Lagar litteratur- og filmfestival
07.01.2025
På Frøyland ungdomsskule har me lesing som satsingsområde. Dei siste åra har me hatt ei leseveke på timeplanen der det er opp til trinna å bestemme kva dei skal gjere. Ofte blir dette til at elevane går på biblioteket og låner bøker, og dei som liker å lese, synest det er heilt topp at det blir sett av tid kvar dag til å lese, medan dei som ikkje liker å lese, sit og blar i boka og lèt som dei les. I 2024 var det andre året på rad at me bytte ut den tradisjonelle leseveka med litteratur- og filmfestival.
Tekst og foto: Siw Svensen ved Frøyland ungdomsskule i Time kommune
Festivalen strekker seg over ei heil veke, med finale måndagen etterpå. Dei fleste timane på timeplanen går med, men kroppsøving og eit par andre timar blir gjennomførte som normalt. Me er sju klassar på skulen, og på førehand har norsklærarane plukka ut sju noveller og laga opplegg knytte til dei. Kvar klasse startar med å lese si hovudnovelle, og utover veka skal dei i grupper på tre til fire elevar lage ein film som er inspirert av novella. Dei skal sjølve vere skodespelarar, og alle på gruppa må bidra framføre eller bak kamera. Etter at dei har lese hovudnovella, går dei i gang med å lage manus, parallelt med at dei les og jobbar med dei seks andre novellene. Når fredagen kjem, har alle klassane lese dei same sju novellene, og alle klassane har laga filmar til kvar si novelle. Den beste filmen i kvar klasse, stemt fram av elevane sjølve, går vidare til den store finalen måndagen etterpå.
Finalen i litteratur- og filmfestivalen inneheld visning av sju vinnarfilmar, der heile skulen er publikum og alle kjenner innhaldet i dei sju novellene som har inspirert til filmatiseringane. I finalen er det gruppepremie for beste film, samt seks individuelle prisar. Beste rolle, beste replikk, beste kostyme, beste augeblink og ekstrapris 1 og 2. I juryen sit tre lærarar, ein elev frå kvart trinn og Utdanningsforbundet sin hovudtillitsvald i Time kommune, Christer Eliassen Espevik, som er tidlegare lærar ved skulen og sjølverklært litteratur- og filmentusiast. Ordførar Andreas Vollsund kastar glans og deler ut premiane.
Novellene som er med i år, er: Liket (Tor Jonsson), Mafioso (Kolbjørn Hauge), Heime-aleine-fest (Terje Torkildsen), Dypfryst (Roald Dahl), Alle vi (Marit Kaldhol), Nordsjøen (Marita Liabø) og Tre jenter som går opp på eit fjell ein sommardag og byrjar å gå ned igjen (Rønnaug Kleiva).
Seks av sju noveller er skrivne på nynorsk, og opplegget blir gjennomført av alle lærarane på skulen, ikkje berre norsklærarane. Alle lærarar er leselærarar.