• Blogg
  • Ny versjon av Nynorskbok

Ny versjon av Nynorskbok

06.09.2022

Skjermdump av nye Nynorskbok til nettside

Denne veka har nettsida nynorskbok.no blitt oppgradert slik at det skal verte enklare å få oversikt over gode bøker på nynorsk.

Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Mange lærarar og barnehagelærarar spør om tips til gode, nye nynorskbøker dei kan bruke og tilrå. Vaksne kan hjelpe barn og unge med å finne gode bøker gjennom nye Nynorskbok, der det finst omtalar av rundt 1000 bøker.

– Målet med oppgraderinga er å gjere vegen kortare til å sjå det utvalet som finst, seier Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

Oversikt over nye bøker

På framsida til nynorskbok.no skal du raskt få oversikt over kva nye bøker som har kome ut for ulike aldersgrupper. Bøkene er delte inn i fire hovudkategoriar: Barnehage (0–6 år), barneskule (6–12 år), ungdomsskule (12–16 år) og unge vaksne (16 år og oppover). Det finst bøker i ulike kategoriar – alt ifrå krim til biletbøker.

Når du har valt ein kategori, skal du få opp fleire tips til bøker som passar for aldersgruppa du har valt. Målet med nynorskbok.no er å gjere det lettare for alle å finne fram til gode nynorskbøker. Dette er spesielt viktig for dei som arbeider i barnehagar, skular og bibliotek. På nettsida finn du også boklister, podkastar med forfattarintervju og bøker med undervisningsopplegg.

Portrettfoto Arild Torvund Olsen til nettside
Arild Torvund Olsen

Kvifor nynorske bøker?

For å verte ein god nynorskskrivar må ein lese mykje på nynorsk. Det gjeld både elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med nynorsk som sidemål.

– Vi meiner det er viktig at barn og unge les nynorske bøker, både fordi bøkene er svært gode, og fordi lesarane treng nynorsk mengdetrening, seier Arild Torvund Olsen.

Lærarar kan arbeide så mykje dei vil med grammatikk i klasserommet, men om ikkje elevane får nok mengdetrening, får dei aldri språket under huda. Gode bøker på nynorsk er rett og slett ein god måte å gje elevane den mengdetreninga dei treng og fortener.

– Å lese nynorske bøker gjev ein ekstra gevinst til lesarane, ved at dei – i tillegg til livsmeistring og underhaldning – får både kvalitet og språkmeistring med på kjøpet, seier han.