• Blogg
  • Lydbøker på nynorsk hjå NLB

Lydbøker på nynorsk hjå NLB

01.04.2020

Lydbok1 768X576
Lydbok2
Lydbøker på nynorsk hjå NLB

Har du elevar i klassen som treng lydbok? Denne lista viser 155 nynorske lydbøker for barn og ungdomar i NLB-biblioteket. På dei nyaste bøkene finn du peikar til omtale av boka på nynorskbok.no.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek er biblioteket for barn, ungdomar, vaksne og studentar som strevar med å lese. Alle som har vanskar med å lese trykt tekst og vanlege bøker grunna funksjonsnedsetting eller sjukdom, kan melde seg inn.

Her finn du meir informasjon om kven som kan låne bøker frå NLB-biblioteket: https://www.nlb.no/bli-laner/hvem-kan-laane

NLB har sortert bøkene etter tema: dyr, spenning og grøss, kjærleik, vere barn, gamle dagar, fantasi og eventyr, sport, humor. Mange av bøkene passar i fleire kategoriar, men i lista har vi valt å leggje dei til berre ein av kategoriane.

Ved å bruke desse bøkene kan du leggje til rette for at elevane kan ta del i dei same lesaropplevingane, både dei som lyttar og dei som les.