• Blogg
  • Noreg rundt med Kampen

Noreg rundt med Kampen

25.09.2023

Geir Egil samtalar med barn på bibliotek til nettside

Forfattar Geir Egil Eiksund i samtale med elevar. (Foto: Melissa Nerland Paulsen, Vestlandsnytt.)

Det siste skuleåret har eg vore så heldig å få reise på turné rundt om i Skule-Noreg gjennom Den kulturelle skulesekken.

Tekst: Geir Egil Eiksund

Saman med kunstnar og musikar Henrik Koppen har eg turnert med ein produksjon basert på barnebokdebuten min Kampen (2021). Vi har møtt elevar på 5.–7. trinn på skular i Møre og Romsdal og i Viken (Akershus og Østfold). I tillegg har eg fått besøke både Vestland og Rogaland utanfor den ordinære DKS-ordninga.

Boka produksjonen tek utgangspunkt i, handlar om Andreas på snart 12 år, som ser fram til ein sommar full av fotball, teikning og musikk. Men gjennom ein innhaldsrik sommar vert han nøydd til å verte kjend med seg sjølv på ny, då han vert hovudstups forelska i Viljar, ein gut som flyttar til bygda denne sommaren. I boka får vi følgje Andreas på vegen mot å forstå dei nye kjenslene, men også kva som skjer når løyndomen vert avslørt.

I produksjonen les eg opp fire utdrag frå boka, medan Henrik spelar av bakgrunnslydar og musikk til teksta. Tanken er å gje elevane ein liten smakebit på radioteater i klasserommet.

Også frå eige liv

I tillegg til å fortelje historia til Andreas, fortel vi også frå våre eigne liv gjennom produksjonen. Både eg og Henrik har hatt liknande erfaringar som Andreas. Vi er begge homofile og kjem begge frå mindre stadar. Gjennom å la elevane også verte kjende med oss, håper vi å kunne gje rom for tankar, spørsmål og refleksjonar rundt tema som kanskje ikkje alltid er like enkle å snakke om i klasseromma rundt om.

Sjølv byrja eg å forstå at eg likte gutar og ikkje jenter allereie i femte klasse. Men først som 25-åring var eg klar for å fortelje omverda dette. Håpet er at eg gjennom å fortelje mi historie kan vere med på å gjere det litt lettare for elevar rundt om i skule-Noreg som kanskje sit med liknande kjensler. For var det ein ting eg sakna i oppveksten, så var det høvet til å sjå at dei rundt meg faktisk synest det var greitt at nokon var homofile. Usikkerheita rundt kva dei rundt meg tenkte, førte til at eg aldri var trygg nok på at det skulle gå bra å fortelje. Eg klarer ikkje førestille meg kva eit besøk i klassa mi, av ein homofil forfattar som dei andre i klassa ikkje reagerte på at var homofil, kunne ha betydd for meg.

Kampen til nettside

Spent før første turné

Eg skal ærleg innrømme at eg var spent før det første skulebesøket med produksjonen i haust. For korleis ville historia om ein gut som vert forelska i ein annan gut, verte teken imot? Førre gong eg jobba i eit klasserom (2020), var eg ikkje klar for å vere open om legninga mi overfor elevane. Eg var rett og slett ikkje trygg nok i meg sjølv til det. Men no skulle eg altså ut med ein produksjon der vi i tillegg til å fortelje Andreas si historie, også deler mykje frå eige liv og av eigne erfaringar. Og det fleire gongar om dagen, veker i strekk.

Men for ei oppleving det har vore. I løpet av skuleåret har vi fått møte utruleg mange elevar, og mottakinga har vore god over heile linja. Det har sjølvsagt vore travelt, men på same tid særs gjevande. Opplevingar som då ein elev kom opp etter økta berre for å gje meg ein klem, då ein elev rekte opp handa for å fortelje at ho sjølv var skeiv, eller alle dei elevane som har kome bort for anten å fortelje noko eller for å spørje om noko, har varma hjartet om att og om att.

Sjølvsagt er det stor skilnad på kor aktive klasser er med tanke på å ville stille spørsmål, og kanskje særleg spørsmål rundt temaet homofili. Nokre stadar har det like gjerne vore fotballen og kva fotballag eg heiar på (Watford) som har bidrege til flest spørsmål, medan det andre stadar heller har vore framsideillustrasjonen eller musikken til Henrik som har fenga mest.

Spørsmåla som ikkje kjem

Det er lett å sjå at stoda er ei ganske anna i skule-Noreg i dag, samanlikna med då eg sjølv gjekk på barneskulen og fann ut at eg var homofil på slutten av 1990-talet. Elevane veit mykje om LHBT-spørsmål, og mange stadar er dei heller ikkje redde for å stille spørsmål og seie ting eg berre kunne drøymt om at kom opp som tema då eg gjekk på skulen.

Dette er jo inga overrasking, men samtidig avslører mange av spørsmåla som dukkar opp, og kanskje like mykje kva spørsmål som ikkje kjem mange stadar, at homofili framleis ikkje er eit tema som er like mykje omsnakka overalt. Kanskje er det ikkje eit tema som det er like lett å prate om i mange klasserom? Det er i alle høve ikkje reint få stadar lærarar har kome bort og vore takksame for måten vi har møtt tematikken på. Dette set vi sjølvsagt stor pris på. Likevel kan det nok tenkjast at det ein del stadar framleis er ein veg å gå før klassemiljøet er trygt nok for at elevar som kjenner på noko liknande, skal kunne tore å snakke om det.

Erfaringane frå dette skuleåret gjer at eg er veldig motivert før endå eit år på turné i skulesekken til hausten. Denne gongen skal eg reise på eiga hand, og på ny ventar skular i Møre og Romsdal og Viken, men i tillegg skal eg få reise til Troms og Finnmark, noko eg gler meg stort til.

Geir Egil Eiksund Foto Kristianne Marøy til nettside
Forfattar Geir Egil Eiksund (Foto: Kristianne Marøy)

Barnebokbad og nynorsk

Noko anna som har vore artig å erfare, er korleis det at boka mi er på nynorsk, ikkje har ført til negative reaksjonar i det heile. Snarare er tilbakemeldingane at det var lett å forstå, og det varmar ein målmann langt inn i hjartet. Håpet mitt er at mitt vesle besøk kanskje kan vere med på å gjere frykta for nynorsk noko mindre. For i mine auge er det ikkje noko å frykte.

I tillegg til produksjonen med Henrik, har eg også fått høve til å besøke ein del skular for å bli bokbada av elevane. Det har vore stor stas. Klassene eg har besøkt, har fylgt ein metode utvikla av Vilde Kamfjord, som har ei pedagogisk tilnærming for samtale om litteratur der ein ikkje er avhengig av leseferdigheitsgrada til elevane.

Å få møte elevar som har lese boka, funne fram til spørsmål og verkeleg er ekspertar på boka mi, har vore ei utruleg spanande erfaring. Elevane har peika på sider ved historia eg sjølv kanskje aldri har tenkt på. Eg opplever spørsmåla som ærlege og direkte. Og det å få eit slikt innblikk i kva målgruppa faktisk opplever i møtet med teksta, er også inspirerande med tanke på framtidige skriveprosjekt.