• Blogg
  • Kvifor arbeida med teikneseriar?

Kvifor arbeida med teikneseriar?

14.09.2018

Cordelia Blogg

Tekst: Arild Torvund Olsen
Illustrasjon: Johanne Eikå Bergill (frå serien Cordelia)

Det finst mange gode grunnar til å arbeida med teikneseriar i skulen. Den mest innlysande grunnen er vel at det finst eit hav av spanande, gripande, morosame og interessante forteljingar i teikneserieform – forteljingar som elevane fortener å møta. I tillegg er det slik at gode teikneseriar, av di dei er motiverande å arbeida med, kan vera ein fin innfallsvinkel til arbeid med samansette tekstar.

Norskfaget har lange tradisjonar for arbeid med ulike kombinasjonar av skrift og bilete. Det nye med Kunnskapslyftet var at slike samansette tekstar, nokre kallar dei òg multimodale tekstar, vart ein sentral del av læreplanen. Skal me, slik læreplanen legg opp til, få elevane til å reflektera over dei samansette tekstane, må me leggja til rette for lesestrategiar der me arbeider aktivt med å vurdera korleis samansette tekstar kommuniserer med oss.

Jamvel om ein skulle tru at unge i dag er flinke til å handtera samansette tekstar, so ser me at mange elevar treng å verta meir medvitne om korleis skrift og bilete har ulike sterke sider. Dei treng å læra at ikkje alt i bileta er mogleg å uttrykkja like effektivt med skrift, og at skrift og bilete, anten det er i teikneseriar eller fagbøker, utfyller kvarandre.

Elevane treng eit språk for å snakka om samansette tekstar, slik at ein saman i klasserommet kan diskutera dei tekstane dei møter, anten det er ein teikneserie, ein reklame eller ein instruksjon om handvask. Då kan teikneseriar vera ein fin stad å byrja. Teikneseriar kan vera både lettlesne og komplekse på same tid, er langt meir spanande å lesa enn handvaskinstruksjonar og er dessutan mykje meir praktiske å analysera i klasserommet enn til dømes ein film (som gjerne krev at læraren går amok med pauseknappen dersom ein skal få tid til å snakka om dei visuelle verkemidla før dei forsvinn frå skjermen att).

I tillegg til at teikneseriane er god litteratur i seg sjølv, kan dei soleis vera ein lærerik og inspirerande innfallsvinkel til samansette tekstar, men det krev at elevane, og ikkje minst lærarane, kan nok om teikneseriemediet til at dei får til å utnytta potensialet som ligg der. Difor har Nynorsksenteret laga eigne ressurssider om teikneseriar:

Cordelia Ikon
Teikneseriar

Ressurssidene om teikneseriar inneheld nynorske teikneseriar, lærarressursar, undervisningsopplegg og serieskapartips.