrett. Korleis får ein det til? 

Tekst og foto: Isabella Pareliussen

Nynorsksenteret har besøkt Haramsøy skule, ein 1–10-skule med nynorsk som hovudmål, ytst på Sunnmørskysten. Der møter vi Grethe Flem Ulla, lærar i første klasse. Ho viser oss rundt i det nye førsteklasserommet, som har leikekrok, språkdusj, utkledingsklede og naturlegvis både nettbrett og interaktiv tavle – som mange klasserom no til dags. Medan elevane er opptekne med frileik i dokkekroken og i legokassa, får vi høve til å stille nokre spørsmål.

Språkdusjen
Språkdusj

– Grethe, kan du fortelje litt om leseopplæringa i første klasse?  

Ja, i første klasse byggjer vi gjerne på det munnlege, der til dømes høgtlesing og språkleikar kjem før skrivinga. I tillegg til analoge språkleikar som rim, finst det også fine appar på nettbrett. Desse appane kan vi bruke på den store smarttavla. Då kan vi alle sjå og høyre det same, og vi kan samarbeide og snakke i lag om det som skjer. Til dømes kan ein spørje: Kva rimar her? Det er motiverande å sjå tinga og få ein bekreftande reaksjon. Fellesopplevinga gir også motivasjon. Eg kan seie: Skal vi tore å trykke? Er dokker sikre? Her kan ein få ein diskusjon rundt storskjermen.

I tillegg til arbeid rundt storskjermen har alle elevar eit eige nettbrett der dei kan få prøve sjølv. På nettbrett har ein mykje stoff å velje i, og det er lett å få nok mengdetrening. Men slike oppgåver kan ein også gjere på papir. Alle skal utvikle ei skrift som er tydeleg og leseleg. Det er viktig å lære korleis ein skal halde i ein blyant, og korleis ein skal forme bokstavar. Difor er det fint å variere mellom papir og nettbrett. Nettbretta gir meistringskjensle når elevane greier å skrive ord eller setningar. Det er fint for elevane å utforske korleis orda skal skrivast, og få dei opplesne. Dette er spennande, tykkjer elevane. 

Leikekrok til nettside
Leikekrok

Når ein arbeider med sjølve bokstavinnlæringa, så er nettbretta kjekke, fordi du kan trykke på bokstaven og lytte til den rette bokstavlyden. Men sjølvsagt arbeider vi med bokstavane på mange måtar. Eg likar godt å arbeide med konkretar, som til dømes plastilin, og å spore bokstavar i sand. For å etablere ei kopling mellom lyd og bokstav så må hjernen bli stimulert på flest mogleg måtar. Så difor ynskjer eg mest mogleg variasjon og repetisjon i bokstavinnlæringa. Elevane arbeider saman, også saman med læraren. Når elevar og lærar arbeider saman, kan læraren stille spørsmål: Vart det rett? Kva lyd er det som manglar, trur du? Det er kjempespennande å utforske kva bokstavar ein kan byte ut, og det er viktig å berre stille spørsmål, og ikkje gi svara for tidleg. På denne måten kan elevane smake på ordet og prøve å finne ut av det. Og dette er lettare å få til på eit nettbrett. Vart ordet rett? Eleven eig arbeidet på ein annan måte enn når læraren kjem med ein blyant og rettar ordet. Nettbrettet gjer at feil blir spennande, og ikkje ein negativ ting. 

Bilete3
Bilete6
Stripe

Ei vanleg skriveoppgåve hjå oss er å skrive rapportar frå utedagar. Desse teiknar og skriv vi i eigne skrivebøker. Men av og til lagar vi desse rapportane på nettbrett, og då er det kjekt for elevane og bruke fotografi som dei har teke sjølve, og kanskje lese inn tekst til bileta. På denne måten får du ein presentasjon som ser veldig bra ut, og elevane får vise fram endå meir av kva dei kan.

Når det gjeld utfordringar med teknologi i klasserommet, så kan sjølve utstyret vere utfordrande. Vi er forholdsvis godt utstyrte med nettbrett, men appane er dyre, og det er ikkje alltid læraren som får bestemme kva appar som skal kjøpast inn.  

Eit anna problem som kan dukke opp, er at elevane sit mekanisk og klikkar rundt på nettbretta utan å tenkje, men berre til rett svar dukkar opp. Her må ein få elevane med på kva som er meininga med å bruke nettbrett, og at vi skal tenkje og lære. Dette kan kanskje særleg vere eit problem i matematikk. 

I førsteklasserommet så ser eg stor verdi i digitale hjelpemiddel, særleg når vi kan gjere ting i lag på storskjerm og samtale rundt det som skjer. Ein må sjølvsagt tenkje igjennom korleis og kvifor ein skal bruke skjerm i skulen. Dersom ein skal minske skjermbruken blant barn, så er det kanskje passiv og overdriven fritidsbruk ein burde sette grenser for? I mi verd utfyller nettbrett og papir kvarandre i skulen, og styrker kvarandre, eg opplever ikkje dette som ei motsetning, seier Grethe Flem Ulla.

Liv Kristin
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

Digitalisering i førsteklasserommet

Vi har også teke turen til Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, fagtilsett ved Nynorsksenteret. I doktorgradsprosjektet sitt undersøkjer ho bruk av nettbrett i digitale undervisningspraksisar. Vekta ligg på kva som gir kvalitet til undervisninga, både med og utan nettbrett.  

– Kva har du undersøkt i førsteklasserommet? 

Eg har undersøkt bruk av nettbrett og korleis det påverkar klasseromspraksisar i førsteklasserommet. Eg har særleg sett på samhandlingar mellom lærar og elevar og mellom elevar, og i kva situasjonar og korleis nettbrettet kunne bidra til auka kvalitet i undervisninga i byrjaropplæringa. I dei klasseromma som eg undersøkte, var det lite samhandling mellom elevar med bruk av nettbrett. I tillegg var det også lite samhandling mellom lærar og elevar ved bruk av nettbrett. Men det var som lærar Grethe Flem Ulla påpeikar, at i samhandlingar med bruk av storskjerm og fellesaktivitetar kan gode samtalar oppstå. Studien viser at ved bruk av storskjerm er det ein verdi å kunne dele tekst og samtale om teksten, noko som gjer arbeidet med tekst og «tekstkritikk» til ein kvardagsaktivitet. Skjermen lettar arbeidet og gjer det tilgjengeleg for elevane å samtale om. I studien er det også peika på arbeidet med det trygge læringsmiljøet når ein skal dele tekstar. Det er noko ein treng å jobbe med frå starten av, slik at det å dele tekst og samtale om eigne tekstar skal opplevast trygt for elevane. 

Eit anna sentralt element som studien viser, er at elevane treng å bli medvitne om korleis dei skal bruke den digitale ressursen. Som Grethe påpeikar, treng dei å tenkje og ikkje berre trykke seg fram til det rette svaret. Studien viser at ved bevisst bruk av teknologien og ved at elevane lærer seg funksjonane i nettbrettet, så vil det kunne bli ein reiskap som lærarane opplever er meiningsfull. For å få til dette er det behov for tydelege instruksjonar og bevisstgjering om kvifor elevane skal bruke dei ulike ressursane. Som ein lærar i studien sa: Kvifor skal du lytte til teksten gjennom talesyntesen før du held fram med å skrive på teksten din? Kva kan du lære ved å lytte til teksten din?  

– Kva tenkjer du om balansen mellom bruk av teknologi i klasserommet og meir tradisjonelle undervisningsmetodar? 

I studien vart det undersøkt korleis lærarar brukte nettbrett i byrjaropplæringa. Talet på timar med bruk av nettbrett var ikkje så høgt som vi kanskje hadde forventa, då vi undersøkte dette nærare i fem klasserom. Det var stor variasjon, men gjennomsnittleg brukte lærarane nettbrettet i tilnærma ein fjerdedel av undervisninga. Dette tilseier at dei legg vekt på eit allsidig tilbod til elevane. Samstundes viste studien at nettbrettet vart brukt i læringssituasjonar som lærarane opplevde var meiningsfulle. Dette var særleg i skriveaktivitetar der funksjonane til nettbrettet kunne tilføre noko til skriveopplæringa, som bruk av multimodalitet, talesyntese og bruk av innlesing av tale ved behov.  

– Kva bør lærarar tenkje på når dei bruker nettbrett i undervisninga?   

Grethe peikar på samhandling som ein sentral verdi i undervisninga. Studien viser at det er lite samhandling når elevane brukar nettbrett, men at der er læringssituasjonar der det er lagt til rette for å samhandle, der elevane til dømes sit i grupper på stasjonar, men likevel jobbar individuelt med kvart sitt nettbrett. Å nytte dette potensialet til samhandlingar, også med nettbrettet, er noko å reflektere over. Samstundes viser lærarane i studien stort medvit om kva tid og korleis nettbrettet skal brukast for å kunne bidra i læringsprosessane til elevane, noko som er sentralt i alle undervisningssituasjonar i førsteklasserommet.

Forsking

Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis har kome med temanummeret Nye perspektiver på literacy i barnehage, skole og høyere utdanning.

Der har Liv Kristin Bjørlykke Øvereng skrive artikkelen «Eit utval lærarar sine perspektiv på elevengasjement og læring i digitale kontekstar i begynnaropplæringa». Studien undersøker lærarar sine perspektiv på bruk av nettbrett i begynnaropplæringa.
https://utdanningogpraksis.no/index.php/up/article/view/5228