• Blogg
  • Kultur for skrift i barnehagen

Kultur for skrift i barnehagen

14.12.2018

Kultur For Skrift Illustrasjon

Kultur for skrift i barnehagen

Korleis kan dei vaksne i barnehagen leggje til rette for skriftspråkstimulering på barnehagen sine premissar? 

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Foto: Kib & Morits

Små born tileignar seg kompetanse om kva skrift er og kan brukast til, gjennom å delta i hendingar som inneheld tekstar i ei eller anna form. Rammeplanen frå 2017 legg større vekt på skriftspråkstimulering enn tidlegare planar, men tematiserer ikkje kva for ei målform borna skal møte i barnehagen. Dette er bakgrunnen for masteroppgåva mi, der eg hausten 2017 observerte og intervjua tilsette i fem barnehagar i nynorskområde på Nordvestlandet.

Barnehagen står i ein tradisjon der mange pedagogar vegrar seg for å leggje for stor vekt på bokstavar og opplæring. Dei ser på skriving som noko som høyrer skulen til, noko også denne studien viser. Korleis kan ein drive skriftspråkstimulering som samsvarer med barnehagen sin tradisjon og didaktiske overtyding? Vi veit at tale- og skriftspråket vert utvikla gradvis og i gjensidig samspel, og at det skjer gjennom varierte hendingar som høgtlesing, song, rim og regler, teikning og oppdagande skriving og skrift i det fysiske miljøet. Det handlar altså om mykje meir enn det å lære å skrive.

Eg vil no teikne to bilete som skildrar kor ulik praksisen i to barnehagar kan vere, trass i at begge har pedagogar med nokså lik bakgrunn, om lag same avstand til kommunesenteret og er i område med nynorsk hovudmål i grunnskulen:

  • «Alva» (5) går siste året i barnehagen. I barnehagen hennar er bøkene plasserte i hyller på kontoret attmed allrommet, eit rom som ofte blir brukt av dei vaksne, men som ikkje er tilgjengeleg for borna. Høgtlesing skjer tidleg om morgonen eller seint om ettermiddagen, men Alva er ikkje blant dei som kjem tidleg, så ho er ikkje med på høgtlesing i barnehagen så ofte. Barnehagen besøkjer biblioteket mindre enn ein gong årleg. Pedagogen syng åtte songar i samlingsstunda eg observerte, men repeterer ingen av dei, og tempoet er så høgt at ingen av borna syng med. Alle songane er på ei blanding av dialekt og bokmål. Rim og regler er fråverande, og det er heller ikkje noko skrift på veggane, som dokumentasjonsplakatar eller liknande.
  • «Per» (4,5 år) si barnehagegruppe besøkjer biblioteket ein gong i månaden og låner med bøker tilbake. Det er også mogleg for foreldre å låne med seg bøker heim frå miniutlånshylla i garderoben. Pedagogen legg vekt på at det skal vere høgtlesing for Per og dei andre borna minst ein gong dagleg, etter måltidet på føremiddagen. Barnehagen har «vekas song» og «vekas regle», og det er plakatar på veggane der born og vaksne har skrive, teikna og fotografert aktivitetar i skogen og i fjøra. Det er teikne- og skrivesaker i leikekroken og på teiknebordet, lappar og merkingar har både bilete og tekst. Dei samlar også nynorske songar og lagar eigne songkort.

    Både Per og Alva har pedagogiske leiarar som sjølve har ein sterk nynorsk språkidentitet, og som seier at dei ønskjer å velje nynorske bøker og songar. Dei fortel også at alle informasjonsskriv dei sender ut til heimane, er på nynorsk. Samanliknar vi dei to praksisane, ser vi likevel at Per får ta del i langt fleire leseøkter enn Alva, og han møter også eit rikare tekstmiljø i barnehagen. Det er stort sett personlege preferansar, rammeplanen og temaet i barnehagen sin årsplan som spelar inn på kva val dei vaksne tek når dei skal leggje til rette for høgtlesing, song og andre skriftspråkstimulerande aktivitetar. Og når rammeplanen ikkje tematiserer målform, er det opp til den vaksne og til barnehagen å tenkje ut dette sjølve. Dette kan føre til store ulikskapar når det gjeld den tidlege språklæringa. Det er derfor behov for å styrkje dei språklege rettane til dei yngste nynorskbrukararne, men som dømet med Per viser, er det mogleg å leggje til rette for variert nynorsk språkstimulering allereie no.