• Blogg
  • Arbeid med Duun i vidaregåande

Arbeid med Duun i vidaregåande

27.10.2026

Somareventyr ikon

Dei fleste av oss har nok fått med seg at det i år er 150 år sidan Olav Duun vart fødd.  

I siste utgåve av Norsklæraren kan vi lese «Det er vakkert sagt, men stygt meint. Leseerfaringar i Olav Duun sitt forfattarskap i høve 150-jubileet» av norsklektor Bodil Hernesvold. Hernesvold skriv mellom anna om «Ørnungen», eit kapittel frå barneboka Sommar-eventyr, og om undervisningsopplegget ho gjennomførte saman med elevane sine på Vg1 studieførebuande. Hernesvold har delt undervisningsopplegget med Nynorsksenteret, til glede for lesarane våre.  

Nokre av oss som arbeider ved Nynorsksenteret, og som underviser i vidaregåande skule, har allereie fått testa ut deler av opplegget. Her er absolutt ein fin innfallsvinkel til å arbeide med Duun i klasserommet.  

Takk til deg Bodil Hernesvold som deler det med oss!

Somareventyr ikon
«Ørnungen» av Olav Duun

Lese- og skriveoppgåver med utgangspunkt i kapittelet «Ørnungen» frå Sommar-eventyr av Olav Duun.

I samband med Olav Duun-året har vi òg snakka med Duun-ekspert Heming H. Gujord ved Universitet i Bergen. Han peikar på tre viktige grunnar til at Duun framleis er ein aktuell forfattar å arbeide med i skulen. Ønskjer du å vite meir om kvifor Duun framleis er relevant, kan du lese intervjuet med Gujord her. 

FOTO SARA BERNTSEN SAMLAGET
Heming H. Gujord (Foto: Sara Berntsen)

Er Olav Duun framleis ein aktuell forfattar å arbeide med i klasserommet?

Dette var spørsmålet vi stilte professor og Olav Duun-ekspert Heming H. Gujord ved Universitetet i Bergen. Han viser til at spørsmålet kan få ei heil rekke svar, men løftar fram tre moment: 

  1. Duun demonstrerte korleis ein kunne skrive sterk litteratur i eit folkeleg og talemålsbasert språk som i prinsippet hadde låg status.  
  2. Duun bygde konfliktane i bøkene sine på sosiale spenningar som vi kan sjå igjen i dag. Dette gjeld til dømes forholdet til samane. Forholdet mellom «Den eine og dei andre», enkeltmennesket stilt overfor eit kollektiv med makt, går igjen på ulike nivå i bøkene hans. 
  3. Duun hadde ei særleg evne til å framstille verda frå ulike perspektiv. Feministen Mimi Sverdrup Lunden hevda at ingen hadde forstått kvinner betre enn Olav Duun. Dette var litt av ein attest å få for ein mannleg forfattar på 1930-talet.  

Kva innsikter frå forfattarskapen til Duun kan hjelpe oss å forstå samtida vi lever i? 

– Rune Slagstad har omtalt Duun som ei av si tids store sosiologar ved sida av Ernst Sars og Inge Krokann. Sjølv har eg skrive om Duuns litterære verd som ei 'medverd' der han spelar ut ulike konfliktkonstellasjonar som vi kan lære av fordi vi sjølv ikkje er bundne og har interesser i det som spelar seg ut i verket. No vil det alltid vere svært krevjande å forstå si eiga samtid. Ein kan også innvende, som til dømes Dag Solstad har gjort, at det var sider ved Duuns samtid som Duun sjølv ikkje kunne forstå. Men om no vi skal forsøke å forstå vår eiga samtid, vil det vere til stor hjelp å sjå tilbake på historia, og fiktive framstillingar av historia, for å sjå på dei konfliktane som er framstilte der. Sjølv har eg då forsøkt å gjere dette i artikkelen «Kva kan vi lære av Odin?» i boka Olav Duun. Menneske og natur (2025).  

Tips til vidare lesing 

Gujord, H.H. (2025). Kva kan vi lære av Odin? I G. F. Syéd & H. Kjelen (Red.), Olav Duun. Menneske og natur (s. 229–251). Fagbokforlaget. https://doi.org/10.55669/oa721011 

Denne antologien ligg fritt tilgjengeleg på nett og inneheld artiklar med mange interessante perspektiv som kan vere nyttige å ta med seg i undervisinga. Artiklane tek mellom anna opp relevansen til forfattarskapen til Olav Duun, plassen hans i norsk litterær kanon og det historiedidaktiske potensialet i tekstane hans. 

Syéd, G. F., & Kjelen, H. (Red.). (2025). Olav Duun. Menneske og natur. Fagbokforlaget. https://doi.org/10.55669/oa7210 

Nettstaden olavduun.no kan vere ein nyttig ressurs i undervisinga om Olav Duun og forfattarskapen hans. 

Fleire Duun-ressursar

Duun ikon

Ulike grammatikkoppgåver med utgangspunkt i starten på Duun-novella «Utpå stupe».

Olav Duun 1936 ikon

Novella «Utpå Stupe» er her utgangspunkt for litterære oppgåver. Elevane kan arbeide aleine eller saman med ein læringspartnar.