• Blogg
  • Nynorsk barnelitteratur og teaterleik med born

Nynorsk barnelitteratur og teaterleik med born

30.11.2021

Illustrasjonsfoto til nettside

Når vi leikar med teater gjennom tekstar med born, legg vi til rette for felles improvisasjon og utforsking. Saman kan vi leike fram ei teaterprega framstilling av teksten. Korleis og kvifor kan vi nytte nynorsk barnelitteratur i teaterleik med born?

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal

Det sentrale ved denne arbeidsmåten er at borna skal oppleve estetisk glede og engasjement ved å vere med på teaterleik gjennom barnelitteratur. Det er ikkje naudsynt at handlinga fører fram til ei framsyning for andre, men omgrepet teaterleik vert her brukt når målet er at den endelege uttrykksforma eignar seg for framsyning. Teaterleik med born er likevel ikkje å arbeide med skodespel. Som leiar tilpassar du vektlegginga av det teaterfaglege ut frå teksten og alderen til borna. Slik kan borna også utvikle ei forståing for kva teater er. Det er likevel barnet sin teaterleik som er utgangspunktet og føremålet. Denne arbeidsmåten legg ikkje vekt på å lære replikkar.

Borna kan vere kvarandre sitt publikum medan teaterleiken skjer, medan dei eldste borna i barnehagen eller dei yngste på skulen kanskje set pris på eit «ordentleg» publikum som ikkje deltek i leiken, men er tilskodarar og har publikumsrolla. Det er mogleg å leike teater fullt ut – stolar vert stilte opp, billettar kan seljast, publikum må klappe og så bortetter.

For at borna skal verte engasjerte, er det viktig at dei vaksne har ei open haldning til korleis teksten vert leika fram. Borna skal bli oppmuntra til å bidra med eigne idear og tankar, og den vaksne må ta borna sine idear på alvor. For at dette skal fungere, bør leikegruppa vere liten. Ein kan då veksle mellom å arbeide med delar av og heile barnegruppa, på same måte som ein regissør i eit teater gjer det. Det er viktig å tenke på å ha nær kontakt med borna slik at du kan ivareta deira idear og innspel, samstundes som du er medspelar og støttespelar for dei borna som ønsker det.

Teksten som skal leikast, må vere kjent for borna. Er teksten ny og ukjent, må ein lage eit opplegg for formidling av teksten. Borna vil då kjenne leikeinnhaldet i teksten og er i prosessen med på å bestemme korleis teksten skal leikast fram. Dette er med på å fremje tryggleik og deltaking. På denne måten får også borna moglegheit til å velje ei meir forsiktig eller lita rolle. Etter at born har vore med på å sjå på dei andre nokre gongar, er det ei erfaring at dei meir forsiktige borna vil prøve seg på dei større og meir ekspressive rollene etter kvart. Det er ei god støtte for framføringa at den vaksne har forteljarrolla og brukar ho variert og ved behov som støtte for leiken til borna.

Teaterleik kan brukast i mange samanhengar. Til dømes kan ein leike gjennom litteratur, eventyr, forteljingar og liknande på ein slik måte at ein endar opp med noko som kan visast til andre. Rollefunksjonen er sentral, både for leiaren og borna. Likevel kan barn under rolleleikalderen ha stor glede og nytte av å delta i teaterleiken heile tida. Dette kan vere med på å utvikle barnet sine uttrykksevner og stimulere evna til å gå inn i roller. Borna lærer også noko om det å gi form til kjensler, idear og tankar med utgangspunkt i ein tekst eller eit emne. Dette vil igjen verke stimulerande på deira eigen teaterleik.

Gjennomføring

  1. Boka vert lesen
  2. Vi snakkar saman og fortel boka/forteljinga om att
  3. Forslag til gjennomgang:
    Alle leikar hovudkarakteren. Legg vekt på utforsking av rørsle og stemmebruk. Ein vaksen er leiar og oppmuntrar borna (i rolle) til å snakke som karakteren og seie nokon replikkar, anten på kvar sin måte eller i kor, slik ein har vorte einige om
  4. Vidareføring: Del borna inn i til dømes to grupper med éin vaksen i kvar gruppe. Del inn karakterane i roller.
    Teaterleik a) starten b) hovuddelen c) avslutninga i boka eller forteljinga.

    Moglegheitene for teaterleik er mange, både når det kjem til kor mange barn som skal vere i rolle, og korleis borna vil leike dei ulike situasjonane.
Leik Ei Bok
Boka Kvar er mamma mi av Chris Haughton eignar seg godt til teaterleik for dei yngste borna. (Foto: Ingvild Myklebust Hovden)

Teaterleik gjennom eventyr og forteljingar

Dei fleste eventyr eignar seg godt til teaterleik. Dei har gjerne ei dramatisk oppbygging og eit morosamt eller spennande og konkret handlingsinnhald som kan spelast ut. Anten har eventyret ein moral, noko vi kan undre oss over, eller helten og det gode sigrar til slutt. Det fine med eventyr er at ein kan opne opp teksten og leike alt som kan ha skjedd, innanfor rammene til eventyret og teaterfaget.

Her kan du finne eventyr med nynorsk tekst som kan høve til teaterleik. No er desse tilgjengelege for gratis strøyming:

Barnas store eventyrbok (nynorsk omsetjing av Maria Parr).

Gullfalken (Erna Osland).

Nynorske bøker som høver godt til teaterleik

Nynorske bøker som høver godt til teaterleik i barnehagen og i 1.–4. trinnet:

For dei yngste:

  • Unni og Gunni (Anna R. Folkestad)
  • Mopp og Mikko (Kari Stai)
  • Jakob og Neikob (Kari Stai)
  • Kvar er mamma mi (Chris Haughton)
  • Bø og bæ (Lena og Olof Landström)

For dei eldre:

  • Barnas store eventyrbok (til nynorsk av Maria Parr)
  • Mons Marius er ei løve (Bente Bratlund)
  • Den store boka om frosken og vennene (Max Velthuijs)
  • Veslemonster og Storemonster-serien (Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Àslaug Jònsdòttir)
  • Prinsesser og drakar (Christina Björk og Eva Eriksson)
  • Monsterboka
  • Trøysteboka
  • Eventyrboka
  • Godnattboka
  • Fantasiboka

På Nynorskbok.no finn du ei ei bokliste for barn i alderen 3–6 år.

På Nynorskbok.no finn du ei bokliste for barn i alderen 6–9 år.

Ekstra foto til teaterleik
Leik ei bok ikon
Bruk av konkretar som til dømes eit dyr eller ein hatt, fungerer godt i barnehagen. (Foto: Ingvild Myklebust Hovden)

Tilleggsressursar:

Her er eit opplegg frå Kulturbarn Sunnfjord, der barnehagane arbeidde med dialogisk lesing av Frosken er redd.

Leik ei bok med dei yngste barna.

Språklæring gjennom song.

Kjelde:

Sæbø, Aud Berggraf (2020): Drama i barnehagen. Universitetsforlaget, Oslo.