• Blogg
  • Ressurs: Nye brettebøker

Ressurs: Nye brettebøker

27.01.2019

Bergill Brettebok Rambel

No har det kome nye brettebøker på ressurssidene for barneskulen. «Skatten» og «Rambel og sola» er små fantasy-forteljingar. Båe er skrivne av Asbjørn Rydland og illustrerte av Johanne Eikå Bergill. Frå før av inneheld sidene dessutan ti brettebøker skrivne av Erna Osland og illustrerte av Inger Lise Belsvik. 

Tekstane i brettebøkene er korte forteljingar som eignar seg godt som modellar for elevar som skal skrive enkle forteljande og skildrande tekstar. Brettebøkene er på eitt ark kvar, og dei er sette opp slik at elevane kan brette dei til ei lita bok. Til saman kan elevane då brette seg eit lite minibibliotek.

Gå til sida: Brettebøker