• Blogg
  • Nynorsk-dronninga av Sommarles

Nynorsk-dronninga av Sommarles

24.03.2025

Anna R Folkestad kvadratisk format komprimert til nettside

Anna R. Folkestad tronar øvst på den nynorske Sommarles-pallen. Etter 17 populære bøker, trur ho likevel at kvar bok vert hennar siste. 

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Sidan 2011 har Anna R. Folkestad skrive og teikna ei rekke bøker for barn i barnehagen og på småtrinnet – og bøkene slår svært godt an. Ho byr på mange gode historier og tydelege karakterar, her er ein del alvor og veldig mykje humor. 

– Det er så utruleg viktig å lære seg å lese, og då må det vere gøy, seier Anna R. Folkestad i podkasten Bakom boka frå Nynorsksenteret. 

Sommarles er lesekampanjen til biblioteka. Statistikken frå sommaren 2024 viser dette: Om ein lagar ei liste over dei 100 hyppigast registrerte bøkene på nynorsk, får ein opp Anna R. Folkestad 15 gonger, mellom anna på 2. og 3. plass. Samla sett var Folkestad den mest lesne nynorskforfattaren i 2024, med Maria Parr og Kari Stai på 2. og 3. plass.

Biletbøker og lesestart-bøker

Anna R. Folkestad debuterte som forfattar i 2011 med biletboka Henrik And. Henrik er ei and som ønsker at han var eit anna dyr. Han drøymer seg vekk, og Folkestad hjelper fantasien vår med bilete av fine hybrid-dyr, til dømes mellom and og sjiraff. 

Allereie året etter presenterte Folkestad oss for to som verkeleg står seg i norsk barnelitteratur, nemleg pingvinane Unni og Gunni. Alle tre bøkene følgjer same formel: Unni og Gunni har det fint saman. Unni foreslår likevel ei endring. Gunni er hjarteleg einig. Dei tek grep. Dei får det til, og har det framleis fint. 

I Unni og Gunni reiser (2012) fer dei på ferie på det flygande teppet sitt. Her lærer me preposisjonar, for dei flyg både opp og ned, høgt og lågt, gjennom, over og under. 

I Unni og Gunni malar (2012) vil dei ha farge på igloen sin. Dei blandar fargar og lærer oss at raud og gul vert oransje, gul og blå vert grøn, blå og raud vert lilla. 

I Unni og Gunni gjer det fint (2013) innreier dei den heilt tomme igloen. Her lærer me kontrastar, for dei bruker både høge og låge ting, tunge og lette ting, korte og lange ting. 

Kollasj med Unni og Gunni komprimert til nettside

Fleire i Leseland

Folkestad har skrive og teikna mange bøker i Leseland, som er Samlaget sin serie for ferske lesarar. Besta og Bo er hovudpersonane i seks av dei: 

Tanntrøbbel (2015), Krabbekrise (2016), Plommeproblem (2017), Byggebøll (2021), Bålbaluba (2022) og Pyntepanikk (2022). Besta og Bo gjer kjekke ting, som å bygge pepperkakehus, fiske krabbar og kle seg ut. Her er det besta som ber mykje av handlinga, for ho er både tøysete og rampete. Når ho endeleg får ut den vonde tanna, vil ho på tivoli for å kjøpe sukkerspinn. 

Kollasj med Besta og Bo komprimert til nettside

 I 2018 skreiv Folkestad ei enkeltståande bok i Leseland-serien, med tittelen Stupe-Stig. Me møter Knut som vil fly med drake, og onkel Stig som er ikkje så god på drakeflyging. Onkel Stig vil aller helst vere med i ein stupekonkurranse for å vinne ein flott pokal. Også her er hovudpersonen eit fornuftig barn som må handtere ein ganske tullete vaksen. 

Folkestad har også laga tre faktabøker i Leseland-serien: Visste du at ...? Godteri, Visste du at ...? Sushi, Visste du at ...? Taco (alle 2020). Her lærer me kuriøse og artige fakta, som at tacoskjel er heilt ukjent i Mexico, og at verdas største tyggisboble var 50,8 cm. Og faktabøkene slår an. Alle tre er på topp 12 på den nynorske Sommarles-statistikken frå 2024. 

Både dyr og menneske

Anna R. Folkestad liker veldig godt å lage bøker om dyr. 

– Dyr er gøyare, for det finst så mange former og fasongar. Og så trur eg det er lettare for barn å seie at sjiraffen Sjur eller sauen Ronny ikkje var så grei. Avstanden frå oss menneske gjer at ein kan vere tydelegare på kva som ikkje er greitt å seie og gjere, seier Folkestad i Bakom boka. 

Fiskebolleboksraketten komprimert til nettside

Men ho teiknar også menneske. Alle bøkene i Leseland har menneske i hovudrollene, og slik er det også i hennar første roman, Fiskebolleboksraketten (2021). Planen var ikkje eigentleg å skrive ein roman, det var berre det at boka vaks seg fullstendig ut av rammene for ei biletbok. I Fiskebolleboksraketten møter me Nils og faren, som held på å byggje ein rakett av fiskebolleboksar. Ragnhild Franzen eig fiskebolleboks-fabrikken, og ho jobbar hardt for at dei skal skal sende ein person rundt månen i fiskebolleboksraketten. Det vil gje mykje merksemd til fabrikken. Nils er ikkje spesielt ivrig på at faren skal gjennomføre denne halsbrekkande planen. 

Stripe
Ulla komprimert til nettside

Sauen Ulla presenterte Folkestad oss for i ei biletbok i 2019. Ho er ein glad og tillitsfull sau, som vert stengd ute av flokken. Ho er berre snill og god, mens Albert, Ullbert og Ronny er nokre kjipingar. Dermed må Ulla samle sin eigen flokk. Det gjer ho dyr for dyr, side for side: ein bever, ein røyskatt, ein elg og ein kanin. 

Stripe
Litt for snill komprimert til nettside

Det går ei ganske tydeleg linje frå sauen Ulla til dovendyret Dagfinn, som me møter i Litt for snill frå 2025. Til liks med Ulla er Dagfinn naiv og tillitsfull på grensa til det sjølvutslettande. Han vil vere med i konkurransen om å få opptre på sirkuset, men sjiraffen Sjur, grisen Gerd og koalaen Britt gjer alt dei kan for å hindre han. Først prøver dei å psyke han ut, og då dei ser kor god han er til å sjonglere, lurer dei frå han sjongleringsballane. Og så seier dei nei når han vil låne dei tilbake. 

Litt for snill er bok nummer 17 frå Anna R. Folkestad. Likevel tok det fleire år og mange omskrivingar å kome i mål. 

– Eg fekk det ikkje til. Eg prøvde mange gonger, men det var så vanskeleg å få historia til å sitje. Eg skreiv sikkert om heile boka åtte gonger. Kvar gong eg gjev ut ei bok, tenkjer eg at det er den siste. Men så dukkar det opp nye karakterar som eg så gjerne vil sleppe ut i verda, og då klarer eg ikkje å gje meg før boka er ferdig likevel, seier Anna R. Folkestad, nynorsk-dronninga av Sommarles.