• Blogg
  • Ny på Nynorsksenteret

Ny på Nynorsksenteret

14.01.2021

Jorid Saure til nettside

Jorid Saure skal kombinere lærarjobb ved Fjell ungdomsskule med eit vikariat ved Nynorsksenteret.

Jorid Saure arbeider til dagleg som lærar ved Fjell ungdomsskule. No skal ho i tillegg ha ei deltidsstilling ved Nynorsksenteret.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

– Eg gler meg veldig til å bli ein del av eit inspirerande fagmiljø, og eg ser fram til å utforme læringsressursar som kan vere med på å auke motivasjonen for nynorsk. Det er ekstra spennande no når dei nye læreplanane er tekne i bruk, seier Jorid Saure.

Ho kjem opphavleg frå Volda, men flytta til Bergen etter vidaregåande og har budd der i over 20 år. Jorid Saure har teke utdanning ved Universitet i Bergen og har fordjuping i norsk.

Nynorsk i randsone

Dei siste 13 åra har Jorid jobba ved Fjell ungdomsskule som ligg i Øygarden kommune. No er ho er kontaktlærar for ei klasse på 8. trinn. Ho underviser i norsk, samfunnsfag og KRLE. I klassen har ho både elevar som har nynorsk som sidemål og elevar som har nynorsk som hovudmål.

– Eg underviser i ei randsone for nynorsken. Nynorskelevane i randsonene har andre utfordringar enn nynorskelevar i kjerneområda for nynorsken. Det gir veldig gode erfaringar som eg meiner kan vere viktige for jobben eg skal gjere for Nynorsksenteret, seier Jorid.

I dei aller fleste klassene ved Fjell ungdomsskule utgjer nynorskelevane eit mindretal av elevane.

– Det gir oss nokre utfordringar, men også moglegheiter som vi lærarane må vere merksame på, fortel ho.

Språkleg identitet

Utfordringa for nynorskeleven er å vere i ein mindretalsposisjon.

– Det krev meir av deg å kunne stå for det enn å vere ein del av majoriteten. Spesielt i ungdomstida er det å skilje seg ut utfordrande i seg sjølv. Det er ofte på ungdomsskulen at ein blir meir obs på kven ein er eller kven ein vil vere. Det å vere berar av det andre språket kan opplevast som ei utfordring fordi du kan oppleve at det er knytt visse verdiar til det språket som du ikkje har lyst til å fronte. I verste fall kan det føre til det som vi kallar «ein negativ nynorsk identitet». Det er det vi ønskjer å forhindre, forklarer Jorid.

Ho meiner det finst fleire grep som ein kan gjere for å forhindre dette. Skulen og lærarane har ei sentral rolle.

– Vi kan arbeide for å gjere nynorsk til eit språk som er synleg, gjere nynorsk til eit bruksspråk og gjere nynorsk til eit språk som alle skal lese og skrive, seier Jorid.

Dette kan både vere med på å styrke den språklege identiteten til dei elevane som har nynorsk som hovudmål, men det er også viktig for dei elevane som har nynorsk som sidemål.

– Dersom våre elevar som har nynorsk som sidemål, skal bli gode i begge målformer, så må vi nødvendigvis starte tidleg. Elevane må møte nynorsk så ofte som råd i dei bokmålsdominerte områda, meiner Jorid.

Stolt av eige språk

Tidlegare Fjell kommune, som no er ein del av storkommunen Øygarden, har hatt eit språkstyrkingsprosjekt. Kommunen fekk midlar til prosjektet hausten 2015, og dei har samarbeidd med Universitet i Bergen. Fjell kommune ønskte å få forskingsbasert kunnskap om dei store språkendringane som dei såg skjedde i skulen. På starten av 1990-talet hadde majoriteten av elevane nynorsk som hovudmål. Etter det har stadig fleire av elevane bytt målform frå nynorsk til bokmål. Hovudårsaka til språkbytet er nærleiken til Bergen og den bokmålspåverknaden det gir. I tillegg har det vore stor tilflytting frå Bergen til det som no heiter Øygarden kommune. Prosjektet «Stolt av eige språk» hadde både ei forskingsside og ei tiltaksside. Dei hadde eit ønske om å synleggjere nynorsken i ungdomsskulane.

Elevane møter for lite nynorsk

Jorid Saure hadde ei deltidsstilling i språkstyrkingsprosjektet på tiltakssida. Nokre av tiltaka var lesekampanjar og skrivekonkurransar, det vart også utvikla ressursar knytte til det nynorske språket.

– Målet var å auke engasjementet og motivasjonen for å lære nynorsk, i tillegg til å få elevane til å halde på språket sitt. Vi har vore opptekne av å synleggjere nynorsk og aktualisere det som språk, seier ho.

Kreftene som fører til språkskifte, er sterke.

– Difor er det viktig å arbeide målretta med språkstyrking heilt frå barnehagen og gjennom heile utdanningsløpet. Ein må med andre ord starte tidlegare enn på ungdomsskulen, seier Jorid.

Gjennom initiativet frå Fjell kommune vart det sett i gang forsking ved Universitet i Bergen. Professor Endre Brunstad har laga ein studie som tek føre seg språkhaldningane og språkhandlingane til ungdomsskuleelevane i Fjell kommune.

– Forskingsresultata gir oss eit viktig innblikk i korleis situasjonen i ungdomsskulen er. Det som vi kan slå fast, er at alle elevane våre møter for lite nynorsk, seier Jorid.

Nynorsk i Fagfornyinga

Jorid Saure brenn for at språkundervisning skal opplevast meiningsfylt og motiverande for elevane.

– I læraryrket kan ein vere både kreativ og utforskande, ikkje minst gir Fagfornyinga oss lærarar ein unik sjanse til å få fremme nynorsk på større flater enn før. I dag skal vi sjå faga i større samanheng enn før, vi skal jobbe tverrfagleg, og elevane skal få erfare korleis det er å vere gode i språk. Det tverrfaglege fokuset i læreplanverket kan vere med på å styrke nynorsken viss vi er litt lure, legg Jorid til.

Språklege ressursar

Jorid Saure har skrive ei spennande masteroppgåve.

– Eg tok utgangspunkt i det språklege mangfaldet i klassa mi. Eg ønskte å sjå på korleis ein kunne bruke nynorskelevane som språklege ressursar i eit tverrfagleg samarbeid, og om det kunne vere med på å fremje ein positiv språkleg identitet for nynorskelevane, seier Jorid.

Utgangspunktet var eit tverrfagleg samarbeid mellom samfunnsfag, naturfag og norsk som gjekk over fire veker. Elevane skulle lage forskingsplakatar på nynorsk.

– Gjennom dette prosjektet fekk vi bruke nynorsk som hovudspråk over ein lengre periode. Elevane fekk sjå språk i bruk. Dei fekk arbeide med kjeldetekstar, modelltekstar, språklege trekk og grammatiske trekk, fortel Jorid.

Erfaringane var at elevane syntest det var både kjekt og meiningsfullt.

– Fleire av nynorskelevane uttrykte at det var stas å vere språkrettleiarar. Dette prosjektet kunne fungere som ein positiv faktor i språkleg identitetsutvikling. Som lærarar må vi forsøke å styrke den språklege identiteten til nynorskelevane. Det finst mange vegar til målet. Det å jobbe med nynorsk som hovudspråk i ei tverrfagleg ramme over lengre tid, trur eg kan vere eit viktig steg på vegen for å nå målet om språktrygge elevar. Då snakkar vi både om elevar som har nynorsk som hovudmål og elevar som har nynorsk som sidemål, seier Jorid.