• Blogg
  • – Naturleg å synge på nynorsk

– Naturleg å synge på nynorsk

11.05.2020

Sas Vildeog Anna 0383 Final Web

Vilde Hjelle og Anna Naustdal vann MGPjr med songen «Vestlandet» i 2016. Etter det har duoen frå Nordfjordeid hatt mange speleoppdrag.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden

No er «Vestlandet» spelt over seks millionar gonger på Spotify. Vilde og Anna trur mange kan kjenne seg igjen i songen, som handlar om å vere glad i heimstaden sin.

– «Vestlandet» kan bety noko for alle. Teksten er lett å lære seg, noko som gjer at han festar seg på hjernen, seier Vilde og Anna.

Dei sat i bilen og song på veg over Strynefjellet då dei kom på eit kult refreng:

Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, ja der bur du,
håper du veit kor heldig du er, du bur på Vestlandet.

Deretter jobba dei vidare med songen og sende han inn til MGPjr, ein konkurranse som vert arrangert av NRK.

Nynorsk tekst

«Vestlandet» var ein av 1312 songar som vart sende inn til MGPjr dette året. Songen var ein av ti som kom til finalen i Oslo Spektrum.

– Vi ville skrive om noko som betydde noko for oss, nemleg plassen der vi bur. Teksten og melodien kom eigentleg samtidig og undervegs, fortel Vilde og Anna.

Jentene gjekk heilt til topps i finalen, og «Vestlandet» vart den første MGPjr-vinnarsongen med tekst på nynorsk. Vilde og Anna, som kjem frå Nordfjordeid, har ei nynorsknær dialekt.

– Språket har hatt utruleg mykje å seie, fordi det blir meir ekte når vi syng på eiga dialekt, og vi er sjølvsagt veldig glade i nynorsk! Songen handlar om plassen vi kjem frå, og då var det naturleg at vi skulle synge på nynorsk. Det ville ha vore rart å synge ein song om Vestlandet og kjærleiken til heimplassen vår utan å bruke dialekta vår, synest dei.

Spelte på Malakoff

Etter MGPjr har Vilde og Anna fått mange speleoppdrag over store delar av landet.

– Vi synest det er utruleg kjekt å fare på speleoppdrag, og vi møter mange veldig kjekke folk. Ei av dei største opplevingane vi har hatt, var nok då vi spelte på Malakoff Rockefestival her på Nordfjordeid. Det var mange vi kjente i publikum. I tillegg var det veldig mange vi ikkje kjente, som ropte og heia på oss. Det var rundt 13 000 personar! Denne festivalen har vi vore på heilt sidan vi var små, så det var veldig rart, men også veldig stas at vi plutseleg stod på scena sjølve.

Va Malakoff Til Nettside
Vilde og Anna song på festivalen Malakoff på Nordfjordeid.

Låtskriving

Dei siste åra har dei jobba med låtskriving.

Vi sit ofte og har eit mål om at vi skal begynne på ein song. Det endar gjerne med at den eine kjem på tekst og den andre kjem med melodi, og så bygger vi på ideane til kvarandre.
– Vennskap er eit tema som går igjen i låtane. Korleis vart de venner, og kva betyr vennskap for dykk?
– Vi blei venner gjennom skiskyting. Etter det var vi med på UKM i lag, og så ville vi fortsette å synge i lag. Vennskap er viktig for oss fordi vi treng folk å snakke med, vere med og folk som støttar oss.

Musikalsk kultur

Vilde og Anna fortel at den musikalske kulturen på Nordfjordeid har spelt ei viktig rolle.

Vi har kulturskulen der vi begge har fått stå på scena. Vi har Operahuset Nordfjord der alle, både ungdom og vaksne, kan opptre og vise seg fram. Skulane set opp musikalar der alle kan få vere med. UKM (Ung kultur møtest) er også veldig viktig for den musikalske utviklinga til ungdommane. Vi har vore med både kvar for oss og i lag, og det blir ikkje lagt vekt på at det er ein konkurranse, men heller ein plass å vise det ein liker å drive med, til andre.

Framtida

Vilde er snart ferdig med det første året på vidaregåande. Ho går på studiespesialisering og tenkjer kanskje å studere juss eller økonomi på BI i framtida. Anna er snart ferdig med det siste året på ungdomsskulen, og ho skal ta studiespesialisering på vidaregåande. Anna er ganske sikker på at ho vil jobbe med noko innanfor musikk eller bli lærar.
Ønskjer de å satse på musikken framover?
Ja, det vil vi, for vi synest det er veldig kjekt! Vi liker å spele inn songane i studio og å spele på konsertar.

– Har de nokon råd til barn og unge som ønskjer å skrive låtar sjølve?
Det er veldig lurt å lære seg eit instrument, for då er det mykje lettare å finne på melodiar. Det kan også vere fint å ta opp lyden for å hugse det du har spelt eller sunge. Skriv tekst om noko som betyr noko for deg, og du kan skrive om kva som helst.