• Blogg
  • Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

18.08.2021

Kråkebolle til nettside

Tidleg i sommar sleppte bandet Kråkebollane albumet Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar.

Tekst: Hildegunn Hovde

Utøvarar og komponistar er vokalist Lena Skjerdal, Erik Håkon Halvorsen på keyboard og piano og trommeslagar/perkusjonist Knut Lothe. Albumet består av ny musikk komponert av utøvarane og er basert på nynorske tekstar frå den illustrerte diktboka Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar, forfatta av Lisbeth Dreyer og illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta i Dreyer si bok er alle på rim og fortel på artig og fagleg korrekt vis om livet i fjorden og i fjøresteinane.

På albumet har alle karakterane frå Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar fått kvar sin melodi i eit formspråk som kler den leikne streken og teksten i boka, frå fyrrig tango og jazzimprovisasjon til svevande folketonar. Musikarane har tolka kvar einskild «fjørefant» og gjeve dei melodiar og uttrykk som kler både tekst og karakter. Dette leier til at musikken viser eit stort spenn i både uttrykk og sjanger. Albumet kan gjerne nyttast saman med boka som ei utvida lesestund, eller som eit temaarbeid i barnehage eller skule der ein lærer om livet i fjøra og i havet. Her kan ein også utvide temaet med formingsaktivitetar knytte til illustrasjonane, rørsle til karakterane og musikken, eller i kombinasjon med eit av naturfagsprosjekta frå www.forskerfrø.no.

Anbefalte songar til barnehage og for 1.– 4. trinn:

Bella Blåskjel

Kornelius Krabbe

Kleng Kutling