Løfta fram nynorsk leselyst på skulebibliotekkonferansen
15.10.2026
Jorid Saure ved Nynorsksenteret.
Denne veka gjekk den nasjonale skulebibliotekkonferansen av stabelen i Kristiansand.
Konferansen samla 280 engasjerte deltakarar, og i salen sat skulebibliotekarar, leselærarar, prosjektkoordinatorar for skulebibliotek, skuleleiarar og andre. Jorid Saure ved Nynorsksenteret og skulebibliotekar Tonje Noréa Gauden ved Øystese skule og Kvam ungdomsskule hadde eit innlegg om leselyst på nynorsk. Ein viktig bodskap frå Nynorsksenteret er at staten må endre innkjøpsordningane, stønadsordningane og distribusjonsordningane slik at nynorskelevane får tilgang til eit større og breiare utval av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Tonje Noréa Gauden viste fram korleis ho arbeider med å formidle nynorsk litteratur i møte med elevane og korleis ho sikrar at elevane les og møter nok bøker på nynorsk i skulebiblioteket.
Under konferansen vart det også delt mange andre inspirerande døme frå skulebiblioteka. Blant anna fekk deltakarane høyre om korleis Stian Ruud ved Åse skule i Ålesund kommune har klart å skape eit levande skulebibliotek, til trass for at det er plassert i ein travel gang. Mange skulebibliotekarar nikka gjenkjennande til dei litt utfordrande rammevilkåra Ruud viste til under innlegget.
Nettopp dei utfordrande rammevilkåra for skulebiblioteka var eit viktig tema under konferansen. Sjølv om skulebiblioteka vert løfta fram politisk som ein viktig pedagogisk arena og eit satsingsområde, opplever svært mange skulebibliotekarar at dei må kjempe seg til små prosentstillingar, og at mykje tid blir brukt til administrativt arbeid framfor litteraturformidling. Nynorsksenteret stiller seg bak kravet frå Skolebibliotekarforeningen om at det må tildelast fleire ressursar til opprusting av skulebibliotek og til å sikre kvalifiserte fagfolk i skulebibliotekarstillingane. Det er ikkje minst viktig for at skulebiblioteket skal kunne bidra til å utvikle lese- og skriveferdigheitene til elevane på nynorsk.