Lån klassesett med nynorske bøker
30.06.2026
Vi har oppretta ein ny kategori på Nynorskbok.no som heiter klassesett. Her får du oversikt over klassesett for ulike aldersgrupper som du kan låne gjennom Depotbiblioteket. Vi på Nynorsksenteret har laga undervisningsopplegg til mange av bøkene.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Visste du at det finst over 150 nynorske klassesett for barn og ungdom i Depotbiblioteket? Her finn du alt frå klassikarar av Maria Parr til nyutgjevingar. På Nynorskbok.no finn du ei god oversikt: Klassesett. Du kan også velje kva aldersgruppe klassesettet skal vere for.
For at barn og ungdom skal bli trygge i nynorsk, treng dei å lese mykje på nynorsk. Ved å låne klassesett kan heile klassen ta del i felles leseopplevingar.
Vi på Nynorsksenteret har laga undervisningsopplegg til mange av bøkene. På Nynorskbok.no får du oversikt desse opplegga: Klassesett med undervisingsopplegg.
Korleis låne?
Ønsker du å låne eit klassesett?
- Gå inn på nettsida til Depotbiblioteket.
- I margen til venstre kan du velje: Vis berre ledige titlar, kva aldersgruppe boka skal passe for, og språk: Nynorsk
- No får du ei oversikt oversikt over kva klassesett som er ledige på nynorsk.
- Når du trykker på ei bok, får du informasjon om kor mange eksemplar av denne boka som er ledige.
- Dersom skulebiblioteket har biblioteknummer i BaseBiblioteket, kan dei bestille klassesett for deg. Om ikkje, kan du kontakte det lokale folkebiblioteket ditt.
Klassesetta fungerer som eit vanleg fjernlån med ei lånetid på 8 veker. Ved behov kan du fornye lånet på depotbiblioteket.no. Det er ikkje mogleg å reservere klassesett som allereie er utlånte.
Bestillingane vert pakka og sende frå Depotbiblioteket dagen etter bestilling. Leveringstida for klassesett er den same som for vanlege fjernlån.
Har du spørsmål?
På nettsida til Depotbiblioteket kan du lese meir om klassesett. Ta gjerne kontakt med Depotbiblioteket dersom du har spørsmål om utlån, levering eller retur av klassesett. Du kan sende ein e-post til: depotbiblioteket@nb.no eller ringe: 75 12 12 82.
Det er fylkeskommunane Vestland og Møre og Romsdal som står bak utvalet i den nynorske samlinga. Dersom nokon har innspel til samlinga eller ønsker å melde inn konkrete bøker, ta kontakt med seniorrådgjevar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune, Silje Jansen Nybø: silje.jansen.nybo@vlfk.no.