• Blogg
  • La barna finne bøker på Lesedigg.no

La barna finne bøker på Lesedigg.no

24.06.2022

Lesedigg1 til nettside003

RÅDGJEVARAR: Lisa Risnes, Leah Nerhus Bjelland, Malene Hansen, Selma Almås og Filip Lups ifemteklasse på Sagvåg skule på Stord har gjeve råd under utviklinga av Lesedigg. Her med redaktør Svein Olav B. Langåker under førpremieren på Sagvåg skule. (Foto: Camilla Ruhs)

Nettstaden Lesedigg.no skal hjelpe barn å finne kjekke bøker.

I juni vart Lesedigg.no lansert under Festspela. Målgruppa for nettstaden er barn mellom 7 og 13 år. Ved hjelp av emojiar og andre søkefunksjonar kan brukarane søkje seg fram til bøker som passar for akkurat dei. Dei kan til dømes velje kor lang boka skal vere, om ho skal vere lettlesen og om boka skal innehalde berre tekst eller mange bilde.

– Målet er å hjelpe barn med å finne kjekke bøker som passar for dei, seier Svein Olav B. Langåker som er redaktør for Framtida Junior og leiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Samarbeid

På Lesedigg.no finn barna bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior. Nasjonalbiblioteket har støtta utviklinga av Lesedigg. Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med tilbakemeldingar undervegs i utviklingsprosessen.

– Eg har fått gode tilbakemeldingar frå både barn og vaksne som har testa ut sida, seier Langåker.

Ein del barn er kanskje litt sjenerte når dei skal innom biblioteket for å låne bøker.

– Vi håper at barn kan bruke Lesedigg.no også når dei er på biblioteket. Dei søkefunksjonane som biblioteka har i dag, er ikkje retta mot barn. Lesedigg.no kan kanskje fungere som ein slags ekstra barnebibliotekar, seier Langåker.

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida Junior.

Skriv ei bokmelding

No inviterer Framtida Junior barn under 14 år til å vere med i ein skrivekonkurranse der dei skal skrive ei bokmelding. Innleveringsfristen er 28. september 2022.

På Framtida Junior finn barna tips til korleis dei kan skrive ei bokmelding.

Nynorsksenteret håper mange barn deltek på Sommarles. Det er ein nasjonal leseaksjon for elevar frå 1.–7. trinn som varer frå 1. juni til 31.august. Du kan lese meir om Sommarles.no her.