• Blogg
  • Megasuksessen Maria Parr

Megasuksessen Maria Parr

15.08.2023

IMG 3633 beskjært til nettside

Bygda, havet, besteforeldre og gamle menneske som alltid har vore der. Slik skriv ho, og slik lever ho.

Bøkene hennar er fulle av kvardagar og vanlege menneske med heile spekteret av kjensler, men forklart gjennom Maria Parr-filteret blir det løfta til noko heilt eige og litt magisk. Men den stadige samanlikninga med Astrid Lindgren synest ho blir billeg.

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Den første episoden av podkasten Bakom boka var med nettopp Maria Parr. Den kom i 2016 og var for kort til å kunna kallast eit portrett. Sidan har ho gitt ut to nye bøker. I denne episoden av Bakom boka snakkar ho om Oskar og eg, om dei tidlegare suksessane Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet, om Astrid Lindgren og om livet som jordnær litteraturstjerne.

Maria Parr har ein heilt spesiell posisjon i barnebokverda. Samlaget kallar henne norsk barnelitteraturs superstjerne. Bøkene hennar sel godt, både i Noreg og i stadig nye land. Ho har sanka dei fleste prisar som finst. Allereie for debutboka vart ho nominert til den prestisjetunge Brageprisen. Ho fekk Brageprisen for bok nummer to, om Tonje Glimmerdal. Og nokre år seinare fekk ho ein bragepris til for den tredje romanen sin, Keeperen og havet. Det er ikkje berre lett å gi ut bøker når forventningane er så høge.

– Eg har prøvd å insistera på at det aldri skal vera eit problem, for det er jo berre ein fin ting. Men viss eg skal vera heilt ærleg, så kan det også vera vanskeleg å vita at alt eg skriv, skal bli målt opp mot det eg har gjort før. Eg har måtta jobba mentalt for å leggja det vekk, for det er den mest lammande kjensla i verda, seier Parr i denne episoden av podkasten Bakom boka.

Fire romanar for barn

Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005. Her møter me Lena og Trille som bur i bygda Knert-Mathilde. Dei leikar med kvarandre, farfar og tante-farmor, dreg ut i båten, lagar taubane og jonsokbål.

I 2009 kom Tonje Glimmerdal, som vart det store gjennombrotet hennar. Der møter me den viltre og artige Tonje, som lærer oss at alt du treng, er fart og sjølvtillit.

Etter suksessen med Vaffelhjarte og storsuksessen med Tonje Glimmerdal var det stille i fleire år. Og så endeleg – i 2017 – kom den neste romanen: Keeperen og havet. Her får me komma tilbake til Knert-Mathilde, der Lena og Trille er i ferd med å nærma seg ungdomstida.

I boka Oskar og eg opnar Parr eit nytt univers for oss. Me møter søskena Oskar og Ida og familien og vennene deira. I kjend Parr-stil er her kvardagsliv, artige sprell og merkedagar, både på godt og vondt. Veslebror Oskar sjarmerer og frustrerer storesøstera, som fortel historia.

IMG 3675 til nettside

Ei moderne Astrid Lindgren

Maria Parr blir ofte samanlikna med barnebokdronninga Astrid Lindgren. Så er også koplingane mange: Spiren til Vaffelhjarte vart sådd etter at 15 år gamle Maria hadde skrive særemne om Astrid Lindgren. Tonje Glimmerdal er inspirert av Ronja Røvardotter, og har også ein del Pippi Langstrømpe i seg. Oskar og eg kan gi assosiasjonar til Bakkebygrenda.

Begge er kjende for å skriva varmt, klokt og leikent og med ei heilt eiga forståing for barnet. Begge har skrive gode historier som står seg over tid. Begge har laga figurar som rører ved oss, både på godt og vondt. Parr har likevel eit ambivalent forhold til samanlikninga.

– Forfattarskapen hennar har betydd utruleg mykje for meg, og eg kjem alltid til å ha eit sterkt forhold til Astrid Lindgren. Dei første gongene eg vart samanlikna med henne, prøvde eg å vera roleg utanpå, medan eg stupte kråke innvendig. Det var det finaste komplimentet eg kunne få. Men etter kvart har det vorte gjort så mykje at eg tenkjer det er ei litt billeg samanlikning. Det er vel kanskje meir ein måte å forklara ein skrivestil på. Me høyrer jo til den same skandinaviske sekken i møte med resten av verda.

    Forfattar og mor

    Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal gav ho ut lenge før ho sjølv vart mor. No er Maria Parr over 40 år og mor til tre barn, og ho identifiserer seg med dei vaksne på ein annan måte enn før. Ho meiner sjølv det har gjort at ho klarer å laga meir tydelege foreldre, men ho trur ikkje det har gjort at ho samtidig mistar ståstaden til barnet.

    – Det kan ein jo bli redd for, men eg trur eigentleg ikkje det. Når eg set meg ned for å skriva, så er det ikkje vanskeleg for meg å vera i barnet si verd. Men det kan jo vera ei ganske smertefull øving å sjå deg sjølv som forelder frå barnet sitt perspektiv, seier Maria Parr i Bakom boka.