• Blogg
  • Lese og skrive og rekne er bra – Men å få synge det gjer oss glad!

Lese og skrive og rekne er bra – Men å få synge det gjer oss glad!

08.05.2024

Foto songstund Ingvild Myklebust Hovden til nettside

Alle menneske har ein ibuande musikalitet, og song er ei sentral uttrykksform. Desse songressursane vil inspirere og gi auka medvit til å bruke den nynorske songskatten gjennom heile opplæringsfeltet i glade mai- og junidagar. Tra-la-la-la! 

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Det er berre gode grunnar til å innlemme songen, og her særleg den nynorske songskatten, i skulekvardagen og markeringane på skulen. Dette er uavhengig av trinn, nivå og alder, eller om du lærer nynorsk som sidemål, som hovudmål eller som andrespråk. Stemma, både i tale og i song, er av dei viktigaste reiskapane vi har som individ, i sosiale fellesskap og for integrering. Vi utviklar oss helst i heilskap, der hovud, hjarte, magekjensle og sprell levande lemmar lever og lærer best i eit samspel. Songen har kraft og moglegheiter i seg sjølv og innanfor tema som kan knytast til læreplanverket og grunnskulelærarutdanninga. 

Stikkord som støttar song i opplæringa, er stemme, musikalitet, rørsle og dans, estetisk læring og moglegheiter, tilpassa opplæring, digital teknologi, aktivitet, leik og utforsking. God profesjonskompetanse inneber god norskkompetanse. Norsk skriftspråk er bokmål og nynorsk, jamstilt. Som lærar er du språklærar i alle fag, og som språklærar er du også språkbrukar, språkanalytikar og kulturdannar. Å bruke den nynorske songskatten i einskildfag, tverrfagleg og estetisk, bygger opp om god kulturdanning, opplæring og nynorskopplæring. 

Ver gjerne merksam på gode nynorske songskattar i song- og musikkopplevingsappen Trall. Her kan du finne kjente og ukjente songar, nye og gamle. Her kan ein til dømes synge karaoke, dempe vokalen og synge på eiga hand, bruke songtekstar som støtte, få informasjon om og historia bak songane, oppleve musikken visuelt, og få inspirasjon frå ferdige spelelister eller lage eigne (gjerne med nynorsk merking). På Songboka.no finn du også nynorske barnesongar som kan brukast breitt.

Visste du forresten at 8. mai arrangerer Musikk i Skolen Skolenes sangdag?

Syng av hjartans lyst, med eller utan akkompagnement eller digital støtte! Dans og gynge om du vil eller må! Her finn du ei rekke songar og undervisningsopplegg som du kan nytte norskfagleg, tverrfagleg og estetisk om våren: 

Vennskapssongen (Synne Vorkinn og Bjørn Helge Gammelsæter, Nynorsk kultursentrum)

Speleliste med nynorske songar

Speleliste nynorske barnesongar

Folkepedia.no

Folkemusikk i barnehagen, Pirion.no

Vårsong (Odd Nordstoga)

Bestevenn (Odd Nordstoga)

Vår (Jon Fosse og Gabriel Fliflet)

Vårvise (Haldis Reigstad)

No livnar det i lundar (Elias Blix og Ludvig M. Lindeman)

Sommaren er dorsk (Jon Fosse og Gabriel Fliflet)

Sommar (Gaute Øvereng)

Bind deg ein blomekrans (trad.)

Indianarsongen (trad. til nynorsk ved Geirmund Johnsen)

Nordmannen (Mellom bakkar og berg) (Ivar Aasen og Ludvig M. Lindeman)

Nordmannen (trad. versjon) (Ivar Aasen og L. M. Lindeman)

Lev vel (trad.)

Eg veit ei lita jente (trad. Schirmer)

Eg og du i sol og vind (Hilde Myklebust og Siril Malmedal Hauge)

Songen til svala (Marie Heggen)

Fuglane (Per Olav Kaldestad og Gaute Øvereng)

Småsporven (Arne Garborg og Catharinus Elling)

Kråkevise (trad.)

Hanen stend på stabburshella (trad.)

Leitande etter blåmann (trad.)

Korleis du dansar (Naboen min)

Tonen (Lars Mæhle og Beate S. Lech)

Knokkelrock (Ingvill Sannes)

Glad i deg (Emil Skartveit og Egil Weider Hartberg)

Ein morgon blir til (Lars Mæhle og Beate S. Lech)

Kjelder:

Balsnes, A. H.; Danbolt, I.; Haukenes, S. (red.) (2024): Sangglede og stemmebruk i skolen. Gyldendal, Oslo. 

Haukås, Å. (2014). Metakognisjon om språk og språklæring i et flerspråklighetsperspektiv. Acta Didactica Norge, 8(2), Art. 7, 16 sider. https://doi.org/10.5617/adno.1130