Konkurranse: Lag podkast med boktips
07.01.2025
Les ei nynorsk bok saman med elevane, og lag ein podkast der elevane fortel kva dei liker med boka.
Nynorsksenteret har laga ni episodar av podkasten Barneboktipset om bøker for målgruppa 6–9 år. Du kan høyre alle her: nynorsksenteret.no/barneboktipset
Her er undervisingsopplegget med malen til korleis lærarar kan lage ein liknande podkast med eigne elevar. Der ligg også kjenningar du kan bruke.
Reglar:
- Kvar episode handlar om ei bok.
- Boka må vere på nynorsk, og tilpassa alderen til klassen som har lese ho. På nynorskbok.no finn du nesten tusen boktips inndelte i alderskategoriar.
- Følg malen i undervisingsopplegget så godt det let seg gjere. Start og slutt episoden med kjenningane me har laga, eller lag dykkar eigne kjenningar.
VIKTIG: Les boka for heile klassen. Lag ein podkast med alle elevane som vil vere med. Dersom talet på elevar betyr at podkasten vert kortare eller lengre enn dei me laga, er det heilt i orden.
Me trekker tre vinnarar mellom klassane som deltek. Dei får tilsendt kvar si bokpakke med gode nynorske bøker.
Send bidrag til ingvild@nynorsksenteret.no innan 14. februar 2025. Om de vil lage podkastar om meir enn ei bok, er de hjarteleg velkomne til å sende inn fleire bidrag.