• Blogg
  • Nye forfattarintervju er klare

Nye forfattarintervju er klare

01.04.2020

Foto Forfattar Og Jente Til Nettside

Forfattar A. Audhild Solberg vart intervjua av Ragnhild Tonning (11 år).

Her finn du ti podkastar med forfattarintervju. Nokre av dei er laga av unge og lovande intervjuarar.

Høyr podkastane her

Nora Norum Hellebust, Ragnild Tonning, Sunniva Tonning og Eirin Støfringsdal er elevar i skapande skriving ved Sunnfjord kulturskule. 

Det siste året har dei arbeidd mykje med bokmeldingar. Før jul hadde dei sin eigen adventskalender i Framtida junior der dei kvar dag fekk publisere omtalar av nye bøker for deira aldersgruppe, 10–15 år. 

– På same tid som vi arbeidde med desse bokmeldingane i skrivegruppa, hadde eg ei spalte i avisa Dag og Tid, der eg kvar veke melde to barne- eller ungdomsbøker, fortel kritikar og litteraturformidlar Janne Karin Støylen.

– Å diskutere litteraturen med elevane, som er i målgruppa for tekstane, gav meg ofte heilt andre perspektiv på kvaliteten i bøkene enn eg sjølv greidde å sjå som vaksen lesar, seier Støylen.  

Bakom boka

På dette tidspunktet planla ho nye episodar i podkast-serien «Bakom boka». 

– Eg hadde vore heldig å få støtte frå Norsk kulturråd til produksjonen, og stiftinga Tekstallianse i Bergen ville vere med på laget ved å bidra med studio og produksjonshjelp. Diskusjonane i skrivegruppa overtydde meg om at det ville vere minst like interessant om elevane intervjua forfattarane. Jubelen stod i taket då det blei klart at vi skulle reise til Bergen, bu på hotell, møte fullt av forfattarar og intervjue fire favorittar, fortel Støylen.

Dei la turen til Se og Les-konferansen i februar, der mange av elevane sine forfattar-idol var til stades. Elevane fekk sjølve velje kva for forfattar dei skulle intervjue, og valet fall på Audhild Solberg, Tor Arve Røssland, Hilde Kvalvaag og Kjersti Wøien Haaland. Det siste intervjuet er framleis til redigering, og kjem ut på nettsida til Nynorsksenteret over påske.