Nynorsktipset: Treng vi menn?
23.10.2026
Eg er Ole Kristian Skavhaug, og eg underviser i norsk ved Cissi Klein videregående skole. Her deler eg eit opplegg som fungerte godt i norsk Vg3.
Vi las romanen 11 % av Maren Uthaug som skildrar eit framtidssamfunn der kvinner har makta, og der menn berre utgjer ein liten del av befolkninga, rundt 11 prosent. Romanen snur kjende maktforhold på hovudet og undersøker kva som skjer med samfunn, relasjonar og verdiar når kjønnsrollene blir radikalt annleis.
Dette er ein tekst eg har erfart at fungerer utruleg godt i vidaregåande, særleg lesen saman med Niels Klims underjordiske reise av Ludvig Holberg.
Eg ville leggje opp til eit arbeid som både utfordra elevane og gav rom for fagleg refleksjon og meiningsutveksling. Gjennom å lese 11 %, også saman med Niels Klim, fekk elevane utforske korleis litteratur kan bruke overdriving og alternative samfunn for å kritisere eigne normer. Samtidig kopla vi arbeidet til opplysningstida og idear om fornuft, likskap og maktkritikk.
Eg opna økta med eit ganske direkte spørsmål til elevane: «Treng vi menn?» Det tok ikkje mange sekund før det byrja å murre i rommet. Nokre lo, andre rista på hovudet, og fleire kasta seg rett inn i diskusjonen. «Det går jo ikkje an å spørre om det der, det er jo heilt feil!»
Eit viktig poeng i opplegget var å skape dilemma som elevane måtte ta stilling til. Spørsmål som «Er dette samfunnet betre, eller berre annleis?» og «Er det rettferdig viss det går utover nokon andre?» gjorde at elevane ikkje kunne svare enkelt, men måtte argumentere, nyansere og lytte til kvarandre.
Eit konkret døme vi brukte, var dette: «Dersom eit samfunn fungerer godt for fleirtalet, men krev at ei lita gruppe får færre rettar, kan det likevel kallast rettferdig?» Her delte elevane seg raskt i ulike leirar, og mange måtte justere standpunkta sine undervegs når dei møtte motargument.
Vi starta med å lese eit utdrag frå 11 % i fellesskap, før elevane diskuterte i par og deretter i plenum. Vidare arbeidde vi med Niels Klim, der Ludvig Holberg skildrar alternative samfunn gjennom satire. Elevane fekk samanlikne korleis begge tekstane bruker «omvende verder» for å seie noko om makt, kjønn og samfunn.
Ein viktig del av opplegget var fagsamtalar i grupper, der elevane fekk utforske eigne tankar før dei delte i plenum. Her bad eg dei trekkje inn eigne døme: Kvar ser vi makt og kjønnsroller i samfunnet vårt i dag? Finst det situasjonar der rollene er snudde? Dette gjorde samtalane meir konkrete og relevante, og fleire elevar tok aktivt del i diskusjonen.
Erfaringa mi er at tekstar som utfordrar elevane, ofte skaper mest læring. Når ein startar med eit ope dilemma utan fasitsvar, blir elevane tvinga inn i ekte meningsutveksling. I tillegg blir litteraturen meir meiningsfull når elevane får bruke eigne erfaringar og perspektiv inn i arbeidet.
Når dette fungerer best, handlar det ikkje berre om å analysere tekst, men om å bruke litteraturen som ein arena for å tenkje, diskutere og forstå verda litt betre.