• Blogg
  • Ny film: Skriftspråkstimulering i barnehagen

Ny film: Skriftspråkstimulering i barnehagen

12.10.2023

Leik Ei Bok

Vi har laga ein ny film om korleis ein kan arbeide med skriftspråkstimulering i barnehagen. Filmen er fin å bruke i personalmøte, som inspirasjon eller utgangspunkt for samtale.

For at barn som bur i nynorskområde, skal verte trygge nynorskbrukarar, er det viktig at dei får variert og god skriftspråkstimulering på nynorsk. Dette arbeidet bør vere ein del av barnas kvardag frå dei tek til i barnehagen, og det bør leggjast ekstra vekt på det i arbeidet med overgangen mellom barnehage og skule.

Aktivitetane er leikprega og varierte og stimulerer talespråket i tillegg til at borna blir kjende med kva skrift er og kan brukast til. Slik bidreg barnehagen til å leggje eit trygt og godt grunnlag for den fyrste lese- og skriveopplæringa i skulen.

På denne sida finn du gode ressursar og faglege innlegg knytte til arbeid med nynorsk i overgangen mellom barnehage og skule.