• Blogg
  • Ytring: La det gå sport i å snakke norsk

Ytring: La det gå sport i å snakke norsk

01.02.2019

27 Spo Sola

Latskap, eller dårleg sjølvtillit? Kva er grunnen til at så mange strør rundt seg med engelske ord og uttrykk i staden for å la det gå sport i å finne gode norske ord?

Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl
Illustrasjonsfoto: Andreas Steinnes Bjerknes

I nesten førti år har eg levd av språket, som journalist og no også som forfattar av det som vart ein bestseljar. Dessutan elskar eg den gode replikken. Dessverre, og heldigvis, har eg fleire kompisar og kollegaer som kan denne kunsten betre enn meg. Ein bonde på Vartdal, min barndoms dal, er blant favorittane. Han er ein meister til å skildre og fargelegge kvardagen. Er det rart eg lengtar heim? Når eg kjedar meg og er lei av å glane inn i mobiltelefonen, ringer eg ein ven og spelar verbal bordtennis. Her gjeld det å overgå den andre og få inn ein språkleg fulltreffar, og  kanskje klarer ein av oss å lage eit nytt og originalt språkbilde. Då vert dagen god, som det heiter i nisseland på barne-TV før jul.

Språk er kommunikasjon, men kan og skal også vere glede og nyskaping.

Ivar Longvastol Fullres 1
Ivar Myklebust Longvastøl er journalist, lærar og tidlegare leiar av Nynorsk avissenter (Foto: Samlaget, Bent Are Iversen)

Noko som både har undra meg, og stundom skuffa og irritert meg, lenge før Språkrådet 11. januar kom med ei lang liste med forslag til norske avløysarord, er at så mange legg i veg med engelske ord og uttrykk. Tilsynelatande utan ønske og ambisjon om å bruke treffsikre norske ord i staden. Og om det knip om – lage nye ord sjølv.

Næringslivet skuffar. Dei snakkar om kickoff og teambuilding, når vi har gode norske ord som avspark og lagbygging. For det er vel nettopp det lagbyggaren Ole Gunnar Solskjær driv med i verdas største fotballklubb, etter at han vart henta frå Kristiansund og Molde til Manchester United for å få overbetalte verdsstjerner til å spele ballen i same retning? 

Når det er sagt; Solskjær må nesten få lov til å snakke engelsk i England.

Her ein dag fekk eg ein e-post frå ein bank i Førde, med ein «reminder» om eit frukostmøte eg var invitert på. Er det «påminning» du meiner, returnerte eg. Hehe, ja, du er hjarteleg velkomen til ein fagleg diskusjon i etestova, svarte bankmedarbeidaren kjekt tilbake. Eg trur ho tok poenget.

Botnar det i dårleg sjølvtillit når vi ikkje brukar vårt eige språk? Eller er latskap årsaka? Vi kan i alle høve vere samde om at haldningar og gode førebilde er viktig, her også.

Eg har vore heldig og hatt språk og skriving som leveveg eit heilt yrkesliv. Som journalist i verdas største nynorske dagsavis, Firda Media, har det vore ekstra viktig å prøve å skrive rett og godt. Eg har arbeidd mykje med næringsliv og rettsjournalistikk, og då kan det vere ekstra utfordrande å finne gode og presise norske ord. Men når eg får det til, kan journalisten gjere kompliserte saksfelt lettare å skjøne for lesarar utan spesialkunnskap og fagterminologi innanbords.

Mitt nyttårsønske er at fleire, om dei snakkar frå talarstolen i Stortinget eller i kommunestyret, skriv i avisa eller på Facebook, vert intervjua i fjernsynet, slår av ein prat utanfor butikken, eller underviser og driv oppseding i eit klasserom, let det gå sport i å bruke og finne gode norske ord. Då vert dagen god, anten vi brukar dialekt, nynorsk eller bokmål.

Her er lista til Språkrådet med forslag til norske ord i staden for engelske ord og uttrykk.