«Ørnungen» av Olav Duun

Dette opplegget er utvikla av norsklektor Bodil Hernesvold.

Somareventyr

Barneboka Sommer-eventyr: Guttefortælling vart først gitt ut på bokmål i 1913 under pseudonymet Ole Raabye. I 1935 kom boka i nynorsk utgåve, først med tittelen Somar-eventyr og dernest Sommar-eventyr. Her møter vi Sandbakk-gutane, to brør, by-guten Reidar som er i bygda over sommaren, og nabojenta Marta. Dei har stor fridom til å utforske naturen på eiga hand – jamfør tittelen på boka. Kapittelet som heiter «Ørnungen» kan godt lesast som ei frittståande forteljing. Det vi treng vite, er at Elias, ein av naboungane, er lang, men dum, og han har nett fått eit sildesteng, altså ein større fangst av sild. Handlinga går føre seg på trøndelagskysten. Det kan òg vere verdt å vite at på denne tida var det skotpremie på ørn, fordi ørna var ein trugsel mot dyr på beite. I dag er det ikkje lov å skyte ørn eller raide ørnereir.

Teksten passar godt til høgtlesing. Slik kan ein stoppe ved vanskelege ord og finne ut av handlinga i lag. Medan læraren les, får elevane ulike lytteoppgåver og skriv ned det dei finn ut om:  

  • korleis vind, hav og himmel blir skildra (her er mange besjelingar)
  • kva for kjensler ungane gir uttrykk for
  • korleis risiko, fare og tvil blir skildra
  • korleis ørnungen og ørnemora blir skildra

Litterære oppgåver

  1. Gjer greie for korleis naturen blir skildra. På kva måtar får naturen symbolsk verdi? Står borna over naturen, eller er dei prisgitte naturkreftene? Sjå til dømes på dette sitatet: «Framande fjell og bygder blåna fram på alle leier, dei hadde aldri drøymt om at det var til. Dei vart framande sjølve her. / Ja, men så var det ørnereiret» (s. 61).
  2. Kva slags forteljar(-ar) møter vi i historia? Kva verknad har dette for korleis vi oppfattar jakta på ørnungen og risikoen dei er villige til å ta?
  3. Lag ei visuell framstilling av korleis ungane flyttar seg opp og ned i terrenget.
  4. Finn likskapar mellom borna og ørnungen. Vurder om det er slik at borna prøver å vinne over ørnungen.
  5. Kva meiner du er tematikken (tematikkane) i novella? Grunngi svaret ditt.  

Skriveoppgåver

Analyse 

Bruk sitatet under som utgangspunkt og skriv ein analyse av teksten.  

«Nei, dei burde vel ikkje ha lagt i veg. Det var så det. Men der, berre beint over Langskaret, låg fjellet med ørnereiret og ungane, heile herlegdomen. Det steig så fint, det fjellet, med mose og lyng oppetter den breie ryggen sin, sola skein merkeleg så lettliva der borte, dei såg buskar og stigar og stein, det hadde aldri vore så nær dei før. Dei måtte i veg.»

Kreativ tekst: høgdeskrekk

Har du høgdeskrekk? Korleis kjennest det ut? Er det noko reint fysisk, eller kan vi forstå skrekken symbolsk òg? Bruk sitatet som utgangspunkt, og skriv om fenomenet høgdeskrekk. 

«Floget gjekk tvert ned like ved føtene deira, vart så å seia borte under dei, — langt, langt der nede såg dei tangfjøra, berre som ei smal rand; det saug fælsleg i dei, ville ta dei utfor og dra dei ned» (s. 61–62).  

Eit flog = ein bratt fjellvegg 

Fagartikkel: Barndom før og no

Sjølv om det kjem fram at borna går opp på fjellet utan lov, og er litt redde for kjeft etterpå, er det klårt for oss at dei har langt større fridom til å utforske omgivnadene og sine eigne grenser enn det dei fleste born har i dag. Det er ikkje det same som å seie at desse borna ikkje fekk oppseding. Dessutan tviler dei sjølv på om dei skal dra opp til reiret. Kor gjekk grensene for kva du kunne utforske då du sjølv vaks opp? I kva grad utfordra du det som var trygt? Bruk Duun sin tekst som utgangspunkt, og skriv ein fagartikkel om barndom før og no.  

Tips til faglitteratur:  

Isaksen, G. E., Norderhus, R., & Øksnes, M. (2021). Ikke dårligere enn før, men annerledes: En generasjonsstudie av lek i barndommen. Barn – forskning om barn og barndom i Norden, 39(1). https://doi.org/10.5324/barn.v39i1.3763 

Fagartikkel: Normendringar

Olav Duun er oppteken av korleis kvar enkelt av oss har fridom til å velje mellom rett og gale, men av og til er ikkje dette skiljet like klårt for oss. Ulike krefter kan dra oss i ulike retningar. Når desse borna vil fange ørnungen, tenker vi kanskje at handlinga er gjort i vondskap, at ho er feil. Men er det rett å døme dei for det, berre fordi det ikkje er lov å skyte rovfugl i dag?

Leit etter informasjon om ulike syn på rovdyr i naturen i dag. Kan ein jakte på bjørn? Kva med sauer på beite, har dei noko vern mot rovdyr?  

Skriv ein fagartikkel om normendringar og ulike syn på rovdyr. Bruk døme frå «Ørnungen» i teksten din, i tillegg til informasjonen om rovdyr som du har funne sjølv.  

Tips til litteratur: