• Blogg
  • Klassiske korttekstar i vaksenopplæringa

Klassiske korttekstar i vaksenopplæringa

09.03.2022

Jorunn Volda læringssenter redigert av Arild til nettside

Jorunn Torheim Vik arbeider på 9. og 10. trinnet i grunnskulen ved Volda læringssenter, eit undervisningstilbod for vaksne med flyktningbakgrunn. Saman med Nynorsksenteret har ho utvikla ressursar basert på tekstar om nasjonale og vestlege klassikarar og historier, tilpassa denne elevgruppa og LK 2020.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

– Kvifor har du valt å bruke nynorske korttekstar om norske og vestlege klassikarar for denne målgruppa?

– Ressursane og merksemda har sprunge fram gradvis i opplevinga av at norskundervisinga skal formidle litteratur av ulike slag gjennom ulike tekstar. Norske elevar i grunnopplæringa møter desse tekstane ofte og naturleg frå barnsbein av. Denne kunnskapen er vi som arbeider i grunnopplæringa for vaksne forplikta å formidle, seier Jorunn Torheim Vik.

Tekstane er ein viktig del av norsk og vestleg historie og kultur.

– Eg ser korttekstane og ressursane som ein viktig måte å formidle eit heilskapleg historisk og kulturelt perspektiv på for elevane våre, seier ho.

Tilpassa undervisning

Dette skuleåret har Jorunn elevar frå Syria, Eritrea, Irak og Afghanistan. For denne målgruppa er det ikkje mogleg å bruke dei originale tekstane. Dei har vore kort tid i Noreg og dei har ikkje den språkkompetansen som skal til for å dra nytte av tekstmaterialet i sin heilskap. Språket er komplisert, tekstane er lange.

– Då er det naturleg at vi må tilpasse undervisinga om dei skal kunne ha ein sjanse til å forstå, lære og oppleve samanhengar frå stoffet som blir presentert. Sjølv om tekstane er tilpassa må eg gi støtte, konkretar og eksempel i undervisinga. Teksten i seg sjølv blir gjerne ein del av ein tematisk heilskap i undervisinga, seier ho. Tema som kjærleik og likestilling kan til dømes få eit ekstra perspektiv gjennom tilpassa samandrag av Ibsen sitt skodespel «Et dukkehjem» eller «Romeo og Julie» av Shakespeare.

Ideen til dette arbeidet kom ved at ho stadig ikkje kunne finne klassiske tekstar tilpassa denne målgruppa, og Jorunn har leita mykje.

– Eg trur fleire i vaksenopplæringsfeltet saknar og treng slike ressursar. Det er naturleg å sjå gjennom kva tekstar som ligg i pensum når du arbeider med denne målgruppa, og så arbeide med tilpassing av desse. Å kunne finne og dele slike gode og viktige ressursar er ønskeleg. Kanskje er dette ein ide for fagbokforlaga, om så digitalt? Behovet er stort, også for andre med utfordringar innanfor lesing og skriving, fortel ho.

– Kva respons får du på arbeid med desse ressursane og tekstane?

– Elevane mine tek godt i mot arbeidet med ressursane. Eg opplever at det er ei klar forståing når eg bruker høgfrekvente og enkle ord og uttrykk som er nære eleven, og som er kjente for dei. Slik kan vi få betre måloppnåing og motivasjon i opplæringa. Målet med korttekstane er betre utbytte av tekstopplevinga, samt å gi eit perspektiv på samfunnet der ein i større grad ser ulike element i ein samanheng. Tekstane kan sjølvsagt også brukast i eit grammatisk perspektiv.

Lesing er kanskje den beste måten å auke språkkompetansen sin på.

– Som lærar treng eg å gi elevane kunnskap om syntaks og tekstens dramaturgi. Dette er viktig. Når elevane forstår og kjenner meistring er det ei oppleving som betyr alt for meg som lærar. Elevane opplever også å kjenne att handlingselement frå eigen bakgrunn, mellommenneskeleg eller allment.

– Opplever du at elevane allereie har kjennskap til vestlege klassiske tekstar, som til dømes Romeo og Julie av William Shakespeare?

– Elevane mine kjenner sjeldan til populærkulturen eller klassisk verdslitteratur. Men dei kjenner til fenomenet i denne forteljinga som noko som også skjer i eigen kultur og eiga samtid. Klassiske tekstar og forteljingar er gjevande å arbeide med fordi det opnar for så mange moglegheiter til samtale, diskusjon og å kunne dele kunnskap og erfaringar. Det er også eit godt grunnlag for tverrfagleg arbeid og metodar. Målgruppa kan vere noko tilbaketrekte kring det personlege. Men ein kan snakke om tema som sosial kontroll, til dømes. Då er litteraturen ein god døropnar, seier Jorunn som nyttar Romeo og Julie i norsk på 9. trinnet og i engelsk på 10. trinnet.

Rundeskatten til nettside
Foto av utstillinga på Runde Miljøsenter: Det vart funne mange sko- og beltespenner i ulike materiale. Dei viser tydeleg dei store sosiale skilnadane mellom mennska om bord.

Lokale og nasjonale tekstar og forteljingar

Jorunn synest det er viktig å formidle lokal og nasjonal forankring. Lokalt har ho skrive om den eventyrlege historia kring det hollandske skipet Akerendam som forliste utanfor Runde i 1725. Gullskatten frå skipet vart funnen i 1972.

– Vi har mellom anna reist på ekskursjon til Miljøsenteret ved Runde. Der såg og høyrde vi om skatten. Eg opplever at tilsette ved ulike senter og museum er gode formidlarar. Det er positivt for målgruppa vår å kome ut til dei lokale og nasjonale kunst- og kulturinstitusjonane. Eg har også undervist om den lokale og nasjonale historia kring havets sølv, silda. Filmen «Havets sølv» laga av Are Pilskog og er vist på NRK sin serie «Ut i naturen» og er ein viktig del av omvisinga for besøkande ved Miljøsenteret på Runde. Her vert det fortalt ei nær historie om silda sitt kretslaup på ein måte som gjer at elevane forstår kor sårbar balansen i naturen er. Alt heng saman, øydelegg vi denne balansen øydelegg vi livsgrunnlaget for menneska på jorda.

Det tverrfaglege og djupnelæringa er aktuelt innanfor arbeid med klassiske tekstar og forteljingar. Innanfor skjønnlitteratur, som Peer Gynt til dømes, er det så mange lag å kunne undervise om. Og her kjem også Edvard Grieg sin musikk inn som ein viktig ressurs.

– Peer Gynt er så menneskeleg. Kjærleiken i stykket så universelt skildra. Dette gjeld oss alle. Eg forsøker å konkretisere og drage parallellar mellom litteraturen vi les og dagleglivet elevane har i Volda og Noreg. Aktuelle og interessante problemstillingar dukkar opp heile tida. Vi som arbeider i dette feltet må såleis lage mykje undervisningsmateriell sjølve. Det ville vere flott om fagbokforlaga ser ein arena i dette litterære landskapet der ein kan skape nytt og nyttig undervisningsmateriell, seier Jorunn Torheim Vik.

Ho håpar desse nye ressursane kan vere til inspirasjon og glede for andre lærarar i feltet.

Klassiske tekstar ikon
Klassiske korttekstar i vaksenopplæringa

Desse korttekstane kan hjelpe til i arbeidet med å formidle eit heilskapleg historisk og kulturelt perspektiv for elevane.

Tilleggsressursar:

Bok: Frå Shakespeare til Knausgård av Janne Stigen Drangsholt

Rundefunnet: https://snl.no/Rundefunnet

Havets sølv: https://tv.nrk.no/serie/ut-i-naturen/2012/DVNA50000510