Medvitne nynorskbrukarar – eit skriveprosjekt
25.05.2022
Forfattar Tor Arve Røssland (foto: Sara Berntsen) og illustratør Kjersti Isdal (foto: Irene Åbrekk Kalvatn).
Å vere forfattar er ikkje berre enkelt, og at det også tek lang tid, har elevane på 7. trinn ved Knarvik barneskule og Grasdal skule fått erfare denne vinteren og våren. Dei har delteke i skriveprosjektet «Medvitne nynorskbrukarar», der dei har skrive tekstar på nynorsk og laga illustrasjonar til dei. Elevane har fått kyndig hjelp av forfattar Tor Arve Røssland og illustratør Kjersti Isdal.
Tekst og foto: Irene Åbrekk Kalvatn
Alver kommune har nynorsk som administrasjonsspråk, men ligg i ei randsone der ein ser at nynorsken står under press. Mange elevar skiftar ofte hovudmål frå nynorsk til bokmål når dei kjem til ungdomsskulen, og dette har mållaga i kommunen ønskt å sette søkelys på. Hausten 2021 lyste Noregs Mållag ut prosjektmidlar som skulle brukast til nynorske tiltak i barneskulen, og Alversund Mållag og Meland Mållag gjekk saman om å sende inn ein søknad. Hovudtanken med prosjektet har vore å gjere elevane til medvitne nynorskbrukarar og få dei til å halde på nynorsken. I prosjektet har elevane skrive tekstar på nynorsk og laga illustrasjonar til. Elevane har fått skrivekurs av Tor Arve Røssland, og Kjersti Isdal har inspirert og hjelpt elevane til å lage illustrasjonar til tekstane. Tekstane skal sendast til eit trykkeri og bli til eit teksthefte som elevane skal få. Hilde Haugland i Alversund Mållag har vore prosjektleiar.
– Det har vore veldig kjekt å leie prosjektet, seier ho.
Ressursgruppe
I samband med prosjektet vart det sett saman ei ressursgruppe av forfattar og illustratør, ei arbeidsgruppe frå dei to mållaga, rektorane og kontaktlærarane frå dei to skulane, og Nynorsksenteret. Sistnemnde deltok gjennom eit nettseminar retta mot alle lærarane på dei to skulane, der mange av ressursane frå nettsida til Nynorsksenteret vart presenterte.
– Ressursgruppa har kanskje vore det viktigaste for å få realisert dette prosjektet. Det har vore eit godt og positivt samarbeid med alle partar, og eg har opplevd det som svært nyttig ha ei slik gruppe. Det var med på å gjere prosjektet til det det vart. Gode innspel, tankar og idear frå dei ulike har vore viktig, seier Haugland.
Tilbakemeldingar frå elevane
Tilbakemeldingane frå elevane er mange, og dei uttrykker at det har vore kjekt å vere med. Fleire av elevane på Grasdal skule fortel at dei har blitt flinkare til å skrive nynorsk, og at dei har lært mykje om sjølve skriveprosessen.
– Det har vore kjekt å sjå korleis andre elevar jobbar, og det har vore kjekt å fantasere. Vi har blitt betre til å forklare ting, seier dei vidare.
– Kva har vore kjekt med prosjektet?
– Å ha skodespel! svarer fleire av elevane på Grasdal skule, som vidare fortel at dette var ein av arbeidsmetodane som Tor Arve Røssland nytta då han var innom klassen.
– Målet med aktiviteten var å jobbe fram truverdige dialogar, seier Røssland.
– Elevane skulle spele ut roller baserte på animasjonsfilmen «For the Birds», produsert av Pixar. Filmen har ingen dialog, men tydelege karakterar som elevane skulle prøve ut medan dei andre skreiv ned kva som vart sagt, utdjupar han.
Linda Granberg Nilsen er kontaktlærar for 7. trinn på Grasdal skule.
– Å få lære om replikkar har vore viktig, seier ho.
– Elevane har måtta tenke over korleis dei faktisk ville reagert i ulike situasjonar. Å svare «ok» når nokon kjem og seier «eg har tenkt å drepe deg», er ikkje veldig truverdig, så vi har måtta jobbe litt med slike ting, seier ho.
Sverre Eikanger er kontaktlærar for nynorskklassen på 7. trinn ved Knarvik barneskule, og han fortel at det har vore positivt å vere med på skriveprosjektet. Ord som nyttig, inspirerande og kjekt vert brukte for å summere opp prosjektet.
Variasjon i undervisninga
– Kan de seie noko som har vore positivt med prosjektet?
– Å ha ei litt anna type norskundervisning enn det vi brukar å ha, har vore positivt, svarer fleire av elevane på Knarvik barneskule.
– Det har også vore kjekt å få tid til å skrive ferdig ein tekst.
– Vi har lært meir nynorsk, og vi har fått vere kreative, fortel elevane.
Sverre legg til at elevane har blitt mykje meir medvitne på nynorsk i skrivinga. Det verkar som dei er blitt tryggare i å bruke skriftspråket og å vere konsekvente. Han melder også om at det går fint å skrive nynorsk sjølv om elevane har ei bokmålsnær dialekt.
Raude strek
På spørsmål om noko har vore utfordrande, svarer elevane ved Knarvik barneskule at det til tider har vore utfordrande å halde på spenninga i historia. I starten var det også litt vanskeleg å finne eit tema å skrive om, svarer ein elev.
– Og så har vi fått raude strekar under orda vi har skrive på data. Av og til var det fordi vi hadde skrive feil, men andre gonger kom det raud strek sjølv om vi hadde skrive rett. Det er litt utfordrande.
Skriveprosessen
Tor Arve Røssland har vore innom klassene tre gonger i perioden, og alle øktene har vore veldig forskjellige når det gjeld innhald. I tillegg til å arbeide med tekstane når forfattaren har vore i klasserommet, har elevane også arbeidd mykje med tekstane utanom.
– På det tredje besøket las mange av elevane opp tekstane dei hadde jobba vidare med, og dei hadde faktisk jobba godt basert på tilbakemeldingane dei fekk. Og så fekk dei nye tilbakemeldingar av meg. Eg rakk ikkje gjennom alle, men dei skjøna metoden nok til at dei faktisk kunne gå vidare med dei resterande tekstane sjølve. Mange elevar gav gode og konstruktive tilbakemeldingar til medelevane sine. Det synest eg faktisk var ganske så rørande å sjå, fortel Røssland.
På spørsmål om kva Røssland synest har vore det kjekkaste med prosjektet, har forfattaren eit klart svar.
– Å møte elevane har heilt klart vore det kjekkaste for meg!
Illustrasjonar
Kjersti Isdal møtte elevane etter at tekstane var ferdigskrivne.
– For meg var det viktig å formidle at ein ikkje treng å vere flink til å teikne for å lage gode illustrasjonar. Eg utfordra elevane på å få fram stemninga i teksten og gjerne kombinere teknikkar, fortel Isdal.
Ho syntest det var veldig kjekt å sjå alle dei ulike utrykka som etter kvart utvikla seg.
– Elevane var så kreative! Dei brukte både krit, vassfargar, pennar, tusjar og ulike blyantar og fekk testa ut ulike teknikkar, skyt prosjektleiar Haugland inn.
Bokslepp og lanseringsfest
I slutten av mai går tekstane i trykken, og i juni blir det lanseringsfest med bokslepp av det ferdige tekstheftet. Elevane ser veldig fram til boksleppet! Alversund og Meland mållag er imponerte over tekstmengda elevane har produsert, og seier dei ikkje hadde sett føre seg at det skulle bli så mange sider per elev som det har blitt då dei først sette i gang med prosjektet.
– Vi vurderte ei stund om vi måtte lage to hefte i staden for eitt på grunn av mengda, seier ei smilande Marit Gro Berge, som er leiar i Alversund Mållag.