• Blogg
  • Påmeldinga til Tid for ti har opna

Påmeldinga til Tid for ti har opna

24.08.2020

Tid For Ti Til Nettside

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Dei som deltek, får utdelt ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. 

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Illustrasjonsfoto: Anna Kirsten Aaland Hellevang

Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. På nettstaden tidforti.no finn ein tekstar, lydfiler, aktivitetar og lærarrettleiing. 

Her finn du lenka til påmeldingsskjema for Tid for ti 2021. 

Antologien kjem i januar

Skular over heile landet deltek i leseaksjonen. Antologien vert delt ut til dei påmelde skulane i januar. Lærarane kan sjølve bestemme når dei vil byrje å arbeide med antologien i klasseromma, slik sett er det ganske fleksibelt. 

 – Antologien vert brukt både av dei som har nynorsk som hovudmål og som sidemål, seier seier Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les. 

 Spesielt for dei som har nynorsk som sidemål, kan antologien vere med på å endre haldningar. 

 – Målet er at lesinga skal gje positive opplevingar. Det siste halvåret på 7. trinn er viktig for elevane. Vi har fått tilbakemeldingar frå nokre lærarar om at no gruar ikkje elevane seg til nynorsk på ungdomsskulen lenger. Då føler vi at vi har oppnådd noko viktig, seier han.