La fram viktige nynorsksaker
19.10.2026
Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret) og Peder Lofnes Hauge (leiar i Noregs Mållag) representerte Nynorsk forum.
Måndag 19. oktober var vi på høyring i utdannings- og forskingskomiteen. Vi la fram fire viktige saker.
Nynorsk lesesatsing
I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til lesetiltak. Dersom staten ikkje har eit språkperspektiv i slike satsingar, risikerer ein at dei berre fører til meir bokmål for nynorskselevane. Difor meiner vi det må øyremerkast midlar til nynorsktiltak.
Vi fremjar eit nynorsk språkkrav og at 10 % av midlane til lesetiltak vert øyremerkte til nynorsktiltak.
Norsk Barneblad
Vi ønsker eit grunntilskot på 1 million kroner til arbeidet Norsk Barneblad gjer for lesing og læring på tvers av sjangrar. Alt innhaldet i Norsk Barneblad er på nynorsk, og målgruppa er barn i alderen 7 til 14 år.
Digitale og fysiske læringsressursar på nynorsk
Då opplæringslova vart vedteken i 2023, ønskte fleire at digitale læringsressursar skulle ha nynorskkrav på seg. Ein rapport frå NIFU viser at det finst langt færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål. Det er alvorleg for nynorskelevane. Vi ber om at det vert øyremerkt 15 millionar kroner til ei støtteordning for utvikling av nynorske læringsressursar.
Nynorske læremiddel i høgare utdanning
Studentar må kunne møte kunnskapsspråket nynorsk gjennom heile utdanningsløpet. Vi ønsker at ordninga for nynorske læremiddel bør skiljast frå den generelle læremiddelordninga, og at løyvingane må aukast.