• Blogg
  • Ingunn Thon til kamp mot perfeksjon

Ingunn Thon til kamp mot perfeksjon

18.01.2024

Ingunn Thon komprimert til nettside

Forfattar Ingunn Thon går til kamp mot perfeksjon. Og ho meiner me bør endre innhaldet i ordet «barnsleg».

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Store kjensler, realisme og surrealisme – og bøttevis med humor og tøys: Møt Ingunn Thon! 

Det vil seie; antakeleg kjenner du ho allereie. Ho er kjend som programleiar og dokkespelar frå NRK Super, der ho gir stemme til høna Turid og lammet Perla. I Bakom boka dukkar ho opp med ein annan hatt: Som forfattar. Ingunn Thon har gitt ut to bøker, begge for barn. Ollis kom i 2017 og Full bajas kom i 2023. Alt ho lagar, er for barn, og der er alltid ein dose galskap i bøkene hennar. 

– Innslaga av galskap handlar om leik for meg. Det gir så mykje, og det høyrer ikkje berre til i barndommen. Det er kanskje lett å tenke at det er ungane si greie, men alt blir lettare viss ein kan ta leiken med vidare i livet. Eg liker å la hjernen få ralle på og ha fest, utan at eg skal tenke at eg må ta meg saman fordi eg er vaksen. Og det ordet «barnsleg»? For eit dusteord, seier Ingunn Thon i Nynorsksenterets podkast Bakom boka. 

– Kva burde barnsleg bety? 

– Leik og tull og humor og at ein ikkje set grenser for seg sjølv. At ein ikkje held seg sjølv i stramme taumar, men er fri, og stolt av at ein kan tøyse og tulle. 

To bøker for barn

Ollis (ei forkorting for Oda Lise Louise Inger Sonja) er ei kreativ og kul 10 år gamal jente som akkurat har fått ein veslebror, og ein stefar med på kjøpet. Ho lurer på kvar faren vart av. Mora omtaler han berre som ein som var. I ein mystisk gul postkasse i skogen dukkar det opp eit postkort. Det set fart på leitinga etter faren. 

Det er mykje som går i ball for Ollis i relasjonen til andre menneske. Ho saknar faren, som aldri har vore der. Ho saknar mora, som er der, men som ikkje er like tilgjengeleg som før. Ho synest det er vanskeleg å plutseleg få ein stefar. Og så blir det krøll på tråden med venninna Gro. Det er eigentleg berre den nyfødde veslebroren Ian ho synest det er lett å vere saman med. 

I Full bajas møter me Orion Sigerstad, som heile livet har vore pertentleg og perfekt. Han har aldri brukt viskelêret sitt, for han har aldri skrive feil. Han har drøssevis med medaljar og utmerkingar, og han er vand med å sole seg i glansen av alle prestasjonane. Men læraren kastar uforvarande ei forbanning over han, som set kroppen i krig med hjernen. Plutseleg blir han heilt bajas, til si eiga store fortviling. 

Heidi og Ingunn komprimert til nettside
Heidi Fagna samtalar med forfattar Ingunn Thon i podkasten Bakom boka.

Eit klart utgangspunkt

Full bajas har ein klar og tydeleg bodskap: Du treng ikkje å prestere for å vere bra nok. Og det var også utgangspunktet for boka. 

– For mange er det berre godt nok om ein leverer gull og 100 %. For nokre har det nok alltid vore slik, men no synest eg det er så mange som tenker slik. Spørsmålet er jo om det er mogleg. Orion spør seg etter kvart i boka om korleis han har det inni seg. Ein ting er å imponere andre, noko anna er gjerne å ha det godt med seg sjølv, seier Ingunn Thon i Bakom boka.