• Blogg
  • Leik med skrift i barnehagen

Leik med skrift i barnehagen

19.08.2020

Gut Leikar Med Mat2 Komprimert

Å få barna interesserte i skriftspråket handlar ikkje om å lære dei å skrive, men om å gi dei gode erfaringar med skrift i bruk.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Det er stor variasjon i kva dei vaksne i barnehagen legg i omgrepet språkstimulering, viser ein studie frå Høgskulen i Volda. Masterstudien Skriftkultur i barnehøgd – Den vaksne som tilretteleggar for nynorsk språkstimulering i barnehagen (Vadstein, 2018) viser at det også er behov for å løfte fram korleis ein kan jobbe med skriftspråkstimulering på barnehagen sine premissar.

Redde for å drive undervising

Rammeplanen frå 2017 legg større vekt på «skriftspråkstimulering» enn tidlegare planar. Faglitteraturen argumenterer for at det ikkje er konflikt mellom det å drive skriftspråkstimulering og det å bevare barnehagen sin eigenart og kultur. Likevel er det mange pedagogar som vegrar seg når dei vert spurde om «skriftspråkstimulering», og fortel at dei er redde for å drive undervising og formell skriveopplæring. «Men eg er påpasseleg med å ikkje drive undervising, altså!» seier ein av pedagogane i studien. I det ligg det truleg ei forståing av skrift som noko som høyrer skulen til, noko som kjem etter at talespråket er på plass, og ikkje noko som høyrer barnehagen til. Denne artikkelen presenterer kva skriftspråkstimulering i barnehagen kan vere, og korleis den vaksne kan leggje til rette for det på barna sine premissar.

Skrift rundt oss på alle kantar

Også små barn utviklar ei forståing av at lesing og skriving er reiskapar for kommunikasjon. Dei vert sosialiserte inn i ein skriftkultur (Barton, 2007). Vi har skrift rundt oss på alle kantar. Ser vi nærare på kva skriftspråkstimulering i barnehagen kan vere, finn vi at det omhandlar ei rekkje aktivitetar: Det er barn sine møte med høgtlesing, songar, rim og regler, skrift i det fysiske miljøet og i teikneaktivitet og utforskande skriving (Gjems, 2016; Høigård 2013; Hagtvet, 2015). Det å stimulere talespråket og skriftspråket heng saman, og ved å gi barna eit rikt skriftspråkmiljø bidreg ein også til å stimulere talespråket, viser faglitteraturen. Vi seier gjerne at barnehagebarn tileignar seg skriftspråket gjennom øyret, ved å lytte til høgtlesing eller song. Skriftspråkstimulering handlar altså ikkje primært om det å lære å skrive, men om å få gode erfaringar med skrift i bruk. Den vaksne er ein språkleg rollemodell i seg sjølv, i tillegg til at han eller ho skal leggje til rette for at barn møter skrift i barnehagen.

Lite nynorsk i barnehagen

Sjølv om det er mange barnehagar som har gode rutinar for høgtlesing, bibliotekbesøk, songsamlingar og andre skriftspråkstimulerande aktivitetar, viser det seg likevel at det er overraskande lite nynorsk språkstimulering i barnehagar i såkalla nynorskområde (Vadstein, 2018). Dette kan henge saman med at rammeplanen ikkje tematiserer målform i det heile teke. Omgrepet «språkform» er nytta i rammeplanen, men dette er eit utydeleg omgrep. Det viser seg at dei vaksne ikkje koplar «språkform» til «målform», og at det dermed ikkje automatisk fører til at barna møter meir nynorsk i barnehagen. Ingen av dei ti informantane i studien definerte målform inn i omgrepet «språkform», men tolka det heller som «ulike måtar å uttrykkje språk på», «mimikk og gestar» eller «skriftleg eller verbalt språk» (Vadstein 2018, s. 64). Det er heller ikkje nødvendigvis samsvar mellom at pedagogen har ein sterk identitet som nynorskbrukar, og kor mykje nynorsk språkstimulering barna i barnehagen faktisk får (Vadstein, 2018). «Eg vil ikkje pålegge mine medarbeidarar å lese på nynorsk» er ei utsegn som viser at omsynet til den vaksne og den språklege bakgrunnen deira veg tyngre enn omsynet til kva skriftspråkleg stimulering barnet har behov for. Når det er sagt, viser praksisen i ein av barnehagane i studien at det går an å få til god nynorsk språkstimulering gjennom systematisk arbeid med val av bøker og songar, og ein bevisst praksis i heile personalgruppa.

Skriftspråkstimulering på barnehagevis

1. Les høgt saman – også midt på dagen.

2. Syng saman, både gamle og nye melodiar og tekstar. Bruk rim og regler systematisk.

3. Legg til rette for bøker, teikning og oppdagande skriving, også i annan leik.

4. Bruk skrift og bilete i det fysiske miljøet for å vekkje nysgjerrigheita på kva skrift er, og kva det kan brukast til.

Glad Jente Skriv Bokstavar

Dette kan du gjere

Barnehagen har eit særleg godt utgangspunkt for spennande og variert språklæring. I barnehagen er fagområda vovne saman, og språkstimulering skjer gjennom heile dagen. Slik kan også skriftkulturen vere til stades i kvardagen til barna. Det krev litt førebuing av den vaksne, og at han eller ho har tenkt på til dømes kva for ei bok som skal lesast og kor tid, at han eller ho har brukt tid på å lære ein ny song eller lagt fram blyantar, papir og anna inspirasjonsmateriell til leikekroken (og ikkje berre på teiknebordet). Teikning, rabling og oppdagande skriving er i høgste grad ein viktig føresetnad for å sjå samanhengen mellom orda vi snakkar, og at orda kan skrivast ned og lesast av andre, og kan med fordel takast inn i leiken og kvardagsrutinane i barnehagen.

Hjelper dei som spør

Å gi barna tilgang til skrift før dei sjølve spør etter det, er kanskje ei av dei største utfordringane, fortel pedagogane i studien (Vadstein, 2018). Undersøkinga viser også at det er vanleg at pedagogane hjelper dei barna som sjølve spør etter lese- og skriveaktivitetar. Her kan det tenkjast at barn som ikkje vel slike aktivitetar sjølve, får mindre språkstimulering enn andre. Til dømes vel mange vaksne å leggje til rette for høgtlesing heilt i starten eller slutten av barnehagedagen, fordi det då er færre barn til stades, og fordi dei opplever det som roleg og godt. Høgtlesing midt på dagen kan vere eit tiltak som vil sikre at alle barna vert lesne høgt for. Å bruke bøker aktivt i leiken vil også stimulere språket. Ved å leggje til rette for leikemiljø som gjer det mogleg å «leike boka», vert boka levande, barna brukar ord og omgrep frå bøkene, og boka kan fungere som igangsetjar eller bensinstasjon i leiken (Synnes & Øvereng, under utgiving).

Talespråket vert prioritert først

Å leggje til rette for skriftspråkstimulering i barnehagen er verdifullt for barna der og då, og det er også med på å byggje ei bru til skulen og vidare læring. Det er inga motsetning mellom skriftspråkstimulering og barnehagekulturen, viser faglitteraturen. Studien som denne artikkelen byggjer på, viser likevel at det er ein veg å gå. Skal vi anerkjenne heilt og fullt at skriftspråket ikkje er noko som kjem etter at talespråket er på plass, må vi arbeide meir med innhald og metode for skriftspråkstimulering i barnehagen.

Denne artikkelen har stått på trykk i Første steg nummer 2 2020.

Litteratur

Barton, D. (2007). Literacy. An introduction to the ecology of written language (2. utg.). Malden: Blackwell publishing.

Gjems, L. (2016). Barnehagens arbeid med tidlig litterasitet på barns vilkår. Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.

Hagtvet, B. E. (2015). Språkstimulering. Tale og skrift i førskolealderen (6. utg.). Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.

Høigård, A. (2013). Barns språkutvikling muntlig og skriftlig (3. utg.). Oslo: Universitetsforlaget.

Synnes, H. H. og Øvereng, L. K. B. (Under utgjeving, 2019). Frå bok til meir leik. I Elle, Ø. og Nyhus, M. R. Kulturmøter og estetiske prosesser for de yngste barna (0-3 år). Bergen: Fagbokforlaget.

Vadstein, A. M. V. (2018). Skriftkultur i barnehøgd. Den vaksne som tilretteleggar for nynorsk språkstimulering i barnehagen. Masteroppgåve, Høgskulen i Volda