• Blogg
  • Læremiddel på nynorsk no!

Læremiddel på nynorsk no!

28.10.2021

IMG 1354 beskjært til nettside

Vi krev lærebøker og digitale læremiddel på nynorsk no! Bodskapen var krystallklar frå alle elevane som aksjonerte i Volda i dag.

Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Markeringa gjekk føre seg på Volda Campus Arena som ligg like ved Høgskulen i Volda. Leiar for Norsk Målungdom Frida Pernille Mikkelsen, nestleiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre og Tare Reklev Øverbø frå Volda vidaregåande skule heldt appellar. Elevar frå Volda ungdomsskule leia programmet. Rapparane Loui & Lexus heldt musikkinnslag.

Rammar nynorskelevane

Nynorskelevane får ikkje eit fullverdig læremiddeltilbod på eige språk. Forlaga nedprioriterer nynorskelevane, nynorskutgåvene av mange læremiddel kjem mange månader ut i semesteret og nokre nynorskutgåver kjem aldri. Den aukande bruken av digitale læremiddel har forsterka problemet, med læremiddel som berre kjem på bokmål eller berre er halvvegs omsette, og mange elevar får utdelt skriveprogram som ikkje eingong stør skriving på nynorsk.

Problemet råkar nynorskelevar over heile landet og gjer at dei ikkje får den mengdetreninga og språklege støtta som dei treng frå læremidla. I år er det 50 år sidan 30 000 personar på ulike stader i landet gjekk i demonstrasjonstog for å få lovfesta at nynorske lærebøker skulle kome til same tid og same pris som bokmålsbøkene. Det var elevar i Øystese som 28. oktober 1971 starta det heile. I 1974 vart kravet lovfesta. Likevel har me sett at lova vert broten jamleg, og digitaliseringa i skulen har forsterka problemet.

Opplæringslova seier at alle læremiddel skal kome på nynorsk til same tid og same pris. Problemet med opplæringslova er at definisjonen av kva som er læremiddel, er utydeleg og for lite tilpassa til den digitaliserte skulekvardagen i 2021. Dessutan er det ingen som har eit tydeleg ansvar for å passe på at nynorskelevane faktisk får det dei har krav på. Dermed satsar læremiddelprodusentane på at dei skal sleppe unna med ikkje å lage dei nynorskutgåvene elevane treng.

For fyrste gong på særs mange år skal det no lagast ei ny opplæringslov. Forslaget til lova er no ute på høyring. Med aksjonen i Volda har elevane sagt frå om at noko må gjerast for å sikre nynorske læremiddel i den nye opplæringslova.

Me må få ei opplæringslov som tek rettane til nynorskelevane på alvor!

IMG 1373 beskjært til nettside
Frå venstre Tare Reklev Øverbø som er elev ved Volda vidaregåande skule, nestleiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre og leiar for Norsk Målungdom Frida Pernille Mikkelsen.