• Blogg
  • Den nye vennskapssongen!

Den nye vennskapssongen!

18.04.2023

Elevar ved Haddal skule syng Kom som du er komprimert til nettside

«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk. Få med klassa eller skulen din og øv inn songen. Her finn du tekst, tekstvideo, lydfiler til songen og danseinstruksjonar.

«Kom som du er» er komponert av Synne Vorkinn i samarbeid med Bjørn Helge Gammelsæter på oppdrag frå Nynorsk kultursentrum, i samarbeid med Nynorsksenteret. Line Dybedal har sunge inn songen i studio.

Kom som du er ikon
Ressursside: Kom som du er

Her finn du songteksten, tekstvideo med songen, danseinstruksjonar, tekstvideo med instrumentalspor og tekstvideo med dempa vokal (til å syngje i lag med). I den siste versjonen har elevane hjelp til vokalen til Line Dybedal, men utan at ho overdøyver vokalen til elevane.

Gruppebilete av elevar ved Haddal skule venskapssongen komprimert til nettside
Elevar ved Haddal skule syng «Kom som du er» (Foto: Nynorsksenteret)