• Blogg
  • Skap ein kultur for lesing!

Skap ein kultur for lesing!

23.04.2024

Kultur for lesing til nettside

Leseengasjement er meir enn leselyst. Det inneber også å vere uthaldande, å kunne konsentrere seg og å ha gode haldningar til lesing. Her er ti tips som kan fremje leseengasjement.

Tekst: Isabella Pareliussen
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

1. Læraren som rollemodell

Læraren må vise engasjement! Læraren må vise at læraren les og har glede av bøker og litteratur. Korleis læraren rammar inn lesinga i klasserommet, kan òg vere viktig. Læraren kan grunngje kvifor lesing er viktig, og framheve at lesing kan gje nye interesser og tørst etter meir kunnskap. Læraren kan òg vise at lesing kan gje innsikt i kva det vil seie å vere menneske på ulike stader til ulike tider.

2. Alle lærarar er leselærarar

Alle lærarar bør vise engasjement for lesing. I tillegg til å prioritere fagspesifikk lesing må lærarane ta fram tekstar som naturleg høyrer heime i dei ulike faga. Til dømes kan kroppsøvingslærarar vise fram biografien Historia om Erling Braut Haaland eller Ørjans keeperskole. Mat og helse-læraren kan vise fram matbloggar og ulike kokebøker. Engasjement smittar!

3. Høgtlesing i klasserommet

Høgtlesing er ei estetisk fellesoppleving som alle deltek i. Høgtlesing gjer det lett å stoppe opp og undre seg over teksten i lag. Slik kan læraren modellere kva ein engasjert lesar gjer under lesinga. Det å lage seg eigne bilete av det som skjer, eller å dikte vidare på det som skjer, er handlingar som ein engasjert lesar gjer, men som mindre erfarne lesarar treng opplæring i.

4. Lett tilgjengeleg litteratur

Tilgang på god og interessant litteratur kan sjølvsagt inspirere til meir lesing. Bøker og litteratur må rett og slett vise att i det fysiske miljøet. Ikkje eitt rom utan bøker, er eit kjent slagord. Det må vere naturleg med lesing i flest mogleg fag og flest mogleg miljø. Bilete av bøker og lesing kan pryde veggene, og store bokhyller kan vere både vakkert og inspirerande.

5. Skulebiblioteket

Skulebiblioteket bør ha romslege budsjett til innkjøp av god nynorsk litteratur. Men biblioteket må òg vere ein hyggeleg stad å vere. Det ideelle kunne vere eit biblioteket midt i skulen som er ope heile dagen. Ein bibliotekar kan finne fram spennande litteratur og invitere til lesesamtalar, og elevar kan kanskje vere assistentar? Slik kan elevane vere i biblioteket for ulike formål, som å lese, slappe av, gjere skulearbeid eller berre vere saman.

Lesande gutar til nettside

6. Relevant litteratur

Ofte ser ein hjelpelause elevar på biblioteket som vandrar mållaust rundt på leiting etter bøker. Til slutt endar dei kanskje opp med ei lita, tynn bok, skriven for yngre born enn dei sjølve. Engasjerte lesarar kan finne glede i eit stort mangfald av litteratur, medan meir umotiverte og uerfarne lesarar treng litteratur dei kan kjenne seg att i. Ein bibliotekar som kjenner elevane, kan vere til god hjelp, og nettstader som nynorskbok.no eller lesedigg.no kan vere nyttige.

7. Tid

Fritidslesing har vorte sjeldnare, og då må vi prioritere tid til å lese på skulen. Mange skular set difor av ei fast tid til lesing. Lystprega arbeidsoppgåver etter lesinga treng ikkje vere feil. Å byggje ei verd i Minecraft eller å snakke om ei engasjerande bok kan vere motiverande. Men det kan òg gje meining å berre lese, utan å gjere noko som helst etterpå. Ved å setje av tid til lesing viser ein at lesing er prioritert i skule og samfunn.

8. Samarbeid med heimen

Det er få ting som er meir kraftfullt enn når heimen og skulen dreg i same retning. Berre det å ha bøker i heimen kan vere med på å styrkje leseengasjementet. I tillegg har høgtlesing vist seg å vere avgjerande. Høgtlesing er ikkje berre for yngre barn. Om ein høyrer ei lydbok medan ein gjer husarbeid, blir slike oppgåver mykje hyggelegare. Og dersom elevane ser foreldra leggje vekk mobilen til fordel for lesing av annan litteratur, har elevane dei beste førebileta.

9. Unngå digitale freistingar

Digitale freistingar som nettbrett og mobil kan gjere det vanskelegare å konsentrere seg om tekst. Vaksne i skulen kan vise fram korleis dei løyser slike utfordringar. Dersom læraren seier at når eg skal lese, må eg setje mobilen på lydlaus og leggje han i veska, viser læraren at slike forstyrringar er heilt normale, ein må berre finne måtar å hanskast med dei på.

10. Lesing i lokalsamfunnet
«It takes a village to raise a child», heiter det. For å realisere ein lesekultur trengst det mange menneske som dreg i lag. Lesing er nemleg ein sosial aktivitet. Vi les i lag, vi diskuterer bøker i lag, og vi lyttar til litteratur i lag. Lærarar, bibliotekarar og foreldre, alle menneske i lokalsamfunnet som står fram som engasjerte lesarar – alle bidreg til ein fruktbar lesekultur der barn og unge får utvikle seg til å bli engasjerte lesarar heile livet.

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.