• Blogg
  • Mest bokmål i nynorskelevane sine tekstsamlingar

Mest bokmål i nynorskelevane sine tekstsamlingar

09.11.2021

Liv Astrid til nettside

Tekstsamlingane i nynorskelevane sine læreverk i norsk i ungdomsskulen har mange fleire tekstar på bokmål enn på nynorsk. Bokmål dominerer også i tekstane desse elevane les i norskfaget på 10. trinn. Dette kan vere uheldig for språklæringa til elevar med nynorsk som hovudmål.

Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Funna ovanfor er henta frå ein masterstudie av to nynorske læreverk i norsk som eg fullførte våren 2021. Læreverka eg granska, hadde gjennomsnittleg 34 % tekstar på nynorsk og 66 % på bokmål. Eg fann nesten den same språklege fordelinga, 30 % nynorsk og 70 % bokmål, i tekstutvalet (leselistene) i 24 faglærarrapportar for nynorskelevar på 10. trinn som også var ein del av granskinga. Dette er problematisk i lys av det vi veit om nynorskelevane sine lesevanar og formelle skriveferdigheiter på hovudmålet sitt.

Lesevanar og skriveferdigheiter

Ei rekkje granskingar om nynorskelevar sine lesevanar viser at elevane les meir bokmål enn nynorsk på fritida. Nynorsk møter dei så å seie berre i skulen. Studiar av dei formelle skriveferdigheitene til desse elevane viser at dei generelt har mykje bokmålssamanfall i tekstane sine, og at dei strevar med å meistre den nynorske språknorma. Både forskarar og nynorskelevane sjølve har teke til orde for at desse elevane kanskje meistrar nynorsknorma dårleg fordi dei har vore lite eksponerte for hovudmålet, nynorsk, og mykje eksponerte for sidemålet, bokmål.

Teoriar som undersøker samanhengar mellom lesing og skriving, viser at lesing og skriving heng tett saman. Det vi lærer frå lesing, kan vi bruke i skriving, og omvendt. Studiar har vist at elevar som har blitt eksponerte for mange leseerfaringar, får betre leseforståing. I tillegg oppnår dei høgare resultat på skriveprøver og har betre skriveferdigheiter innanfor både rettskriving og skrivekvalitet.

Mest opplæring i sidemålet?

I lys av denne kunnskapen kan vi argumentere for at nynorskelevane treng å bli eksponerte for mykje nynorsk for å bli trygge nynorskbrukarar. Granskinga mi viser at det ikkje berre er på fritida nynorskelevane les mest bokmål. Også i norskfaget møter desse elevane flest tekstar på sidemålet. Når elevane les meir bokmål enn nynorsk i norskfaget, går dei glipp av mogelegheiter til å lære seg kunnskapar som er unike for nynorsknorma. Då er det ikkje sikkert at nynorskelevane i ungdomsskulen har meir opplæring i hovudmålet enn i sidemålet i norskfaget.

Tydelegare føringar om språklege rettar

Fram til år 2000 praktiserte vi offentleg godkjenning av lærebøker i Noreg. For lærebøkene i norskfaget måtte ein i tillegg rette seg etter kvotefordelingsreglane. Desse reglane regulerte den språklege fordelinga mellom nynorsk og bokmål i tekstsamlingane til læreverka. Fordelinga skulle vere 2/3 på hovudmålet og 1/3 på sidemålet. For tekstsamlingar som var felles for bokmålselevar og nynorskelevar, skulle fordelinga vere minst 40/60. Etter år 2000 fall godkjenningsordninga og kvotefordelingsreglane bort. Det kom inn ei formulering i opplæringslova om at «Lesebøkene i norskfaget skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk». I forslaget til ny opplæringslov er også denne formuleringa teken bort, fordi utvalet til ny opplæringslov meiner det er læreplanen som skal vere styrande for kva læremiddel som er nødvendige for å nå kompetansemåla.

Denne granskinga av nynorskelevane sine tekstsamlingar og faglærarrapportar viser det motsette: Vi treng tydelegare føringar, forskrifter og lover om nynorskelevane sine språklege rettar i skulen. Elevane med nynorsk som hovudmål har i praksis ikkje den tilgangen til tekstar på eige språk som dei treng og har krav på i norskfaget. I samband med ny opplæringslov, ny læreplan, nye lærebøker og ei digital omvelting i skulen treng vi eit regelverk som tek på alvor at nynorskelevane har behov for å møte hovudmålet sitt i skulen sine tekstar. Utan dette har vi ikkje reell språkleg likestilling i den norske skulen.

Kjelder:

Ahmed, Y., Wagner, R. K., & Lopez, D. (2014, No. 2). Developmental Relations Between Reading and Writing at the Word, Sentence, and Text Levels: A Latent Change Score Analysis. Journal of Educational Psychology, s. 419–434.

Askeland, N. (2009). Kunnskapsløft for nynorsk? Nynorsk i lesebøker etter oppheving av godkjenningsordninga. I S. Tvitekkja (Red.), Klamme former og sær skriving : språklege rettar, sidemål og rettskriving i ein ny skulealder (s. 6–17). Oslo: Språkrådet.

Cunningham, A., & Stanovich, K. (1991, June). Tracking the Unique effects of Print Exposure in children: Associations With Vocabulary, General Knowledge, and Spelling. Journal of Educational Psychology, s. 264–274.

Kim, Y.-S. G. (2020). Interactive Dynamic Literacy Model: An Integrative Theoretical Framework for Reading-Writing Relations. I R. A. Alves, T. Limpo, & R. M. Editors, Reading-Writing Connections Towards Integrative Literacy Science (s. 11–34). Cham, Switzerland: Springer Nature Switzerland AG.

Shanahan, T. (2020). Foreword . I R. A. Alves, T. Limpo, & J. R. Malatesha, Reading-Writing Connections Towards Integrative Literacy Science (s. v–viii). Cham, Switzerland: Springer Nature Switzerland AG.