Elskar å teikne rare påfunn
28.02.2025

Ida Eva Neverdahl har tenkt på seg sjølv som ein teiknar sidan ho gjekk i barnehagen.
Ho er den norske teikneserieteiknaren som har nådd lengst utanfor landegrensene. Ida Eva Neverdahl teiknar både for barn og vaksne.
Tekst: Heidi Fagna
Foto: Gry Dahl
Løpstalent, akademisk talent og teiknetalent – Neverdahl er full pakke. Stavanger Aftenblad, laurdag 18. februar 2017: «Ida Neverdahl er 23 år, men vi har skrevet om henne siden hun var 12.» Først var ho ein så sterk løpar at ho sette rekordar og vart tatt ut til eit lag som skulle jobbe fram mot OL. På ungdomsskulen sanka ho og tvillingbroren så mange 6-arar at dei hamna i avisa. Og ho har vore uvanleg god til å teikne heilt sidan barnehagen.
– Det som motiverer meg, er å teikne rare påfunn, seier Ida Eva Neverdahl i podkasten Bakom boka.
Som 14-åring var ho på trykk i VG og Pondus med serien Klone og jeg. Same år stilte ho ut eigne teikneseriar på Café Sting i Stavanger. Åra etter kom ho langt i Dagbladets teikneseriekonkurranse med Klask og Gele. Som 17-åring fekk ho det store gjennombrotet med internettserien Like an Artist, som vart sett på som banebrytande av Scott McCloud, ein av verdas leiande teikneserieteoretikarar. Like An Artist vart eit viralt fenomen og skal ha vore den mest lesne og omsette norske teikneserien nokosinne. Like an Artist er ein poetisk teikneserie om moglegheitene som ligg i kunstforma, omsett til mange språk, mellom anna spansk, fransk, tysk, japansk og russisk.
Neverdahl har gitt ut teikneseriar på nynorsk, bokmål og engelsk. Nokre er ei blanding av fleire språk. To eksempel med språkblanding er teikneseriebøkene Moskva og Hvordan kan Los Angeles knuse hjertet mitt?, som ho teikna og skreiv saman med Øystein Runde. Her konsentrerer me oss om bøkene på nynorsk.

Teikneseriar for barn
I 2018 kom ei samlebok om Jojo. Den fargerike, humoristiske og absurde teikneserien Jojo går i Norsk Barneblad. Her møter me ånder i brusboksar, ninjamødrer og anna som Jojo støyter på i ein magisk kvardag. Han er ein ganske vanleg fyr, som opplever ganske uvanlege ting.
Neverdahl har også laga Floke for Norsk barneblad, og det finst tre bøker om denne fredelege vikingguten. Han vil berre spele gitar, dikte songar og vere snill, men han lever i ei valdeleg vikingverd. Her er norrøn mytologi, eventyrreferansar, uventa påfunn og overraskande hendingar.
- I Floke: Ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd (2020) får han eit magisk sverd og oppgåva om å hindre ragnarok. Deretter ballar det på seg med farlege drakar, ein sprø toregud på fisketur, dinosaurar som vaknar til liv og eit vikingspøkelse som vil kome seg bort frå dødsriket Hel, trass i at dei har bingo der kvar laurdag.
- Floke 2: Inn i skrømtskogen (2021) held fram der bok nummer ein slutta. Floke er saman med ei ku og eit spøkelse på ei ferd gjennom skrømtskog, trollfjell og sjølvaste Jotunheimen. På vegen mot Åsgard støyter dei på Nøkken, Fenrisulven og andre skapningar frå norsk folketru og norrøn mytologi.
- Med Floke 3: Verdas ende (2022) avsluttar trilogien om Floke. I siste bok kjem Floke og vennene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Her får dei møte Odin, men først må dei vinne over han i eit kappløp med rullebrett, rulleskøyter og sparkesykkel over brua som bind saman gudeverda og menneske-verda.

Lesestart med skatehund
Neverdahl har laga tre bøker om skatehunden Bård i Leseland, Samlaget sin serie for nye lesarar. Her møter me hunden Bård, eigaren Amika og eit skateboard.
I Sjå på Bård! vil Amika ut for å teste det nye rullebrettet sitt, og får beskjed om å lufte Bård i same slengen. Og så viser det seg at han er skikkeleg god til å gjere triks på rullebrett.
I Skatehunden får Bård vere med i ein skatekonkurranse for hundar. Premien er ei bøtte med kjøttbein, og det er Bård heilt uinteressert i. Når han får tilbod om ein banan, skatar han seg til toppen av pallen.
I Rulling i rommet møter Amika og Bård på hundar frå ein annan planet, som tek dei med tilbake dit for å vise triks på rullebrett.
Bøkene er på nivå 1 av 4 i Leseland. Skrifta er stor, og det er lite tekst på kvar side. Teikningane er fargerike og ein viktig del av historia.
Neverdahl har illustrert biletbøker for andre, men Leseland-bøkene om Skatehunden er dei einaste biletbøkene ho også har skrive sjølv.

Opptur og nedtur med Jellyvamps
Kanskje hugsar mange Ida Eva Neverdahl for Jellyvamps. Denne serien er på bokmål, men får snike seg med her likevel.
Jellyvamps er ein sjølvbiografisk og satirisk teikneserie der ho tek opp tema som kroppspress, og korleis me alle poserer i sosiale medium. Ho la serien ut på Instagram, og kontoen fekk ein eksplosiv vekst. Så ho slutta.
I podkasten Bakom boka forklarer ho kvifor.