• Blogg
  • Ytring: Nynorsk i lærarutdanninga

Ytring: Nynorsk i lærarutdanninga

02.03.2020

Lararutdanning

Eli Anne Eiesland er førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho er oppteken av å styrka nynorskkompetansen til alle lærarstudentar. 

Tekst: Eli Anne Eiesland
Illustrasjonsfoto: Marius Beck Dahle

Nyleg skreiv eg eit innlegg i Khrono om nynorsk i lærarutdanninga. I innlegget peiker eg på at ikkje alle studentar i lærarutdanninga får opplæring i eller blir vurderte i kor godt dei meistrar å skriva på både bokmål og nynorsk. Dette er mest akutt for dei studentane som ikkje har norsk som eitt av faga sine – dei risikerer å gå ut etter fem års studium utan å oppfylla krava som utdanninga stiller til kompetanse i begge målformer. Det er sjølvsagt ille når ein tenker på at dei som ferdig utdanna lærarar skal kunna undervisa i alle kommunane i landet, også nynorskkommunar. I denne teksten vil eg drøfta kva grunnskulelærarutdanninga skal og bør gje studentane sine, kva slags utfordringar me møter, og seia litt om kva som kan gjerast for å styrka nynorskkompetansen til alle lærarstudentar.  

Lovverket

Lovverket som styrer grunnskulelærarutdanninga, seier tydeleg at alle studentar skal kunna skriva både nynorsk og bokmål når dei er ferdige med utdanninga si. Og ikkje berre det – dei skal kunna «bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng». Det er noko anna, og noko meir, enn berre å kunna skriva 

Kva vil det seia å bruka språket på ein «kvalifisert måte i profesjonssamanheng» når du er lærar? Det er ein svært samansett og mangfaldig kompetanse. Ein lærar som brukar språket på ein kvalifisert måte, kan bruka elevane sitt hovudmål som skriftleg undervisningsspråk (på tavla, i tilbakemeldingar til elevane, på vekeplanar og så vidare). I tillegg kan hen bruka språket i andre profesjonssamanhengar – når hen skriv årsplanar, møtereferat, innkalling til foreldremøte, eller melding heim når vesle Lise har kasta snøball i friminuttet. 

Ein språkleg kvalifisert lærar

Vidare må ein språkleg kvalifisert lærar kunna undervisa elevane sine i både hovudmål og sidemål.  Då held det ikkje å skriva rett på begge målformer. Ein treng kunnskap om rettskrivingsutvikling hos elevar, og kunnskap om kva som er vanskeleg i rettskrivinga i norsk. Ein treng kompetanse i lese- og skrivedidaktikk generelt, og i sidemålsdidaktikk. Ein må kunna bruka metodar i sidemålsopplæringa som gjer at elevane har best moglege føresetnadar for å bli gode i sidemålet sitt. Dette er ikkje noko læraren på barnetrinnet kan velja bort og overlata til ungdomsskulen. Læreplanen seier at elevane på 1. og 2. trinn skal lytta til og samtala om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. Når elevane kjem til 4. trinn, skal dei ha utforska skilnader og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål. 

Det gjeld alle lærarstudentane

Akkurat sidemålsopplæring er som oftast plassert i norskfaget, men det tyder ikkje at det berre er norsklærarar som treng å ha kompetanse i begge målformer. Skrive- og leseopplæring skal skje i alle fag, fordi lesing og skriving i læreplanverket er grunnleggjande ferdigheiter.

Me som jobbar i lærarutdanning, er altså forplikta til å sørga for at alle studentane me sender ut i skulen, er kompetente språkbrukarar i begge målformer. Det gjeld alle studentar, både dei som har norsk som fag og dei som ikkje har det. Språkleg kompetanse er ikkje berre norskfaget sitt ansvar i lærarutdanninga, på same måte som lesing og skriving ikkje berre er norskfaget sitt ansvar i skulen. 

Eli Anne Eiesland
Eli Anne Eiesland er førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg. (Foto: Privat)

Ulik praksis

Ei utfordring med dette er, som eg peikte på i innlegget mitt i Khrono, at det er svært ulik praksis ved dei ulike lærarutdanningsinstitusjonane når det gjeld korleis opplæring og vurderinga av språkkompetanse blir organisert. Mange stader er ein vand med at det er norskfaget som tek ansvar for opplæring i og vurderinga av formell språkkompetanse. Studentane utan norsk som fag har difor kanskje blitt oversette når det kjem til språkkompetansen deira. 

Lærarutdanninga er ei svært kompleks utdanning som er styrt av komplekse reglar for innhald og gjennomføring. I tillegg er det ei utdanning der det ofte skjer endringar. Det skjer endringar både på nasjonalt nivå, men og lokale endringar til dømes i samband med fusjonar mellom ulike institusjonar. Dette såg eg døme på då eg undersøkte korleis ulike universitet/høgskular sikrar språkleg kompetanse hos studentane: To ulike stader hadde det skjedd at ordningar dei tidlegare hadde hatt på plass, var blitt «slukte» av fusjonar mellom to institusjonar. 

Mindre nynorsk i bagasjen

Ei anna utfordring me møter som lærarutdannarar, er at studentane kjem til oss med mindre nynorsk i bagasjen enn me skulle ønskt at dei hadde. Dette er ikkje verken nytt eller uventa. Sjølv om me snakkar om «begge målformer» i mange samanhengar, så er det ikkje det same å ha nynorsk som hovudmål og å ha nynorsk som sidemål. Elevar på ungdomstrinnet gjer det betre i bokmål enn i nynorsk, uansett kva for målform dei har som hovudmål. I nynorskkommunar har elevane lågare karakter i hovudmål enn i sidemål. I bokmålskommunar er det omvendt. 

Øystein Vangsnes, som har undersøkt dette, forklarer det med den massive bokmålsdominansen i Noreg. Det er mykje lettare for elevar med nynorsk som hovudmål å læra sidemålet sitt, enn det er for elevar med bokmål som hovudmål, rett og slett fordi dei ser og les det mykje meir. 

Kan bli ein vond sirkel

Når mine studentar kjem til meg på lærarutdanninga, ser eg det same – dei er betre i bokmål enn i nynorsk. Eg har som regel ein eller to studentar kvart år som har (eller har hatt) nynorsk som hovudmål, og dei skriv godt på bokmål. Studentane med bokmål som hovudmål er mykje meir usikre når dei skriv sidemålet sitt. Ofte har dei systematiske feil i formverket, det vil seia at dei ikkje kan reglane for til dømes substantiv- og verbbøying.

Eg vil understreka at dette ikkje har med evnene til studentane å gjera, og at eg ikkje er ute etter å henga dei ut. Eg vil og påpeika at studentane mine ikkje er negative til nynorsk, tvert imot er dei lærevillige og interesserte. Usikkerheita og feila når dei skriv nynorsk, er symptomet på ei systematisk skeivheit, som fort kan bli ein vond sirkel. Viss studentane på lærarutdanninga ikkje klarer å bli trygge nynorskbrukarar, så vil dei ikkje kunna bli gode språklege rollemodellar for nynorskelevar, og dei vil heller ikkje bli trygge nok til å gje bokmålselevane sine god sidemålsopplæring. Då vil neste generasjon lærarstudentar bli endå verre stilt. 

Faguavhengig profesjonskurs

Ønskesituasjonen hadde sjølvsagt vore at studentane kom til oss med den kompetansen i begge målformer som me vil at dei skal ha, sånn at me kunne bruka all tida på det didaktiske og på det profesjonsrelaterte. Når det ikkje er tilfelle, må lærarutdanninga sørga for at studentane får god øving i å skriva nynorsk, og at dei blir kvalifiserte til å bruka begge målformer i yrket sitt.

Som sagt over er det ofte norskfaget som tek ansvar for nynorsken, sjølv om kvalifisert bruk av språket er ei ferdigheit som skal vera del av det fagovergripande i lærarutdanninga. Ved nokre lærarutdanningsinstitusjonar har dei laga opplegg der studentane får opplæring i skriving på nynorsk utanfor norskfaget. Mellom anna Høgskulen i Volda og Universitetet i Agder har slike obligatoriske kurs som ein del av lærarutdanninga. På kursa får studentane både trening i skriving, i å bruka begge målformer som undervisningsspråk, og dei får kunnskap om ulike sjangrar i skulekvardagen.

Fordelane med eit slikt opplegg trur eg er mange, utan at eg har direkte erfaring med det (men eg prøver å få innført eit liknande kurs ved USN). For det første viser det studentane at det å kommunisera skriftleg er noko faguavhengig, og noko dei må kunna uansett kva fag dei har valt å spesialisera seg i. For det andre koplar det dei språklege ferdigheitene til noko konkret som dei ser nytten av – å kommunisera med elevar, kollegaer og foreldre. For det tredje vil det styrka det me held på med i norskfaget. Me kjem sjølvsagt alltid til å skriva mykje i norskfaget på lærarutdanninga, både på bokmål og nynorsk. Men viss ein får løfta opp temaet til eit faguavhengig profesjonskurs, kan ein bruke kunnskapane frå dette kurset i norskfaget, og gå vidare med dei der, til dømes når ein jobbar med sidemålsdidaktikk, med nynorsk litteratur eller med grammatikkopplæring.