• Blogg
  • Korleis formidle bøker til barn?

Korleis formidle bøker til barn?

26.04.2019

Adele I Action

Når ein skal formidle bøker til barn, må ein vere både modig og godt førebudd. Her får du gode råd til korleis du kan gjere det.  

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

I april var rundt tjue personar samla på Skei til formidlingskurs med Adele Lærum Duus. Dei fleste som deltok på kurset, er formidlarar som jobbar i bibliotek. Adele har lang erfaring som skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar.

– Du må vere litt modig når du skal formidle bøker til barn. Det kan vere utfordrande å formidle til barn fordi tilbakemeldingane du får, er så ærlege. Samstundes er barn det beste publikummet du kan tenkje deg, fordi dei har så god fantasi og kan leve seg inn i det du formidlar, seier Adele.

To Lesegledarar
FORMIDLARAR: Frå venstre Dag Tore Dysvik frå Luster og Trond Strand frå Bremanger.

Finn ei god bok

To av dei som deltok på kurset, var Trond Strand frå Bremanger og  Dag Tore Dysvik frå Luster. Dag Tore var på sitt første formidlingskurs for barn, medan Trond har vore lesegledar dei siste fem åra.  

– Eg liker rampelyset og å fange folk med forteljingar, seier Trond med eit smil.

– Kva er ditt beste tips?

– Eg synest det er viktig å velje bøker som ein liker sjølv. Finn ei bok som engasjerer deg, seier han.

Trond tipsar om boka Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp, som er omsett til nynorsk av Brit Aksnes.
– Dette er ei bok med absurd moro for både barn og vaksne, samstundes som ho inneheld ein politisk undertone og fine illustrasjonar. Ho passar kanskje best for ungar i barneskulealder og oppover, fortel Trond. 

Dei to formidlarane meiner det er fint å møtast for å få inspirasjon og utveksle erfaringar.

– Eg synest Vått og svart av Jon Fosse er ei god bok når ein skal formidle, fortel Dag Tore.

Han meiner lesing som kulturell aktivitet har stor verdi for både barn og unge.

– Når ein les, må ein lage stemningar sjølv. Det står i kontrast til bruken av data og TV, seier han. 

Gruppebilete Lesegledarar
I april var denne gjengen samla på Skei til formidlingskurs.

Førebu deg godt

Adele har møtt mange barn og lært mykje undervegs. Det er skilnad på å lese ei bok og å formidle ei bok. Det er viktig å førebu seg godt før ein skal formidle til barn. Undervegs bør du tenkje over måten du ønskjer velkomen på og korleis du bruker kroppsspråket. 

– Still aldri opne spørsmål som du ikkje vil ha svar på. Viss eg spør: Vil de vere med og leike venterom? Då er det kanskje nokre barn som svarer nei. Korleis skal ein då handtere det? I staden deler eg ut lommetørkle til alle i publikum og ber alle om å nyse samstundes for å dra dei med inn i forteljinga og skape venterommet i lag, fortel Adele. 

Boktips

Adele Duus og Tiri Bergesen Schei har gjeve ut ei bok som heiter Modig som Mitwa. Den er eit arbeidsverktøy for barnehagelærarar og andre som liker å jobbe kunstnarisk saman med barn, og som ser etter nye moglegheiter.

– Viss du skal bruke ei dokke når du formidlar, så hugs at ho lever og at du ikkje må stå og riste på henne. Gje fokus til dokka i staden, og hald henne slik at du kan kontrollere rørslene til dokka, forklarer Adele.

Bakgrunn

Kurset vart arrangert av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Dei arrangerte denne samlinga som ein del av prosjektet Dagsturhytter med nynorske turbibliotek. Barnehagar rundt om i heile Sogn og Fjordane får invitasjon til å bli med på tur til dagsturhyttene med dei nynorske turbiblioteka. 

 – Målet er å stimulere til tur- og leselyst blant barn. Om lag 20 litteraturformidlarar og bibliotekarar har skreddarsydd eigne formidlingsopplegg for å gi barnehagebarn litterære stunder i naturen, seier rådgjevar Siv Merethe Hatlem ved fylkesbiblioteket. 

Med utgangspunkt i bøker om alt frå dinosaurar og monsterøgler til nattvakne dyr og småkryp, driv no deltakarane å legg siste hand på dei planlagde formidlingsstundene sine. 

 – No håper vi barnehagane har lyst til å bli med på ein spennande aktivitetsdag som inviterer barna til samtale, leik og oppdagingar i naturen, seier Hatlem. 

Det er Sogn og Fjordane fylkesbibliotek som har teke initiativ til barnehageturnéen. Satsinga er del av prosjektet Dagsturhytter med nynorske turbibliotek og er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket.

Tips til dei som vil formidle:

1. Vel ei bok med hjartet når du skal formidle.

2. Tenk over: Kvifor har du valt akkurat denne boka?

3. Kva er «greia» med akkurat denne boka?

4. Skriv ned tre ord som skildrar temaet i boka. Bruk alle sansane:

- Kva er fargen på boka di?
- Kva er lukta av boka di?
- Kva er lyden av boka di?

Du finn fleire gode tips i denne ressursen som er laga basert på formidlingskurset til Adele Lærum Duus:

Korleis formidle
Korleis formidle bøker til barn?

Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus har nokre tips til dei som skal formidle bøker til barn.