• Blogg
  • Løfta nynorsksperspektivet i møte med departementet

Løfta nynorsksperspektivet i møte med departementet

25.09.2026

Direktoratet og Språkrådet komprimert til nettside

Frå venstre: Nina Teigland (konstituert direktør i Språkrådet), Jorid Saure (Nynorsksenteret), Sigfrid Tvitekkja (Kultur- og likestillingsdepartementet), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (Nynorsksenteret), Marianne Aasgaard (Språkrådet) og Lars Ivar Nordal (Språkrådet).

Nynorsksenteret har vore i møte med Kultur- og likestillingsdepartementet saman med representantar frå Språkrådet.

Frå Nynorsksenteret deltok Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Jorid Saure. Departementet ønskte innspel om kva faktorar i opplæringa som påverkar norsk som samfunnsberande språk, og kva vi treng meir kunnskap om. 

– Vi er svært glade for å ha blitt inviterte. Som Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har vi ei viktig rådgivande rolle overfor styresmaktene. Det er mykje som skjer i opplæringsfeltet for tida, og skulen står framfor endringar. Det gjer det særleg viktig å sikre at  nynorskperspektivet blir teke med, og at nye tiltak byggjer på kunnskap, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein. 

I møtet vart det mellom anna teke opp kor avgjerande den eigne sidemålskarakteren er for nynorsk som samfunnsberande språk. Dei snakka også om behovet for å få betre kunnskap om nynorskopplæringa elevane faktisk får, og om kva undervisingsmåtar som verkar. Eit anna tema var korleis lærarutdanningane kan sikre at lærarar får den nynorskkompetansen dei treng.  

Nasjonal lesesatsing

Den nasjonale lesesatsinga var eit anna viktig tema.  

– Eit leseløft må òg vere eit språk- og skriveløft, fordi lesing, skriving og språkkompetanse må sjåast i samanheng. Nynorskelevar må få tilgang til bøker og læringsressursar på sitt eige skriftspråk, seier Jorid Saure.  

Ho åtvarar om at lesesatsinga kan auke bokmålspresset på nynorskelevane dersom nynorsk ikkje får ein tydeleg plass.  

– Nynorsksenteret etterlyser midlar til å bidra med kompetanse og ressursar i lesesatsinga, slik at dette blir ei satsing for alle elevar og i tråd med måla for norsk språk- og opplæringspolitikk, understrekar ho.