Har forska på nettbrett i begynnaropplæringa
29.11.2024
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er høgskulelektor ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda. (Foto: Vilde Moltudal Igland)
– Eg såg i studien at det var mindre samhandling mellom lærar og elev når elevane brukte nettbrett, trass i at potensialet for samhandling ligg der, seier høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda.
Ho har levert doktorgradsavhandlinga Nettbrett i begynnaropplæringa: Ein studie av lærar–elev-interaksjonar og bruk av nettbrett i klasserompraksis.
– Kva var det du ville finne ut?
– Eg ville undersøke bruk av nettbrett og digitale ressursar i begynnaropplæringa, og eventuelle påverknadar det har på praksisen i klasserommet, på samhandling og korleis nettbrettet er i bruk.
– Avhandlinga er ein del av forskingsprosjektet DigiHand, som er støtta av Noregs Forskingsråd. Kvifor treng me å vite meir om korleis nettbretta vert brukte i klasseromma?
– Det har skjedd ei enorm digitalisering i skulen det siste tiåret. Nettbrett er tatt i bruk i skulen frå 1. klasse, og det vore lite forsking på temaet. Det er viktig å finne ut korleis nettbrett er tatt i bruk, og kva påverknad det kan ha på praksis, slik at ein kan bruke nettbrett på gode og hensiktsmessige måtar. I dette doktorgradsprosjektet har eg undersøkt korleis interaksjon mellom lærar og elevar er påverka av bruk av nettbrett i undervisninga, og korleis nettbrett vert brukte i klasseromspraksis i begynnaropplæring.
Har studert 18 klasserom
– Du har studert så mange som 18 klasserom med førsteklassingar. Kva fann du?
- For det første viser studien at elevane er i klasserom der det er god kvalitet innanfor emosjonell støtte, og at det er god klasseromsorganisering. Men samtidig er det vist låg kvalitet innanfor tilrettelegging for utvikling av elevar si djupare faglege og språklege forståing.
- I studien fann vi at det er stor variasjon i bruk av nettbrett.
- Studien viser at læringssituasjonar med nettbrett skil seg litt frå læringssituasjonar utan nettbrett. Både i positiv og negativ retning. Eg såg i studien at det var mindre samhandling mellom lærar og elev når elevane brukte nettbrett. Elevane sit mykje individuelt når dei brukar nettbrettet i desse klasseromma.
- Eg fann også at kvaliteten i samhandlinga var noko lågare på den måten at det var vanskelegare å fange opp kva faglege behov elevane har, når dei brukar nettbrettet. Samtidig fann vi at produktiviteten var høgare når elevane brukte nettbrettet.
- Samstundes viser intervju med lærarane at dei har blitt meir bevisste om kva tid, kor mykje og i kva aktivitetar nettbrett bør brukast i undervisninga. Dei legg til rette for at elevane skal lære funksjonar som kan gi elevane ein funksjonell bruk av nettbrettet, der det kan tilføre noko til læringssituasjonen, slik som til dømes bruk av lydstøtte i elevane si skriveopplæring.
Metodar
– Du har brukt tre ulike metodar: observasjon, intervju og du har vist lærarane videoar der du har bedt dei reflektere over det dei sjølve gjorde. Kvifor var dette beste framgangsmåte?
– Ja, i studien har eg først tatt utgangspunkt i dei 18 klassene og analysert kvalitet i lærar elevinteraksjonar i desse klasseromma. Så har eg vidare sett nærare på dei fem klasseromma med høgast kvalitetsskår, kva skjer i dei klasseroma med høg kvalitet, kva gjer lærarane i desse klasseroma, korleis brukar dei nettbrett, og i kva situasjonar. Så vart det vidare nyttig å få fram lærarstemma, kva refleksjonar har desse lærarane, då i klasserom som kan seiast å vere av høg kvalitet. På den måten har eg fått fram skildringar av ein klasseromspraksis og lærarane sine perspektiv på klasseromspraksis med nettbrett.
– Du har forska på bruk av nettbrett i begynnaropplæringa, med vekt på samhandling mellom lærar og elev. Korleis undersøker ein samhandling?
– Eg har undersøkt samhandling og kvalitet i samhandling ved å bruke eit validert rammeverk. CLASS, Classroom assessment scoring system. Dette rammeverket er basert på forsking som viser kva element som er sentrale for elevar si læring, og som på den måten bidreg til kvalitet i undervisninga. Så dette analyserverktøyet skildrar faktorar som er sentrale for elevar si læring og utvikling.
Det er særleg tre område som har stor betydning for elevar si læring. Det første er emosjonell støtte, som korleis lærar si støtte til eleven er. Det neste området er klasseromsorganisering, som handlar om i kva grad det er lagt til rette for effektive og gode læringssituasjonar for elevane, med til dømes gode rutinar og god førebuing.
Det tredje området heiter instruksjonsstøtte, og då handlar det om i kva grad det er lagt til rette for at elevane skal få utvikle fagleg forståing, gjennom til dømes tilbakemeldingspraksis og korleis lærar legg til rette for språkleg stimulering i kommunikasjonen med elevane.
Så då har eg analysert videoobservasjonar og vurdert kvaliteten i samhandlinga med utgangspunkt i dette analyseverktøyet, og kan seie noko om undervisningskvalitet i lærar–elev-interaksjonar i desse 18 klasseromma.
– Kan du nemne eit eksempel på samhandling der du ser kvalitet?
– Ein situasjon som er løfta fram i studien, er ein situasjon i heilklasse der nettbrettet bidreg i elevane sin læringssituasjon. Det var deling av elevtekst, og delinga bidrog til at elevane hadde ein fagleg samtale om tekstkvalitet, dette var i 1. klasse. Der var elevane deltakande i samtalen, og den eleven som delte teksten sin, fekk tilbakemelding både frå andre elevar og frå lærar.
Dette var ein situasjon der elevane samhandla og fekk moglegheit til å utvikle forståinga si. Utfordringa vi såg, var at det nettopp var veldig få slike situasjonar i materialet. Elevane sat oftast med nettbrettet individuelt.
– Kva overraska deg mest i arbeidet?
– Det var stor variasjon i tid brukt med nettbrettet, og når vi såg på dette i eit kvalitetsaspekt, så vart det ikkje tidsbruken som hadde betydning for kvaliteten. Vi fann klasserom som brukte nettbrett mykje, opp til 40 % av tida, og vi fann klasserom som brukte det lite, 7 % av tida, og begge desse klasseromma har høg kvalitetsskår i interaksjonar, så kvalitet handla om kva lærar gjorde med nettbrettet, og ikkje tida som var brukt.
Samtidig overraska det meg at vi såg lite av samhandling mellom elevar og mellom lærar og elevar når elevane brukte nettbrett, i dei klasseroma som var av høg kvalitet. Sidan der var tilretteleggingar med grupper og elevane sat i lag, kunne ein kanskje forvente at det var meir samhandling også med nettbrettet.
– Er nettbrett ein ny måte å lære på, eller er det berre ei ny plattform der ein bruker gamle metodar?
– Det som lærarane i studien løfta fram, var at nettbrettet kunne bidra med meir enn ein blyant-og-papir-situasjon. Så ved å kunne bruke teknologien og potensialet i han, opplevde desse lærarane at det tilførte noko til læringssituasjonen til elevane.
– Du starta på dette arbeidet i 2019. Har skuleverket endra innstilling til nettbrett desse åra du har halde på?
– Det har skjedd mykje på desse åra, og skulen har også måtta handtere ein pandemi som gjorde at det vart ein stor auke i bruk av teknologi i skulen. Studien viser at lærarane sine perspektiv på bruk av nettbrett gjekk frå å handle om eit teknologi-perspektiv til å handle om eit læringsperspektiv. Lærarane er svært bevisste på at når dei brukar nettbrettet, skal det tilføre noko til læringssituasjonen, og læring skal vere hensikta. Dei viser stor bevisstheit om kva tid og korleis dei brukar nettbrettet.
– Kva konsekvensar bør avhandlinga di få?
– Studien viser at i klasserompraksis der nettbrett er i bruk, skjer det ei individualisering i arbeidssituasjonen til elevane, som betyr at dei sit åleine i læringssituasjonen. Når vi veit betydninga av samhandling for elevar si læring, ser det ut til at færre interaksjonar mellom lærar og elevar minkar tilgangen til viktige kvalitetsaspekt i elevar si læring. Tendensen til individualisering, som denne studien peikar mot ved bruk av nettbrett i førsteklasserommet, gir mindre rom for viktige sosiale læringsarenaer.
Likevel kan studien synleggjere at lærar legg vekt på at elevane skal kunne tileigne seg og nytte tekniske funksjonar i digitale ressursar. Perspektivet på bruk av nettbrett synleggjer ei tilretteleggiing for funksjonell bruk av nettbrett i begynnaropplæring, der eleven tileignar seg eigenskapar ved verktøyet som kan vere ei støtte i læringsprosessen.
Studien viser på den eine sida at nettbrettet som ny ressurs i klasseromspraksis i begynnaropplæringa kan bidra til mindre interaksjon mellom lærar og elev, og dermed bidra til å svekke ein kjerneverdi i god undervisning. Studien viser imidlertid også at det er eit potensial for ein praksis som også legg vekt på elevane sin sosiale læringsarena med nettbrett. Eit potensial gjennom aktivitetar og organiseringar som fremmer ein praksis for utforsking og samtale, er tilgjengeleg, men er likevel ikkje nytta i særleg grad i nettbrettsituasjonar. Det er eit særleg potensial i begynnaropplæringa å utvikle og bruke dei sosiale læringssituasjonane, også med nettbrett.
– Kva justeringar bør lærarar gjere i undervisinga si når dei får høyre kva du har funne?
– I skulen i dag er det ein grunnleggande tanke om at samhandling er eit viktig grunnlag for elevane si læring og utvikling. Og i skulen er det organisert slik at elevane kan samhandle både gjennom par, i grupper og i stasjonsarbeid. Likevel så vart ikkje dette potensialet med til dømes stasjonsarbeid brukt til samhandling, elevane sat likevel og jobba individuelt sjølv om dei var på ein stasjon. Dette potensialet ligg der og er lett tilgjengeleg for å brukast, også med bruk av nettbrett.