• Blogg
  • Lesetips til Sommarles

Lesetips til Sommarles

20.06.2023

Sommarles bøker for alle hovudbilete

Humlene summar og graset gror. Sommaren er her, og barna har tid til å lese bøker. Sommarles er Noregs største lesekampanje for elevar på 1. til 7. trinn. Målet med kampanjen er å lese mest mogleg i perioden 1. juni til 31. august. Barna samlar poeng og får premiar undervegs.

Tekst: Isabella Pareliussen og Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Korleis kan ein finne fram til gode, nynorske bøker å lese? Nettstaden Nynorskbok.no inneheld omtalar av nynorske bøker. Her kan du finne ut kva bøkene handlar om, kva type bok det er, og kven boka passar for. På nettstaden Lesedigg.no kan barna sjølve søkje etter bøker. Ein kan mellom anna velje om boka skal vere lang eller kort, skummel, humoristisk eller kanskje romantisk, eller om boka skal ha mange bilete. Om du tek turen til eit bibliotek, kan du også få gode tips.

Pepar Gulrot bok1 cover1 1

11 nye teikneseriar

Det siste året har det kome ut 11 nye teikneseriebøker for barn og unge på nynorsk.

Pepar og Gulrot Bok 1 er ein koseleg fantasy-teikneserie om Pepar, som er ei ung heks, og katten hennar Gulrot. Gjennom korte, humørfylte historier får vi vere med Pepar og Gulrot i kvardagen deira. Pepar melder seg på konkurransar i trylling, ho inviterer andre hekser til bursdagen sin, og ho leiter etter magiske ingrediensar til trylledrikkar som ho prøver ut på Gulrot. Pepar øver for å verte ei skikkeleg god og flink heks. Men Pepar har tre gudmødrer som har ansvaret for opplæringa hennar. Dei vil at ho skal verte ei ekte, fæl kaosah-heks. Men Pepar vil ikkje vere fæl.

Stripe
Paa fire bein Lengst vekke 768x1050

På fire bein. Lengst vekke er ein vakker teikneserie om Store Rev og Vesle Villsvin som reiser ut i verda. Denne gongen legg dei ut på eventyr, gjennom skummel skodde, plaskande regn og varmande solskin. Dei to venene reiser gjennom ukjende og framande landskap, og her møter dei ulike utfordringar som det er lett å kjenne seg igjen i.

Floke3 768x1044

Med Floke 3 – verdas ende avsluttar Ida Neverdahl den elleville og fantastiske teikneserietrilogien om Floke Skrufson, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd.

I dei to førre bøkene fekk Floke i oppgåve å redde verda frå ragnarok. Han har lagt ut på ei lang reise for å varsle Odin om at verdas ende er nær. I den siste boka kjem Floke og vennene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Her får dei samtale med Odin. Det vil seie, først må dei vinne over Odin i eit heseblesande kappløp med rullebrett, rulleskøyter og sparkesykkel over Bivrost, regnbogebrua som bind saman gudeverda og menneskeverda.

Tarjei 13 år

Tarjei 13 år av Anja Dahle Øverbye kan høve for dei eldste elevane i Sommarleskampanjen. I denne teikneserieromanen møter vi Tarjei, ein gut på 13 år. Han går på skulen saman med bror sin, Olav. Det er ikkje så lenge sidan foreldra deira vart skilde, og no har mora flytta saman med kjærasten Leif i huset hans. Tarjei og Olav må bu litt med far og litt med mor, og dette er uvant. Han lengtar tilbake til den gamle tida då familien budde i det ekte huset deira og mora og faren var saman. Tarjei synest synd i faren som no bur åleine når ikkje Tarjei og Olav bur der.

Stripe

Andre gode bøker

Det finst sjølvsagt også mange gode bøker å lese! For dei yngste sommarlesarane, kan Kåre og Marimba av Markus Lantto og Camille Kuhn, vere eit godt alternativ. Pølsetjuven og Polititjuven av Marianne Gretteberg Engedal er fine bøker som barna kan lese sjølve eller saman med ein vaksen. Det runde problemet eller Kunst og hærverk av Vegard Markhus er to lettlesne og populære barnebøker.

For dei yngste elevane

For dei litt meir erfarne lesarane kan vi anbefale bøkene i Klodeklubben-serien, som er skrivne av Ruth Lillegraven og illustrerte av Jens Kristensen. Den mystiske krukka av Solveig Blindheim Bendixen, Fiskebolleboksraketten av Anna R. Folkestad eller samleboka Absolutt Pode av Tor Arve Røssland er også gode alternativ. Familien Gnork er ei fartsfylt historie om venskap, fotball, store krokodillar med gneistrande tenner, flygande blåkvalar og irriterande klysegutar.

For dei mellomste elevane til nettside

Til dei eldste sommarlesarane tipsar vi om bøkene Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim. Ho har skrive ei lettlesen og fengande bok om rockejenter utanfor allfarveg. Kampen av Geir Egil Eiksund tek opp tema som homofili, kjærleik og vennskap.

For dei fotballinteresserte kan vi anbefale Historia om Erling Braut Haaland av Ørjan Zazzera Johansen.

For dei eldste elevane til nettside