Liv Kristin Bjørlykke Øvereng disputerer
25.11.2024
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er høgskulelektor ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda. (Foto: Vilde Moltudal Igland)
Fredag 29. november disputerer Liv Kristin Bjørlykke Øvereng for doktorgraden med avhandlinga Nettbrett i begynnaropplæringa: Ein studie av lærar–elev-interaksjon og bruk av nettbrett i klasseromspraksis.
Funn i studien viser at elevar har lite samhandling med læraren og andre elevar når dei bruker nettbrett. Samstundes viser intervju med lærarane at dei er bevisste om kva tid, kor mykje og i kva aktivitetar nettbrett bør brukast i undervisninga.
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er høgskulelektor ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda. Ho har følgt doktorgradsprogrammet i utdanningsvitskap ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger.
I den artikkelbaserte doktoravhandlinga si har ho forska på bruk av nettbrett i begynnaropplæringa, og ho har studert kva påverknad bruk av nettbrett har på klasserompraksisar. Ho har hatt særleg vekt på samhandling mellom lærar og elev i digitale klasseromspraksisar.
Avhandlinga er ein del av forskingsprosjektet DigiHand, som er støtta av Noregs Forskingsråd.
I studien nyttar Øvereng fleire metodar (metodetriangulering), men legg hovudvekta på det kvalitative. Det har vore nytta observasjon, intervju og videostimulert refleksjonsdialog i datainnsamlingane. Observasjonen har bestått av videoopptak av undervisning med vekt på interaksjonar mellom lærar og elevar i digitale klasserom. 18 klasserom har vore filma i 1. klasse.
Kva forskinga viser
Den overordna problemstillinga i studien er Korleis påverkar nettbrett klasseromspraksis i begynnaropplæringa?
Bjørlykke Øvereng samanfattar hovudfunna sine slik:
- Elevane som er undersøkte i studien, går i klasserom med kvalitativt god emosjonell støtte og god organisering. Men samstundes viser studien at det er låg kvalitet innanfor tilrettelegging for utvikling av elevar si djupare faglege og språklege forståing.
- Funn i studien viser at det i nettbrettsituasjonar er lite samhandling der elevar har ei aktiv læringsrolle i interaksjon med andre, lærar eller elevar. Dette er eit gjennomgåande kjenneteikn i digitale klasserompraksisar i materialet, at elevane arbeider mest individuelt ved bruk av nettbrettet.
- Lærarane sine perspektiv på bruk av nettbrett i begynnaropplæringa viser ei bevisstheit om kva tid, kor mykje og i kva aktivitetar nettbrett skal brukast i undervisninga, og at nettbrett vert brukt når lærarane opplever at det er meiningsfullt for elevane sine læringsprosessar.
Studien bidreg med kunnskap om praksisar i digitale klasserom og korleis kvalitetsaspekt i undervisninga kan vere påverka av ei digitalisering i undervisninga. Studien viser på den eine sida at nettbrettet som ny ressurs i klasseromspraksis i begynnaropplæringa kan bidra til mindre interaksjon mellom lærar og elev, og dermed bidra til å svekke ein kjerneverdi i god undervisning. Studien viser likevel også at det er eit potensial for ein praksis som også legg vekt på elevane sin sosiale læringsarena med nettbrett. Eit potensial gjennom aktivitetar og organiseringar som fremmer ein praksis for utforsking og samtale, er tilgjengeleg, men er likevel ikkje nytta i særleg grad i nettbrettsituasjonar. Det er eit særleg potensial i begynnaropplæringa å utvikle og bruke dei sosiale læringssituasjonane, også med nettbrett.
Les meir om disputasen på nettsida til Universitetet i Stavanger.
Disputasen kan strøymast via denne lenka.
Kontaktinformasjon:
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
E-post: overengl@hivolda.no
Mobil: 994 42 110